Året han var 20 vart eit vendepunkt for Per-Kristian Foss

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Året var 1970. Det fanst ikkje mobiltelefonar, det fanst ikkje internett. Det mest moderne kommunikasjonsmiddelet i heimen var ein plasttelefon som kunne henge på veggen.

Per-Kristian Foss var tjue år og nyleg ferdig med handelsgym. Våren før var han blårusspresident for avgangskullet på eit gymnas med over tusen studentar, aktiv i styrer og verv og eit kjent fjes i elevrådet. Russepresident, ikkje fordi han var ei festløve eller ein partyfiksar, men fordi han blant medstudentane var kjent som ein god organisator.

Men no var han akkurat ferdig med gymaset, og framtida sto åpen.

– 1970 var sånn sett eit roleg år, seier Foss. Eit mellomstadie mellom gymnaset og studiane.

Kald krig, månelanding og Vietnamkrig

Verda var midt i den kalde krigen mellom aust og vest. USA var sterkt inne i Vietnamkrigen. 68ar-opprøret i Frankrike var nær fortid, og året før hadde menneske hoppa rundt på månen for første gong.

I Noreg var Per Borten (Sp) borgarleg statsminister på femte året. Og debatten om norsk medlemsskap i europeisk fellesskap (no EU), tok forsiktig form. I det norske lovverket var det framleis forbode å vere homofil.

Eit mellomår etter handelsgym

Det naturlege valet for ein elev frå handelsgym var å byrje på økonomistudiet i Bergen, for å bli siviløkonom.

– Det var ei forventning frå handelsgym, seier Foss.

Men tjue år gamle Per-Kristian Foss var ikkje topp studiemotivert, og i løpet av skoletida hadde det politiske engasjementet auka. Han bestemte seg for å vente med å studere til han var sikker på kva han ville gjere.

På initiativ frå leiaren i Unge Høgre, Hans Svelland, brukte han året på å jobbe som politisk sekretær i ungdomspartiet.

– No reiser dei til Latin-Amerika og tar eit friår. Mi utskeiing var å jobbe der, seier han.

Han legg til at det var langt mindre livlege tilstandar den gong enn no, og viser til all fokus som har vore på Unge Høgre og #MeToo i den siste tida.

Høyres Hus i Oslo. Foto: Chris Nyborg, CC BY-SA 3.0-lisens

La grunnlaget for eit liv i politikken

Medan Unge Foss hadde eit «pauseår» som politisk sekretær, visste han ikkje at han kom til å jobbe som politikar resten av sitt liv. Men han trivdest med det politiske arbeidet, og tenkte «eg er jo meir interessert i politikk, så kvifor ikkje studere statsvitskap»?

– Det var eit år mykje skjedde tankemessig i hovudet. Det var det året eg snudde meg frå å skulle studere økonomi i Bergen, og heller vendte meg mot politikken, seier han.

1970 var eit vendepunkt.

For eller imot: Mao, Vietnam og EF

Foss beskriv tida rundt 1970 som ei tid det var mykje politisk engasjement, både i samfunnet og på skolane. Det var mange politiske debattar på skolane og universiteta, og det var vanleg med skolegrupper som tilhøyrde dei forskjellige partia.

«Alle» var internasjonalt engasjerte. Folk var for eller imot Mao, for eller imot Vietnam-krigen, og EF-spørsmålet vart viktigare og viktigare.

Han leste om debattane i avisa og høyrde på radio. Teisen gymnas var kjent for å vere marxistane sin bastion. Dei som dominerte ungdomspartia høyrde til Sosialistisk ungdom og ytste venstre.

Valde Høgre som ei motvekt mot Mao-dyrking

Kåre Willoch i Stortingssalen i mars 1971, tatt nokre dagar før koalisjonsregjeringa måtte gå, 17. mars 1971. Foto: Billedbladet NÅ, CC-BY-lisens

– Eg reagerte veldig på hyllesten til dei totalitære regima. Dyrkinga av Mao og alt det. Så det var ein motreaksjon som gjorde at eg meldte meg inn i Unge Høgre, fortel Foss.

På den tida hadde Kåre Willoch vorte ein markant politikar i partiet. Han var klart yngre enn dei andre vaksne politikarane, og vart eit forbilde for Foss.

– Han var ein skarp debattant. Det var morosamt å høyre på han i debatt med andre.

Politisk nerd, nysgjerrig og engasjert

Foss 67 år, beskriv unge Foss som ein politisk nerd. Ikkje var han flink i idrett, han sprang ikkje fort på 60-meteren. Men han var nysgjerrig og engasjert. På skolen hadde han vore ein aktiv elev som stakk hovudet fram når dei andre såg ned i pulten. Og han var godt likt blant dei to-tre lærarane som var politisk interesserte.

Han hugsar spesielt ein lærar som var engasjert på venstresida. Dei hadde mange debattar som nok dei andre elevane syntest var nerdete og kjedelege, trur han.

