Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var under eit arrangement ved Universitetet i Miami for å få fleire unge til å registrera seg for å stemme at Michelle Obama kom med oppmodinga om å ta makta tilbake.

– Dette valet er dykkar sjanse til å halda leiarane dykkar ansvarlege. Det er slik de kan gjera stemma dykkar høyrde om alt frå skule til tryggleiken i lokalsamfunnet dykkar. Så det er mykje på spel no i november, og i alle val, sa Michelle Obama.

LES OGSÅ: Årets kamp: Kvinner vs. Trump

Låg valdeltaking

Mellomvalet i 2014 hadde den lågaste valdeltakinga sidan andre verdskrig, med mindre enn 37 prosent oppslutning.

– Når ein stor del av folkesetnaden ikkje deltar, kvifor er me overraska når politikken vår ikkje speglar att verdiane våre? spurde Obama folkemengda på nesten 5000.

Unge stemmer annleis

I presidentvalet i 2016 fekk Trump støtte frå berre 35 prosent av veljarane under 25 år. Hillary Clinton fekk 56 prosent av stemmene frå dei yngste veljarane.

Også i Storbritannia er det stor forskjell på kva unge og eldre stemmer. Det var fleirtal blant dei unge veljarane å halda fram i EU, og det britiske parlamentsvalet i fjor blei kalla eit «youthquake».

LES OGSÅ: – Demokratane vinn mellomvalet

Fakta: Mellomval i USA

  • 6. november er det val på alle dei 435 seta i Representanthuset og 35 av seta i Senatet. I tillegg er det val på 39 guvernørar.
  • I desse mellomvala er det til vanleg berre kring 40 prosent som nyttar stemmeretten sin.