Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik var 20 år gamle Else Kåss Furuseth

Livssituasjonen til Else Kåss Furuseth i dag og til 20 år gamle Else er ganske lik. Fram til eit halvt år sidan budde ho til og med i den same leilegheita. Verda er også lik, meiner ho. Like skummel.

Då to passasjerfly flaug inn i World Trade Center i New York var Else 21 år og uroleg for kva angrepet ville bety for verda.

– Eg fekk ei kjensle av at alt var forandra. Den kjensla har eg diverre framleis, fortel ho.

Furuseth sit ved spisebordet i leiligheita si i Oslo. Bak ho ruvar eit svært lerret med bilete av Wenche Foss i lyserosa, svart og kvitt. Ho sjenker kaffi i to krus og nippar til ein porselenskopp som er forma som ein knøvla plastikkopp.

– Oi, nei, du, ikkje drikk den kaffien, den var sterk! advarar ho. Men kaffien blir verande og forsvinn i løpet av intervjuet.

Else Kåss Furuseth, 20 år

– 20 år med mine tre favorittar på den tida: Surferosa-stil, komisk høg kake og Sigrid Bonde Tusvik. Foto: Privat

– Eg var ikkje god nok til å spele teater

Då Else var 20 år, hadde ho nettopp fullført eit år på Romerike folkehøgskule og var nyinnflytta på Adamstuen i Oslo. Draumen var å bli skodespelar eller forfattar.

– Eigentleg handla det mest om å flytte frå Jessheim til Oslo for å bu med besteveninna mi. Eg ville ha det gøy og lage noko gøy. Eg søkte på Teaterhøgskolen, men begynte heller å studere teatervitskap på Blindern. Sidan eg ikkje var god nok til å gjere teater sjølv ville eg heller skrive om det, fortel Else.

– Eg var diverre ikkje så god til det heller, legg ho til.

Kongefamilien og kordfløyelkåpe

På ungdomsskulen spelte Else saksofon i korps. Etterkvart blei korpsuniformen bytta ut med ei kåpe i kordfløyel og dreadlocks. Med åra veks også idealisten i ho.

– Å vera idealistisk er jo ein styrke ved å vera 20, er det ikkje? seier ho.

Mens ho gjekk på Blindern stilte ho til val i studentpolitikken med slagordet «Kvinner høyrer heime… bak kateteret».

– Eg blei faktisk valt òg, men trekte meg fort då eg fant ut at nokon veninner som jobba ved stemmeurnene hadde juksa med stemmene og fiksa det slik at eg skulle vinne, fortel Else.

Else Kåss Furuseth og kongefamilien

Foto: Ragnhild Sofie Selstø

– Eg var òg skikkelig nerdete, og den nerden sit i meg enno. Eg er for eksempel veldig fascinert av kongefamilien. Det er liksom noko med det tradisjonelle i dei, det festlege. Og slottsbalkongen. Men først og fremst fordi eg blei avhengig av Se & Hør då eg flytta for meg sjølv, fortel ho.

Dekorasjonen av leilegheita hennar stadfestar denne fascinasjonen, som også strekk seg til over Atlanteren. I tillegg til portretta av kongen og dronninga som heng på ein mørk lilla vegg i stova, har eit innramma bilete av stilikonet Jacqueline Kennedy og hennar ektemann og USA-president John F. Kennedy fått plass.

Tre deltidsjobbar

Etter to år på Blindern begynte Else å studere Art Direction på Westerdals. I tillegg jobba ho som vakmester i bygarden ho budde i, instruktør i eit barneteater og vaska eit eigedomsmeklarkontor.

– Eg var veldig dårleg til å få barna til å roe seg ned. Difor hadde eg med godteri for å bestikke dei. Eg gløymte heilt av at det hadde motsatt effekt, ler Else.

– Då eg vaska på meklarkontoret pleidde eg å høyre på Bjørn Eidsvåg, og vaskinga gjekk skikkeleg treigt. Faktisk er eg ganske treig enno.

Else unnskyldar seg for å svare på ein epost. Sjølv om ho er treig til å vaske, er ho kjapp på dataen. Fingrane glir fort over tastaturet på Macbooken mens ho fortel kor raskt ho pleier å svare på mail.

Foto: Ragnhild Sofie Selstø

Engsteleg

Trass i tre deltidsjobbar ved sidan av studia, uroa 20 år gamle Else seg over pengar. Og mangel på mobiltelefon. Ho uroa seg for at ho alltid var forelska, om ho klarte å levere skuleoppgåver innan tidsfristen og at dei blei levert på rett plass. Mykje tankeplass gjekk også til kva ho skulle bli og kva ho skulle ha til middag.

– Me endte nesten alltid opp på Peppes Pizza og blei fort VIP-kunder der. Eigentleg så er det akkurat det same som eg uroar meg for no, utanom mobiltelefonen då. Eg et litt mindre Peppes Pizza òg, fortel ho.

Komikaren meiner ho ikkje er like engsteleg no lenger, noko ho kan takke alderen for.

– Eg har liksom erfart at ikkje alt går til helvete.

– Eg trur at dei som er unge i dag har ganske like problem som eg hadde, berre at då eg var ung blei eg ikkje eksponert for andres problem på sosiale medium kvar dag. Mange snakker så negativt om internett og sosiale media, men det er jo ei gåve! Me veit at ytringsfridomen er på plass og me kan skrive og dele det me vil, no må me berre læra oss korleis me skal vera gode menneske på slike plattformar.

ELSE KÅSS FURUSETH

  • Elisabeth Kåss Furuseth, fødd 18. juli 1980, Jessheim.
  • Komikar, skodespelar og programleiar.
  • Aktuell med Mandagsklubben på TV Norge.

Else Kåss Furuseth

  • Elisabeth Kåss Furuseth, fødd 18. juli 1980, Jessheim.
  • Komikar, skodespelar og programleiar.
  • Aktuell med Mandagsklubben på TV Norge.