Sanner opnar for 11. skuleår for svake ungdomsskuleelevar
Elevar som er ferdige med ungdomsskulen, men som likevel ikkje er klare til å begynne på vidaregåande, kan ende opp med å gå i 11. klasse.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Av 60.000 elevar som forlèt ungdomsskolen kvart år, er det om lag 8.000 som har så dårlege karakterar eller har stroke i så mange fag, at vidaregåande skule blir svært vanskeleg å gjennomføre. I dag blir alle likevel sende rett vidare til vidaregåande, der 5.500 av dei ikkje klarer å fullføre, melder NRK.
Det vil kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) gjere noko med, og han foreslår å gi fylkeskommunane eit større ansvar for unge mellom 16 og 24 år.
Les også: Mista motivasjonen på skulen. Så møtte ho nokon som endra på alt
– Skal ikkje hamne mellom to stolar
– Ungdom med dårlege føresetnader skal ikkje hamne mellom to stolar: Ungdomsskulen som dei forlèt, og vidaregåande som dei begynner på. Derfor vil vi no greie ut om og korleis fylkeskommunane kan få eit utvida ansvar for desse, seier Sanner til NRK.
Fleirtalet av elevane utan fullført grunnskule er etnisk norske, men delen med innvandrarbakgrunn er aukande: 36 prosent innvandrarar og 2 prosent norskfødde med innvandrarforeldre i skuleåret 2016–2017.
Det er særleg elevar med kort butid i Noreg som manglar grunnskulepoeng. Mange av desse er frå Afghanistan og Syria, og det er flest gutar.
Av elevane som har karaktersnitt frå ungdomsskulen på mellom 2,5 og 3, er det berre rundt 40 prosent som gjennomføre vidaregåande i løpet av fem år.