Metoo-rørsla nominert til fredsprisen
Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) har nominert metoo-rørsla til Nobels fredspris.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Hauglie seier til Dagsavisen at ho fekk ideen om å foreslå rørsla like før jul i fjor og sende då inn forslaget.
– Når eg nominerer metoo til Nobels fredspris, så er det ikkje fordi eg er så opptatt av den type trakassering som skjer på julebordet – som er alvorleg nok – eg tenkjer på korleis ein systematisk i krig og konflikt brukar valdtekt og misbruk av kvinner og barn som eit bevisst våpen, blant anna for å demotivere fienden, seier Hauglie.
Kvinner over heile verda begynte i fjor haust å stå fram med historier om seksuelle krenkingar i samband med #metoo-kampanjen.
Les også: Ican får fredsprisen
Ønsker større merksemd rundt seksuell vald
– Eg håpar ein får større merksemd rundt korleis seksuell vald blir brukt som maktmiddel mot kvinner, men også som strategisk våpen i krigføring. Så får vi sjå. Det er jo ein del andre kandidatar til den fredsprisen og, seier Hauglie.
Blant kandidatane er USAs president Donald Trump, etter at han gjennomførte eit toppmøte med Nord-Koreas leiar Kim Jong-un i juni.
– Får Trump prisen, inviterer eg på gravøl for metoo, seier Hauglie, og viser til at under den amerikanske valkampen i 2016 vart Trump skulda for seksuell trakassering av fleire kvinner.