Høgare avgangskarakterar for ungdomsskuleelevar

Årets avgangselevar på ungdomsskulen har ein karaktersum som er 0,4 poeng høgare enn i fjor. Samtidig endar færre opp utan karakter.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For dei enkelte faga er det relativt små endringar i standpunkt- og eksamenskarakterar frå i fjor, men for dei fleste faga er karakterane stabile eller går svakt opp, skriv Utdanningsdirektoratet i ei pressemelding.

I skuleåret enda rundt 3.200 av 61.000 elevar opp med å mangle karakter i meir enn halvparten av faga, og dermed fekk dei ikkje berekna såkalla grunnskulepoeng. Poenga blir berekna ved å gonge snittkarakteren med ti og blir blant anna brukte når elevar søkjer seg vidare til vidaregåande utdanning.

Les også: Kan lotteri erstatte karakterar i inntaket til vidaregåande?

Færre utan karakterar enn før

Statistikken viser at færre elevar endar opp utan karakterar enn før. Både dette og auken i karaktersnittet kan ha fleire forklaringar. Likevel tolkar både Utdanningsdirektoratet og regjeringa utviklinga som positiv.

– Blant anna ser vi at færre elevar får karakterane 1 og 2 i matematikk enn for nokre år sidan. I matematikk er dette er ei utvikling som vi har sett over nokre år i grunnskulen, men vi kan ikkje seie med sikkerheit kva oppgangen kjem av, seier avdelingsdirektør Hedda Birgitte Huse i Utdanningsdirektoratet.

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner seier at han er glad for at færre elevar går ut av grunnskulen utan karakter.

– Vi har jobba målretta med å løfte dei grunnleggjande ferdigheitene med intensivopplæring i rekning, lesing og skriving, seier han i pressemeldinga.

Les også: Vil ha mindre rapporterings- og testkrav i skulen