Hillary Clinton har ein teori i si siste bok.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Difor vinn kvinnene fram i Noreg, men taper i USA
«Det er noen som kaller seg feminist-regjeringer. Vi er det bare, vi.»
Orda tilhøyrer statsminister Erna Solberg, som sist fredag presenterte Ine Marie Eriksen Søreide som ny utanriksminister. Saman med finansminister Siv Jensen er det no kvinner som har alle dei tre viktigaste postane i regjeringa.
Det er første gong det skjer i Noreg, men mellom andre Sveits har hatt kvinneleg stats-, finans- og utanriksminister før oss, som Solberg sjølv var rask til å påpeika.
Samstundes har eit land som USA aldri hatt ein kvinneleg president. Det reiser spørsmålet: Kvifor er det lettare for kvinner å stiga til topps i politikken i nokon land og vanskelegare i andre?
Emosjonelt arbeid
Hillary Rodham Clinton, som sjølv var nær ved å bli president i USA i fjor, kjem med ei mogleg forklaring i boka What Happened. Der seier ho at kvinner har nådd høgare i land der regjeringsmakta utgår frå eit folkevald parlament – som Noreg og dei fleste andre europeiske land – enn i land med ein sterk, folkevald president, som USA.
– Statsministrar er valde av kollegaene sine – folk dei har jobba med dag inn, dag ut, som har sett talenta og kompetansen deira med eigne auge. Det er eit system som er designa for å løna kvinners evne til å byggja relasjonar, noko som krev emosjonelt arbeid, skriv Clinton i boka.
Nøkkelorda her er emosjonelt arbeid: Eit akademisk uttrykk som Clinton brukar for å skildra «det ubetalte, ofte usette arbeidet som folk – i stor grad kvinner – utfører for å få familiane og arbeidsplassane sine til å gå rundt». Dette er alt frå å organisera møte og syta for ein god tone mellom medarbeidarane, til å hugsa på bursdagar og å sjekka om alle har fått i seg mat.
Slikt arbeid blir mykje mindre verdsett i eit politisk system som det dei har i USA, meiner Clinton:
– Presidentsystem er ikkje som parlamentariske system. Dei løner andre talent: å tala til store folkemassar, å sjå befalande ut på skjermen, å dominera i debattar, å stimulera ei folkerørsle, og i USA, å samla inn ein milliard dollar.
- Meir om boka til Clinton: Brukte 600 timar på hår og sminke under valkampen
Kvinneleg politikar
Den tidlegare førstekvinna, senatoren og utanriksministeren meiner motstandaren hennar, Donald Trump, hadde fordelar over henne i presidentvalkampen som heng saman med macho-stilen hans: Han tar stor plass, og er brautande og dominerande. Clinton sin eigen stil, meiner ho sjølv, kan derimot oppfattast som typisk «kvinneleg»:
– Eg har alltid fokusert på å lytta framfor å tala. Eg føretrekk ein-til-ein-samtalar eller små grupper framfor store talar, og å finna felles grunn framfor å utkjempa slag.
Clinton meiner det emosjonelle arbeidet som knyter seg til å byggja relasjonar og å finna samlande løysingar ofte blir oppfatta som keisamt av media. Difor får kvinner som søkjer makt ei ekstra ulempe, trur ho:
– Men her er greia: Nokon må gjera det. I mi erfaring er det ofte kvinner. Ofte blir det avfeia som ikkje så viktig. Og eg trur ikkje det er tilfeldig.
Betre representasjon i vårt system
Har teorien til Clinton noko for seg? Forskarane Johannes Bergh og Ragnhild Muriaas gir henne delvis rett – men peikar også på andre ting som speler inn i forklaringa.
– Det er heilt rett i at kvinner generelt er betre representerte i parlamentariske system enn i presidentsystem, seier Johannes Bergh.
Valforskaren ved Institutt for samfunnsforsking meiner dette særleg gjeld i land som har ei proporsjonal valordning, altså at plassane i parlamentet blir fordelt etter kor mange stemmer kvart parti får. I land som USA og Storbritannia er det derimot berre den kandidaten med flest stemmer i kvart valdistrikt som blir vald inn. Ifølgje Bergh fører det til at færre kvinner når fram.
– Så kan ein diskutera kva slags mekanismar som forklarar dette. Kanskje Clinton har rett i at ulike system løner ulike typar arbeid. Men eg trur også at det er lettare for partia å velja inn kvinner i parlamentariske system, fordi dei kan setja saman lister som tar omsyn til for eksempel kjønn, seier Bergh.
Og når fleire kvinner kjem inn i parlamentet, er det også lettare for nokon av dei å stiga opp til dei høgaste posisjonane i politikken, påpeikar han.
- LES OGSÅ: Kvinnerekord på Stortinget
Kvinner lettare å «ta»
Professor Ragnhild Muriaas ved Universitetet i Bergen stadfestar forklaringa til Bergh. Ho peikar på at i land med ei proporsjonal valordning er fokus på partia, som gjerne ønskjer å framstå som mangfaldige team. I system der partia vel éin kandidat, som i USA, blir fokus meir på denne enkeltpersonen.
– Då har dei ein tendens til å velja kva som blir rekna som prototypen av ein politisk leiar, og det er gjerne menn, seier Muriaas i ein epost frå Tunisia.
Forskaren meiner dette også påverkar dynamikken i valkampen. I system der den enkelte kandidaten er i sentrum blir det for det første særleg viktig å ha tilgang til pengar og nettverk. For det andre blir partia opptekne av å «ta» motkandidaten.
– Kvinner er i mange land lettare å ta, fordi det eksisterer fleire stereotypar om kvinner som ikkje passar heilt med kva ein politiker skal vera. Så i ein slik kontekst kan det også vera meir risikofylt å nominera kvinner for partia, seier Muriaas.
- Få med deg: Slik står det til med likestillinga i Noreg
Jernkvinner
Bergh er også samd i at det finst forskjellar mellom menn og kvinner i politikken, både når det gjeld kva slags saker dei er opptekne av og kva slags stil dei har, slik Clinton påpeikar. Generelt meiner valforskaren norske politikarar blir løna for å vera saklege og fagleg sterke, framfor å vera slagkraftige og sjølvhevdande – slik Erna Solberg er eit døme på.
Det kan tenkjast at dette slår positivt ut for kvinner samanlikna med system som løner andre eigenskapar. Samstundes er forskjellar mellom kjønna aldri utan unntak, minner Bergh om.
– Den første kvinnelege statsministeren i Storbritannia, Margaret Thatcher, hadde ein stil som var ganske maskulin.
Alltid eit unntak
Det er ikkje berre i kjønnsrollemønstra det finst individuelle variasjonar. Det finst også unntak frå dei generelle tendensane Clinton, Bergh og Muriaas peikar på:
Filippinane har eit presidentsystem som liknar det amerikanske, der ein folkevald president peikar ut regjeringa. Dei har heller ikkje ei proporsjonal valordning som i Noreg. Likevel hadde dei i åra 2004–2005 både kvinneleg president, utanriksminister og finansminister.
Samstundes har det enno aldri vore ein kvinneleg statsminister i det parlamentariske – og sjølverklært feministiske – Sverige.
Fekk du med deg denne?