Frp-toppar nominerer Trump til fredsprisen
Håpar at ein fredspris kan bidra til fredsprosessen.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare justisminister Per-Willy Amundsen har nominert Trump til fredsprisen. Foto: JBD
– Det som skjer no, er historisk. Ein er i gang med ein prosess som kan sikra verdsfreden i tida framover. Det er ein skjør prosess, men me må sjølvsagt gjera det me kan for å bidra til at denne prosessen gjev gode resultat. Det meiner eg me kan gjera med å senda eit tydeleg signal ved å gje Trump fredsprisen, seier Per-Willy Amundsen (Frp) til NRK.
Christian Tybring-Gjedde står òg bak nominasjonen. Det skjer etter møtet til Trump med Kim Jong-un.
Forskarar og kommentatorar meiner avtalen mellom Trump og Kim er lite forpliktande, og trur det vil ta lang tid før Nord-Korea kvittar seg med atomvåpena sine.
Skuffa fredsprisvinnar
Fjorårets vinnar, Den internasjonale kampanjen for å forby atomvåpen (Ican), er skuffa over avtalen som Kim og Trump kom fram til.
– Me er uroa for at toppmøtet i Singapore bidrar til å legitimera Kim Jong-un, og gir inntrykk av at atomvåpen gir makt og prestisje. Realiteten er at atomvåpen er inhumane, uakseptable og ulovlege ifølge FN-konvensjonen som forbyr atomvåpen, seier Ican-leiar Beatrice Fihn i ein kommentar på Facebook-sidene til organisasjonen.