Kongos ekspresident skulda for samarbeid med opprørsgrupper
Joseph Kabila var Kongos president i nesten tjue år. No kallar han heimlandet for diktatur og blir skulda for å samarbeida med opprørsgrupper.

Krigen i det austlege Kongo held fram med å herja. For om lag ein månad sidan melde fleire medium at landets tidlegare president Joseph Kabila var i byen Goma, som blir kontrollert av geriljahæren M23.
Ifylgje talspersonane til Kabila var han i Goma for å forsøkja å skapa fred, men kongolesiske styresmakter meiner at han samarbeider med M23. No ynskjer dei å straffeforfylgja Kabila for landssvik og krigsbrotsverk. Førre veke blei Kabila fråteke immuniteten han har hatt som tidlegare president.
Kabila slår hardt tilbake og kallar det noverande styret i Den demokratiske republikken Kongo for eit diktatur i ein 45 minutt lang tale på YouTube.
– Diktaturet må opphøyra, og demokrati, samt god økonomi og styring, må bli gjenoppretta, sa Kabila ifylgje BBC.
Samarbeidde om valjuks
Kabila var president i Kongo frå 2001 til 2019. Då han gjekk av hadde han sete som president i over to år meir enn det grunnlova tillèt.
Félix Tshisekedi overtok som president i det som var det fyrste fredelege presidentskiftet i historia til det sjølvstendige Kongo. Uavhengige observatørar meinte likevel at presidentvalet var prega av omfattande valjuks. Tshisekedi blei truleg utnemnd til president etter ein avtale med Kabila. Samarbeidet mellom Kabila og Tshisekedi har sidan brote saman.
Bjørnar Østby er høgskulelektor ved Oslo Nye Høyskole. Han fortel til Framtida.no at Kongo ikkje har vore særleg demokratisk på lang tid.
– Dei fleste demokrati-indeksane er samstemde om at Kongo blei gradvis mindre demokratisk frå 2006 fram til Kabila blei erstatta av Tshisekedi. Det har betra seg noko sidan den gong. Kabila har nok rett i at Tshisekedi-regimet har stått bak mange tvilsame handlingar og avgjerder, men her kastar Kabila stein i glashus, meiner Østby.
Open konflikt mellom presidentane
Dei to siste åra har Kabila budd i sjølvpålagt eksil i Sør-Afrika. Det vekte difor mykje merksemd då han dukka opp i heimlandet.
Kampane aust i Kongo føregår mellom dei offisielle styresmaktene og geriljahæren M23, som blir støtta av rwandiske styresmakter. Mange analytikarar meiner at Rwanda brukar M23 som ein proxyhær, altså at M23 kjempar på vegner av Rwanda. Styresmaktene i Rwanda nektar for dette.
Då M23 tok kontroll over viktige delar av Kivu-provinsen gjekk Kabila til eit kraftig retorisk åtak på den sitjande regjeringa. Han meinte at Tshisekedi var skuld i kaoset i Aust-Kongo.
Mangelfulle prov på samarbeid
Østby meiner at det er usikkert om det faktisk finst ein allianse mellom Kabila og M23, og i så fall kva den inneber.
– Påtalemakta har vore sparsame med å leggja fram prov, men det me veit er at skuldingane kviler delvis på utsegn frå Eric Nkuba, ein høgtståande skikkelse i M23 som i fjor blei kidnappa i Tanzania. Han har, sannsynlegvis etter tortur, innrømt at Kabila skal ha oppfordra opprørarane til å fella Tshisekedi.
Østby fortel at Kibila uansett har gode grunnar til å opphalda seg i M23-kontrollerte område for å unngå å bil utlevert til militærdomstolen.
– Dersom det viser seg at Kabila faktisk samarbeider med M23, trur eg det dreier seg om gjensidig opportunisme meir enn eit lykkeleg politisk ekteskap.
Torsdag denne veka utalte ein talsperson for Kabila at det ikkje finst ein formell allianse mellom han og M23, men at båe deler målet om å fella styret til Tshisekedi.
Meiner at toget har gått for Kabila
Det er fleire som forsøkjer å få til ein avtale om fred eller våpenkvile. Trump-administrasjonen i USA påstår at dei er nær ved å få i stand ei avtale mellom Kongo og Rwanda. Afrikanske land og organisasjonar prøver også å finna løysingar.
Østby synest det er vanskeleg å spå kva oppstyret kring Kabila vil bety for fredsprosessane.
– Dersom Kabila faktisk såg for seg å vera ein meklar eller forsonande skikkelse, så har det toget for lengst gått. Eg heller mot at dette vil gjera vegen til fred vanskelegare enn så lenge.