Skulen gjer ikkje nok i fire av fem mobbesaker

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eitt år etter at eit nytt og strengare mobbelovverk og ei ny klageordning til fylkesmennene vart innført, viser tal at elevane får medhald i eit stort fleirtal av sakene som blir klaga inn.

I løpet av det første året med den nye klageordninga har 1.402 saker blitt melde inn til fylkesmennene. Av dei 1.146 ferdigbehandla sakene vart 372 saker trekte eller avviste.

I dei 774 sakene der fylkesmennene har vurdert om skulen har brote aktivitetsplikta eller ikkje, fann dei at skulen ikkje hadde gjort nok i fire av fem tilfelle.

– Skulen skal vere ein trygg og god stad å vere. Det er uakseptabelt at så mange elevar og foreldre opplever at skulen ikkje gjer nok for å stoppe mobbing, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) til NTB i ein kommentar til tala.

Les også: Medelevar kopla av hjula på rullestolen hennar for faenskap

Flest regelbrot i Telemark og Vestfold

Det er forskjellar mellom fylka i kor mange som klagar og kor ofte fylkesmannen meiner skulen har brote aktivitetsplikta.

Fylkesmennene fann flest regelbrot i Telemark og Vestfold. Der var det regelbrot i høvesvis 100 og 94 prosent av sakene. Færrast regelbrot vart funne i Troms, der det vart funne brot i 52 prosent av sakene.

I dei aller fleste fylka er likevel medhaldsprosenten svært høg. Ingen andre fylke enn Troms ligg under 70 prosent.

Les også: Mange med nedsett funksjonsevne vert mobba

Viktig å ta tak i mobbing så tidleg som mogleg

Med den nye mobbelova vart det også opna for tvangsmulkt i svært alvorlege tilfelle. Hamar kommune fekk ein tvangsmulkt på 100.000 kroner og var einaste kommune som fekk tvangsmulkt i førre skoleår.

– Barn er sårbare, og det er viktig at både skule og foreldre tar tak i dårleg skulemiljø og mobbing så tidleg som mogleg. Det skal vere nulltoleranse mot mobbing. Det er difor viktig at dei som opplever mobbing, seier frå og brukar moglegheitene som regelverket gir, seier Sanner.

Den nye klageordninga er meint å gi foreldre og elevar moglegheit til å klage dersom dei meiner skulen ikkje tar mobbinga på alvor.

Les også: Oppmodar fylka til å søkja om mobbeombod

Mobbeombod

Sanner seier regjeringa har dobla løyvinga til klageordninga for å sikre rask behandling. I 2018 blir det brukt totalt 34 millionar kroner på ordninga.

– Vi må gi elevane hjelp med ein gong når mobbing skjer, og det skal alltid nytte å seie frå. Fylkesmennene skal hjelpe elevane raskt og sikre at både kommunar og skular blir betre til å følgje opp og stanse mobbinga, seier Sanner.

Han peikar på at det denne hausten også kjem mobbeombod i alle fylke for alle barn og elevar i barnehage og grunnskule. Ordninga kom på plass i budsjettavtalen med KrF for 2018.

Omboda har ingen formelle sanksjonsmoglegheiter, men skal jobbe førebyggjande og vere eit lågterskeltilbod for barn og foreldre.

Les også: Lettare å ta kontakt med mobbeombodet på snapchat