Null stress når bokmålselevar får møte nynorsk i samfunnsfagtimen

No får bokmålselevane ved Eide samfunnsfagsbøker på nynorsk etter at læraren deira får stipend frå Noregs Mållag.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingebjørg Eide ønskjer å finne ut om elevane får ei betre tilnærming til nynorsk og vert flinkare i sidemålet om dei møter målforma i fleire fag enn norsk.

– Vi ønskjer betre sidemålsundervisning, og det er veldig viktig at det er lærarar som Ingebjørg Eide som vil prøve ut positive sidemålsforsøk, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag etter å ha delt ut stipendet.

Blei flinkare med fleire nynorskbøker

Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda vil følgje prosjektet i det komande året. Erfaringane frå tidlegare prosjekt syner at det har ein positiv effekt for sidemålsopplæringa om elevane får meir mengdetrening i faget.

Etter at ho gjennomførte nynorskstudiet ved Høgskulen i Volda, har Ingebjørg Eide vorte meir merksam på kor viktig det er at elevane møter nynorsken tidleg, og gjerne gjennom musikk og litteratur.

– Kunnskapen eg fekk om korleis nynorsk kan få ein større og naturleg del av skulekvardagen til bokmålselevane, har gjort at eg søkjer etter nye måtar å undervise på i målforma, seier Ingebjørg Eide i pressemeldinga frå Noregs Mållag.

LES OGSÅ: Fekk meirsmak og betre karakterar med nynorske samfunnsfagsbøker

Frå negativ haldning til meistring

– Eg synest det er fint når elevane går frå ei negativ haldning i byrjinga av åttande trinn, til å vere glad dei meistrar stadig meir no på niande trinn. Det er òg kjekt å høyre at dei er meir merksame på eiga dialekt, og at dei brukar dialekta som grunnlag for å finne gode nynorske ord og måtar å uttrykkje seg på, fortel Ingebjørg Eide.

Stipendmottakaren underviser i norsk, matematikk, engelsk, naturfag og samfunnsfag. Klasse 10a er ein klasse ho kjenner godt, og ho skal ha han både i norsk og samfunnsfag i skuleåret 2018-19.