God oppvekst og feriar på Toten

Då han var tjue, budde han framleis heime hos foreldra på Nordberg. Med kort veg til skiturar i marka, og med trygge rammer. Han beskriv oppveksten som ein god oppvekst, med kjærleik i heimen og fri for krangling.

Bilde av Per-Kristian Foss som skulegut, henta frå boka Gay Kids – Kule barn som også finnes.

Før han var tjue hugsar han meir frå bygda enn frå byen: Kvar påske, sommar og jul fram til han var tjue, reiste han med foreldra og lillesøstra til ein gard på Toten. Der hadde faren vakse opp på gard, og der tilbragte dei alle feriane. Der var det kyr, hesjing og gardsarbeid.

På Toten fekk han òg oppleve gjelling av gris, og hønseslakt med øks. Høns som sprang rundt utan hovud var sterk kost for ein liten gut, men han minnast desse åra på Toten som rein idyll.

Palma de Mallorca

Då han vart tjue kjende han seg for stor til å vere med foreldra på ferie, og reiste på guttetur med kompisane til Mallorca. Det var den første store utanlandsturen og godt planlagt. Samanlikna med i dag, var det eit litt dristig prosjekt å reise heilt til Mallorca.

I bakgarden der dei budde kom dei i snakk med nokre jenter frå Irland. Dei fortalte om kor streng det var der heime, og hadde bedt gutegjengen frå Noreg om å sende dei kondomar i posten når dei var tilbake heimlandet. Sånt gjekk ikkje an å få tak i i Irland.

– Det var da eit rart land, tenkte unge Foss.

Legning eit ikkje-tema

Per-Kristian Foss hadde ikkje kjærast på den tida. Spørsmålet om legning hadde heller ikkje komme på banen enno for politikaren som 30 år seinare skulle få mykje merksemd fordi han sto fram som homofil på Høgre sitt årsmøte.

– Då eg var tjue, så var det eit ikkje-tema. Eg var ikkje klar på min seksuelle legning, ikkje eingong usikker, fortel han. Då han fann ut at han var homofil var han i slutten av tjueåra.

– I dag er det mykje større openheit i samfunnet om seksuell orientering. Eg ser for eksempel på «Skam» at det er eit tema ein er open om, og synst eigentleg det har vorte ganske alminneleggjort. Og det er bra. Det var det ikkje i 1970, seier Foss.

Først seinare i vaksenlivet kom spørsmålet om legning opp. Her frå Stortingets Energi- og Industrikomite, der Foss jobba frå 1981-1989. Frå venstre: Sverre Brydøy, Asbjørn Haugstvedt, ukjent, Reidar Due, Per-Khristian Foss, ukjent, Inger Lise Gjørv, ukjent, Kjell Edvard Helland. Foto: Statarkivet i Stavanger,
CC BY-lisens

Det politiske engasjementet kom innanifrå

Mor var sekretær og far var lærar. Dei hadde diskusjonar over middagsbordet, men ingen av foreldra var partipolitisk engasjerte. Så det var ikkje der han fekk engasjementet sitt frå.

– Nei. Det kom frå inni her ein stad, seier Foss, og klappar handflata på brystet.

– Kjente du deg vaksen då du var tjue?

– Eg kjente meg nok meir vaksen enn mange andre tjueåringar. Men i forhold til dei i dag var eg kanskje meir umoden.

Han meiner at ungdommar som står på i dag, gjer mykje bra. Held taler og engasjerer seg.

Ville råda seg sjølv om å «bli tørr bak øra først»

– Om du hadde møtt deg sjølv som tjueåring, kva ville du tenkt eller sagt til deg sjølv?

– Eg er ikkje så sikker på om eg hadde vore så imponert. Det er mange unge som er meir «fremmelege» i dag.

Om eg hadde møtt meg sjølv som politikar, så ville eg kanskje ha sagt «du må bli tørr bak øra først». Eg var ganske frimodig og åpen, snakka ganske fritt. Eg hadde tenkt at eg var litt for «fremmeleg».

Skulle ha vore større engasjement blant unge

Men, dersom Per-Kristian Foss i dag møter tjueåringar som er politisk aktive, så prøver han å oppmuntre dei til å jobbe meir.

– Det er så mange som ikkje er politisk aktive og som berre er sløve, seier han.

– Så om eg møter nokon som er over gjennomsnittleg engasjert, så prøver eg å stimulere dei til å stå på. Vi treng eit mykje større engasjement blant unge folk, seier han.

Per-Kristian Foss (f. 19. juli 1950)

Cand. mag i Statsvitskap, offentleg rett og kriminologi 1977

Formann i Unge Høgre 1973-77

Stortingsrepresentant 1981-2013

Leiar i Oslo Høgre 2000-2004

Finansminister 2001-2005

Kommandør av St. Olavs orden 2005

Nestleiar i Høgre 2002-2008

Riksrevisor 2014-2017

Har akkurat starta i ny fireårsperiode som riksrevisor.

Ein av dei første åpne homofile statsrådane i Noreg, og Gift med Jan Erik Knarbakk

Kilde: Wikipedia/SNL