Då telefonen hennar begynte å lysa heftig i lunsjen sist onsdag, forstod lege Ragnhild Rosland etterkvart at det fantastiske hadde skjedd.
Esther Moe, Suldalsposten
Esther Moe, Suldalsposten

Saka var først publisert i Suldalsposten.

Nøyaktig klokka 11 sist onsdag kunngjorde Nobelkomiteens leiar Berit Reiss-Andersen at Nobels fredspris går til Denis Mukwege og Nadia Murek.

Seksualisert vald som våpen

Førstnemnde er gynekologen som leier Panzi Hospital. Sjukehuset i Aust-Kongo som har spesialisert seg i å behandla kvinner som er skadde etter seksualisert vald, overgrep som strategisk blir brukt som våpen i krig. Nadia Murek er ei jesidisk kvinne som blei kidnappa og misbrukt av IS, men som klarte å rømma og som har fortalt verda om overgrepa.

Løfter heile regionen

Ragnhild Rosland har i fleire omgangar arbeidd ved Panzi-sjukehuset, først frå 2011 til 2013. I 2014 og 2015 brukte ho sommarferien sin der, for å jobba og for å møta gamle vener.

Mukwege har vore nominert til fredsprisen fleire gonger, men sist onsdag kom det som ei total overrasking på Rosland. Ho fortel om enorm glede.

– Det løfter heile regionen. Ein pris som dette er ein enorm lyskastar på det forferdelege som seksuell vald er, fortel ei glad Rosland, som leande vedgår at ho er ganske så sjuk etter å dela gleda med sine tidlegare kollegaer og vener.

Fredsprisvinnarar: Den kongolesiske gynekologen Denis Mukwege og IS-overlevande Nadia Murad. (Foto av Denis: Wikipedia/CC BY-SA 3.9/Claude Tround-Ngoc. Nadia: Wikipedia/offentleg eigendom).
Fredsprisvinnarar: Den kongolesiske gynekologen Denis Mukwege og IS-overlevande Nadia Murad. (Foto av Denis: Wikipedia/CC BY-SA 3.9/Claude Tround-Ngoc. Nadia: Wikipedia/offentleg eigendom).

Tett på uredd mann

For ho har vore tett på arbeidet og mannen som nå blir heidra. Mukwege er ein stor autoritet på sitt faglege felt, til sjukehuset hans kjem legar frå heile verda for å læra av han. Men han er også ein uredd kritikar av dagens regime og den sitjande presidenten i Kongo, der konfliktane langt frå er over.

Det kosta han nær livet i 2012. Då blei han utsett for eit attentatforsøk i heimen sin. Han overlevde, men det gjorde ikkje familievenen og kokken hans.

Attentatet skjedde ein månad etter at legen hadde stått i FNs Tryggingsråd og kritisert styresmaktene i landet sitt.

Les også: #metoo-rørsla nominert til fredsprisen

Spesielt format

– Han viste meg talen han hadde skrive før han skulle dit. Den opna med å fastslå at han ikkje var stolt over å vera kongolesar. Han spurde meg kva eg meinte, om det var for krast. Eg sa eg syntest han måtte seia det han meinte. Etterpå har eg jo tenkt at attentatet blei litt av ei realitetsorientering for meg, seier Rosland, som fortel om ein lege og mann av eit heilt spesielt format.

Tryggar

– Han er ein utruleg trygg mann som gjer alle rundt seg trygge. Det er alltid ein lang kø av kvinner utanfor kontoret hans, og mange av dei sit der fordi dei kjem tilbake for å takka, eller fordi dei gjerne berre vil snakka med han. Han ser heile mennesket, er like mykje psykolog som gynekolog.

Ho fortel om korleis det var etter attentatet, då familien til Mukwege, hadde sørgestund for venen dei mista.

– Søster mi og eg ville visa medkjensle i sorga, og kom innom huset hans for å gi ein blomebukett. Som nordmenn er me vel typisk opptatt av ikkje å forstyrra, at seremonien var for familien og at me ikkje ville trenga oss på. Men då me kom dit der det alt var stappfullt med familie og slekt, kom Mukwege ut i døra, ønskte oss velkommen og klemte oss. Også i den situasjonen, var det han som såg og trygga oss.

– Kor hentar han kreftene og inspirasjonen frå, trur du?

– Det skulle han nok helst ha svart på sjølv, Men eg veit at han nesten kvar dag drar til gudsteneste i kyrkja si etter jobb, før han drar heim til middag, fortel Rosland.

Les også: Frp-toppar nominerer Trump til fredsprisen

Vil tilbake

Sjølv drøymer ho om eit snarleg gjensyn med eit land ho har falle hovudstups for.
Det drar godt i lengten når søster Madel neste månad skal reisa, ho arbeider for Regnskogfondet, og dei to har vore saman der fleire gonger. Men ikkje denne gongen.

– Eg har ein eittåring som ikkje er gammal nok til å ta nødvendige vaksiner for å reisa, men me drøymer om å ta med barna våre på besøk etter kvart, fortel ho.

Det er framleis pågåande konfliktar i Bukova-regionen, som grensar til fleire land, det er berre kort tid sidan at ein landsby blei angripen. Men Rosland seier ho har kjennskap og kontaktar nok til å vurdera når det er trygt å dra og når det ikkje er tilrådeleg.

For trass i at landet og folket der er hardt prøva av forferdelege hendingar og konfliktar, er det kvalitetar i kulturen og folkeferdet ho trekkjer fram når ho skal beskriva kva som trekkjer slik der.

Raust og låttmildt

– Folk er så opne og rause, det er umogleg ikkje å bli bevega av det. Ein føler seg veldig velkommen. Det er latter og nyfikenheit, og så er det fantastisk natur. Det har vore misjonærar der frå Norge langt tilbake, og somme meiner det handlar om at naturen her minner litt om den norske med fjell og høgder. Fordi det ligg høgt er det også relativt kjøleg, seier Rosland, som leande fortel at ein framleis kan møta vaksne som er døypte Ingeborg og Reidun. Spor etter norske misjonærar.

Hallelujah Amen

Elles er namnetradisjonen her å gi barn namn som reflekterer håp. Som guten med kiosken over vegen ved sjukehuset der ho arbeidde, han som alltid passa på at ho hadde litt vaktrasjonar av frukt og nøtter og drikke. Han heitte Hallelujah til fornamn og Amen til etternamn.

 

Kommentarar

ANNONSE