Unge Venstre vil gjera sidemål valfritt på vidaregåande

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge Venstre vil ha valfritt sidemål

110 år etter at Venstre var med på å innføra sidemålsstilen i norsk skule, gjekk landsmøtet til Unge Venstre no i helga inn for å gjera sidemål valfritt på vidaregåande.

Sondre Hansmark (22) er nyvalt leiar i Unge Venstre. Foto: Unge Venstre

Nyvalt leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark, meiner endringane i programmet inneber ei styrking av sidemålet og for nynorsken.

– Me vil innføra sidemål tidlegare i skulen, allereie frå 3.klasse.

– Men allereie no står det i læreplanane for 1.-2. trinn at elevane skal lytta til tekstar på bokmål og nynorsk og samtala om dei?

– Målet vårt er at elevane byrjar med meir sidemål tidlegare i skulen, og ikkje sånn som no at elevane møter det midt i puberteten frå 8. klasse. Byrjar me tidlegare, så vil det vera ei styrking frå dagens situasjon. Me vil òg styrkja nynorsken ved lærarutdanningane, seier Hansmark.

Han understrekar at Unge Venstre framleis vil halda på eigen karakter i sidemål i ungdomsskulen.

Målungdommen åtvarar

Leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope, åtvarar mot konsekvensane av å gjera sidemål valfritt på vidaregåande.

Fredrik Hope, leiar av Norsk Målungdom.
Foto: Hannah Kolås

– Eg forstår at Unge Venstre har ein god intensjon, og det er bra at dei vil starta tidlegare med sidemål. Men valfritt sidemål i vidaregåande er eg redd vil slå uheldig ut for nynorskkompetansen til mange elevar, seier han.

Fredrik Hope stiller spørsmål ved korleis det går an å skilja sidemålet ut frå norskfaget frå vidaregåande. Han lurer også på kva overgangsordning ein skal ha for dei som får valfritt sidemål, men som ikkje har hatt forsterka sidemålsundervising frå tredjeklasse på barneskulen.

– Språk handlar dessutan om modning, og det er viktig at elevane møter både nynorsk og bokmål gjennom heile skuleløpet, understrekar han.

LES OGSÅ: Vestlandselevar betre i sidemål

Opnar for å kutta eitt år på vidaregåande

Landsmøtet til Unge Venstre gjekk i helga òg inn for mykje meir valfridom på vidaregåande:

  • Innføra ein studiepoengmodell der det skal vera mogleg å fullføra vidaregåande på to til fire år, alt etter kor mange fag du tar.
  • Norsk, matte og engelsk vil vera dei einaste basisfaga.
  • Greia ut alternative vurderingsformer til eksamen, som til dømes mappeevalueringar.

– Me ønskjer å la elevane få bestemma meir over eiga utdanning, slår Sondre Hansmark fast.

LES OGSÅ: Lærar-fleirtal i vest for eigen karakter i sidemål