Kan bli historisk høg valdeltaking blant unge
40 prosent av amerikanarane under 30 år seier at dei definitivt skal stemma i mellomvalet 6. november, viser ei ny meiningsmåling.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Medan rett over halvparten (54 prosent) av unge demokratar seier dei sannsynlegvis vil stemma, seier mindre enn halvparten (43 prosent) av unge republikanarar det same.
Det kjem fram i ei meiningsmåling frå institutt for politikk ved Harvard Kennedy School, omtalt i Time.
Les også: – Representanthuset under demokratisk fleirtal kan stille Trump for riksrett
Historisk låg valdeltaking
Unge veljarar er mindre lojale veljarar og stemmer i mindre grad enn resten av befolkninga.
Ved mellomvalet i 2014 stemte berre 37 prosent av amerikanarane, noko som er historisk lågt. Valoppslutninga i alderen 18-29 var på 19,9 prosent, noko som var det lågaste talet på 40 år.
Sidan 1986 har valdeltakinga blant unge i mellomvalet har aldri vore høgare enn 21 prosent, i 1986 og 1994.
Les også: Generasjon har blitt viktigare enn klasse i britisk politikk
Obama mobiliserer
I år har det vore massiv mobilisering på begge sider for å auke valdeltakinga. Blant desse er tidlegare førstedame Michelle Obama, som oppmodar unge veljarar til å ta makta tilbake.
– Når ein stor del av folkesetnaden ikkje deltar, kvifor er me overraska når politikken vår ikkje speglar verdiane våre? spurde Obama under eit arrangement ved Universitetet i Miami i september.
Ifølgje undersøkinga håpar 66 prosent av unge amerikanarar på ei overvekt av demokratar i kongressen.
Veep-skodespelar Julia Louis-Dreyfus er blant kjendisane som mobiliserer for demokratane:
Rekordmange nye veljarar
Mykje tyder på at mobiliseringa verkar. Under den årlege National Voters Registration Day vart over 800.000 nye veljarar registrerte, noko som er det høgaste sidan oppstarten i 2012.
– Meir enn nokon gong har unge veljarar vist at dei er klare til å reisa seg og bli høyrt. Våre kandidatar og dei politiske partia kan tene enormt mykje på å følgje med på det som er den største gruppa potensielle veljarar i Amerika, seier direktør ved Institutt for politikk Mark Gearan i ei pressemelding i samband med spørjeundersøkinga.
Les også: Låg valdeltaking sikra Trump sigeren
Yngre meir pessimistiske
Då Donald Trump vann presidentvalet i 2016 var valoppslutninga blant dei under 30 år på 46,1 prosent.
Ifølgje undersøkinga frå Harvard Kennedy School støttar 1 av 4 unge president Donald Trump. Like mange støttar hans omdiskuterte nominasjon av Brett Kavanaugh som høgsterettsdommar.
Likevel svarar berre 11 prosent at dei heilt sikkert vil stemma på Trump i 2020, medan 59 prosent svarar at dei aldri ville stemt på Trump.
Beste skussmål får presidenten av si handsaming av økonomien. Her får han like god tilbakemelding som Obama gjorde i 2014.
Fleire unge amerikanarar enn resten av befolkninga seier dei føler meir frykt enn håp for framtida. Tre av fem seier dei fryktar for framtida meir om republikanarane held kontrollen over Representanthuset etter mellomvalet.
Mellomval i USA
- 6. november er det val på alle dei 435 seta i Representanthuset og 35 av seta i Senatet.
- I tillegg er det val på 39 guvernørar.
- I desse mellomvala er det til vanleg berre kring 40 prosent som nyttar stemmeretten sin.