Reduserte mobbing ved 103 skular

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skulane gjekk frå å liggje godt over landssnittet i mobbesaker til å liggje langt under, viser ein ny NTNU-rapport.

Dei siste fem åra har 103 skular i 42 kommunar fått ekstern rettleiing gjennom Læringsmiljøprosjektet i regi av Utdanningsdirektoratet.

Prosjektet har vore eit av dei nasjonale satsingane frå regjeringa for å redusere mobbing ved skular som har hatt mykje mobbing over tid.

Les også: Skulen gjer ikkje nok i fire av fem mobbesaker

– Eit inkluderande, trygt og godt skulemiljø er avgjerande

– Eit inkluderande, trygt og godt skulemiljø er avgjerande for at elevane lærer og meistrar. Derfor gler det meg at så mange skular som har slite med mobbing, får hjelpa dei treng til å snu utviklinga. Dette viser at innsatsen for kompetanseutvikling lokalt verkar, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

No blir prosjektet vidareført, og vil frå i haust også omfatte barnehagar. Totalt vil ytterlegare 37 skular og 16 barnehagar få oppfølging frå eksterne rettleiarar.

Les også: Medelevar kopla av hjula på rullestolen hennar for faenskap