Om ein reagerer på at noko er urettferdig, så er ein ungdomsorganisasjon rette plassen å vere, meiner Mina Vinje, påtroppande leiar i Press - Redd Barna Ungdom.
mm
Press
  • Press vart starta av Redd Barna i 1995, og er ein organisasjon for unge mellom 13-25 som jobbar for barn og unge sine rettar.
  • Dei tek utgangspunkt i FN sin barnekonvensjon og er ein religiøs og partipolitisk uavhengig organisasjon.
LES FAKTALUKK FAKTA

Da dei hadde Operasjon Dagsverk på ungdomsskolen, forstod Mina Vinje at det fanst barn i andre land som ikkje fekk gå på skole, og at ressursane i verda var så skeivt fordelte.

– Eg tenkte at det var skikkeleg, skikkeleg urettferdig.

Det gjekk òg opp for henne at ein kan gjere noko med det, og ho meldte seg inn i Natur og Ungdom. For første gong kom ho inn i eit organisasjonsmiljø.

Der møtte ho andre som brydde seg om det same som seg sjølv. Ho lærte om nye ting som var urettferdige, som at klimaendringane går mest utover fattige land, sjølv om dei rike landa står for det meste av forureininga.

– Det er skikkeleg urettferdig. Men så kan ein heldigvis gjere noko med det. Det er den kjensla ein får når ein engasjerer seg i ungdomsorganisasjonar.

Tenkte at dei andre kunne så mykje meir

Ho meiner at organisasjonslivet er for alle, og at ein ikkje treng å vere ekspert og kunne alt på førehand.

– Ein lærer og veks  i eit veldig trygt miljø. Når ein først er med, så får ein meir kunnskap.

Mina Vinje, Press. Foto: Beate Haugtrø

I Press har dei landsmøte kvart år der dei vel tillitsvalde, og som medlem lærer ein mykje om demokrati og prosessar.

– Og så får ein òg mange gode vener. Det er ein fin arena å lære på fordi det er trygge omgivnader, seier ho.

Men ho veit sjølv at det kan vere skummelt å føle at ein ikkje har peiling.

Da ho meldte seg inn i Natur og Ungdom som 14-åring, torde ho ikkje å gå på møta fordi ho visste at dei som var med var mykje eldre.

Ho tenkte at dei kunne mykje meir enn henne og at ho ikkje hadde noko å komme med.

– Men eg hadde eit skikkeleg engasjement. Og så har eg lært i organisasjonane korleis eg skal bruke det for å gjere ei endring, seier ho.

Skummelt å snakke i forsamlingar

Da ho nokre år seinare meldte seg inn i Press- Redd Barna Ungdom, syntest ho òg dei som sat på kontoret var veldig vaksne og kjempeskumle. Det første møtet ho var med på som 16-åring var òg skummelt.

ein kan heldigvis gjere noko med det. Det er den kjensla ein får når ein engasjere seg i ungdomsorganisasjonar.

– Eg kunne ikkje så mykje om barns rettar. Det var skummelt å snakke i forsamlingar, og eg tenkte at eg ikkje hadde noko smart å seie.

Men hennar erfaring er at ein blir tatt godt i mot, og at kunnskapen kjem nettopp fordi ein byrjar å engasjere seg.

No har ho sjølv sete på kontoret til sentralstyret til Press som politisk leiar, som «ein av dei skumle vaksne» i eit heilt år. 1. juli byrjar ho som leiar for heile organisasjonen.

Gler seg til å møte lokallaga

I sentralstyret følger dei opp lokallaga, arrangerer seminar og sommarleir. Og dei jobbar opp mot regjering og storting for å få nasjonale vedtak. Det gøyaste er å treffe medlemmar og dra på besøk til lokallaga, synest Vinje.

– Det er så gøy å sjå at 13-åringane som melder seg inn brukar så mykje tid på Press- Redd Barna Ungdom. Dei jobbar sjølv om dei skal ha prøve på skolen dagen etter, og aksjonerer sjølv om det torar og regnar dagen dei skal ut. Det er veldig inspirerande, seier ho.

Ho meiner det er viktig at barn og unge har eit miljø der dei kan vekse og lære.

Gullbarbie og asylbarn

Press – Redd Barna Ungdom kom ho over tilfeldig på grunn av Gullbarbie-kampanjen, som fokuserer på kroppspress. Ho var ikkje så engasjert i kroppspress i utgangspunktet, men likte kampanjen, og byrja å lese om Press.

– Eg las om forsvinningar i asylmottak, og hadde ikkje høyrt om det i det heile tatt. Eg tenkte «Herregud, dette må eg lære meir om, det er jo kjempeurettferdig, det må vi gjere noko med», seier ho.

Da ho meldte seg inn, var ho 16 år, og starta lokallag heime i Moss saman med to andre medlemmar.

– Kva er motivasjonen din for å jobbe i Press- Redd Barna Ungdom?

– Eg trur generelt at folk blir med i ungdomsorganisasjonar fordi ein engasjerer seg i ei sak og synest det er skikkeleg viktig å jobbe for.

Det siste året som politisk leiar har ho jobba mykje opp mot politikarane.

– Vi har jobba mykje med politikk, og har jobba mykje med høyringssvar på Stortinget.

Tidlegare i år publiserte Press rapporten «Prosjekt perfekt», om kroppspress retta mot unge, og om ungdom si psykisk helse. Det la grunnlaget for eit representantforslag på Stortinget, som førte til vedtak om tiltak mot kroppspress og merking av retusjert reklame.

– Vi var på høyringa på stortinget, møtte saksføraren og har vore på møte med fleire av representantane i familie- og kulturkomiteen.

Høgtlesing av høyringssvar frå Stortinget. F.v. Tobias Drevland Lund (RU), Freddy Øvstegård (SV), Ina Libak (AuF), Andrea Sjøvoll (SU) og Mina Vinje (Press). Foto: Beate Haugtrø

Da dei tidlegare i år kåra kleskjeda Bik Bok til årets Gullbarbie, var det 18.550 personar som stemte på førehand. Kampanjen set fokus på marknadsføring som fremmer eit dårleg sjølvbilde hos unge.

– Det er veldig artig å sjå at arbeidet ein gjer gir resultat og at det utgjer ein forskjell, seier ho.

Noreg er eit føregangsland

– Korleis er det å vere ung i Noreg i dag?

– Noreg er eit føregangsland når det gjeld barns rettar. Men nokre grupper får ikkje like god oppfølging, seier ho.

Ho fortel om asylbarn som ikkje får gå på skole, og som får dårleg psykisk helse fordi dei har det utrygt. Og om at barn med nedsett funksjonsevne ikkje kan delta på same nivå som andre barn, fordi dei ikkje får innvilga nok støtte til brukerstyrt personleg assistanse (BPA).

– Det er viktig at ein kjempar for dei tinga sjølv om det òg er mykje bra, seier ho.

Ho meiner vi generelt har det veldig bra i Noreg, men at norsk ungdom møter andre problem i dag enn for ein generasjon tilbake.

– Eg trur ungdom blir utsette for eit enormt krysspress. Den teknologiske utviklinga har vore enorm, og ein skal gjere det bra, ha mange gode venner, og det er vanskeleg å ta ein pause frå internett og sosiale medium. Det gjer at mange stressar seg psykisk sjuke, og at det går ut over helsa deira, seier den nye leiaren.

Les også: Bik Bok lovar endring etter Gullbarbie.

Oppdatert: laurdag 1. september 2018 08.57

Kommentarar

ANNONSE