Demokrat Jeff Lugowe gjev republikanarane skulda for eit meir splitta USA.

mm

– Om det går feil veg på tysdag så gruar eg meg til å gå på jobb. Eg gruar meg til å svara på folk sine spørsmål og til å vera den USA-representanten, seier Jeff Lugowe.

I tillegg til å vera styremedlem i Democrats Abroad Norway er den utflytta amerikanaren koordinator for alumniprosjektet på Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA).

33-åringen kjem frå austkysten, New Jersey nær Philadelphia som ligg i Pennsylvania. Begge statane reknast i dag som solide demokratiske statar, sjølv om Ronald Reagan vann New Jersey i 1980.

Norsk blikk
 «Korleis er det mogleg» er eitt av spørsmåla Lugowe ofte får i samband med årets presidentval.

– Folk er forskrekka og sjokkerte. Korleis kunne eitt av dei store partia i eitt land der de nøyer dykk med to parti velje ein utan noko politisk erfaring, som snakkar nedverdigande om alle grupper som ikkje er kvite menn? Korleis kan det gå så langt?

Lugowe ser Trump sin suksess i samanheng med bølgja av høgrepopulisme i Europa og ei stor gruppe fortvilte amerikanarar som føler seg truga av folk som ikkje liknar dei av utsjånad.

Sjølv reagerer han spesielt sterkt på at Trump har sådd tvil om han vil godkjenna valresultatet og at han har truga med å fengsla motkandidaten.

– Demokratiet vårt kan me ikkje ta for gitt, difor er det viktig å stemma, seier Lugowe.

Etter nokre år i Noreg har han konkludert med at USA på mange måtar kunne vore tent med eit system med fleire store parti.

– Men vårt system med primærval og eit større folkeleg engasjement rundt valet av partiets kandidat skal sikra ein prosess innad i partiet, som veger opp for at det eigentleg berre er to val – sjølv om det er fleire politiske parti, seier Lugowe, som òg meiner at valprosessen er litt vel lang.

Hans spådom for 8. november er at demokratane vinn både presidentvalet og senatet, med liten margin.

LES OGSÅ: Kunne pressa stoppa Trump?

Mediemangfaldet
Dette er det tredje persidentvalet Lugowe følgjer frå Noreg. Og han merkar heilt klart ei anna stemning før dette valet, enn då Barack Obama vann over John McCain i 2008.

– Norske medier og nordmenn er litt betatt av USA. Det er både ein fasinasjon, eit slektskap og ei kjensle av at «de er verkeleg ute og køyre», som eg i 2016 kan skjøna, seier Lugowe og legg til:

– I 2016 er det eit faktum at Donald Trump dominerer nyheitsbiletet – både i Noreg og i USA. Det er utruleg lite fokus på politikken Hillary og demokratane har lyst til å føra. Det har vore veldig tabloid dekning i begge land.

Å jamna ut inntektsforskjellar, korleis utvida helsereforma, studiegjeld og klimaendringar er tema han etterlyser i dekninga av den amerikanske valkampen.

– Problemet med amerikanske medier er at dei prøver å vera balansert og alt blir utvatna. Dei kallar ikkje ein spade for ein spade. Donald Trump lyg og dei seier ikkje det fordi dei er redd for å bli kalla demokratisk. Det tykkjer eg er heilt krise, seier Lugowe.

Politisk reise
Sjølv om 33-åringen i dag er styremedlem i Democrats Abroad Norway var det ikkje sjølvsagt at han skulle enda som demokrat. Foreldra stemte Reagan i si tid, men i dag har dei bevegd seg mot venstre. Lugowe forklarar det med at dei ikkje kjenner seg att i det moderne republikanske partiet og samanblandinga mellom religion og politikk. 

– Eg hugsar under Clinton sin andre periode, då det var veldig mykje fokus på skandalane og at han hadde eit utanomekteskapleg forhold til Monika Lewinsky. Då høyrde eg heime at det ikkje var noko innhald i det, og at det ikkje hadde noko å seia for kva president han var, seier Lugowe, som då gjekk på det som tilsvarar norsk ungdomsskule.

Seinare vart han påverka av konservative ungdommar på ein sommarskule, men då han som 17-åring kom ut av skapet som homofil kom han fram til at det ikkje var foreineleg med å vera republikanar.

I dag definerer Lugowe seg som mellom sentrums- og venstrefløya i det demokratiske partiet, men vil ikkje avsløra kven av dei demokratiske presidentkandidatane han stemte på.

– Eg synest det var vanskeleg i år, fordi det var to gode kandidatar med ulike tilnærmingar til politikk, seier han.

Manglar møteplassar
– Kvar du kjem frå, kva miljø du søkte deg til etter at du flytta heimanfrå – viss du flytta heimefrå – har mykje å seie for di politiske overtyding. Me lever på mange måtar i bobler i USA, seier Lugowe.

Han viser til forsking som peikar på at dei som flyttar heimanfrå i 17-18-årsalderen har større sjanse for at du vert demokrat.

– Eg skal ikkje seie kvifor. Jo. Om du er nyfiken så er du meir tilbøyeleg for demokratiske argument. Det overraskar meg ikkje. Om du ser på dei som vart igjen i byen eg vaks opp i – som er blendakvitt med 15 000 innbyggjarar – så er det ein del Trump-tilhengjarar.

Lugowe har ikkje nokon han veit at er republikanarar i sin nære omgangskrets og forklarar at USA er blitt veldig polarisert, der folk gjerne bur i ulike delar av byane og forstadene rundt. Når ein vel studiestad er det òg vanleg å ta den politiske samansettinga inn i vurderinga. Sjølv valde han Brown University, som er kjent for å vera liberalt i amerikansk samanheng.

– Men om lag halve slekta mi stemmer republikansk, nokre av dei i vippestatar. Men det er ikkje noko me kan snakka om, seier Lugowe.

Han trur ikkje det er sunt for demokratiet at dei to gruppene ikkje møtest, og gjev republikanarane største delen av skulda for at det politiske samarbeidsklimaet i USA er så dårleg.

– Det er ein hatsk retorikk å gjera fiendar ut av dine politiske motstandarar, som eg meiner dei har største del av skulda for. Ein treng ikkje sjå lenger enn til Trump for å bli kjent med den retorikken, seier Lugowe. 

LES OGSÅ: Republikanske Austin har ikkje bestemt seg for kven han skal stemma på.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

Kommentarar

ANNONSE