Ein Fafo-rapport viser at norske asylmottak ikkje klarer å gi einslege, mindreårige asylsøkjarar nok tryggleik og stabilitet.

To tredelar av ungdommar som møtte opp då Fafo-forskarane arrangerte allmøte, sa dei følte seg utrygge på mottak, skriv Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) og viser til den aktuelle rapporten.

– Dette er ein konsekvens av at einslege mindreårige asylsøkjarar blir plasserte i eit system som ikkje er tilrettelagt for å vareta barn over lengre tid, seier Sissel Aarak i SOS-barnebyer.

Lite aggresjon, mykje sjølvskading

Forskarane avdekte mindre vald og aggresjon enn venta, men fann betydeleg apati, sjølvskading, søvnproblem og skulevegring.

– Det å vere 17 år og vente på ei avklaring om opphald er krevjande psykisk. Ungdommane veit ikkje kvar dei skal plassere draumane sine. Då er det ikkje rart at mange blir sjuke, seier Guri Tyldum, ein av forskarane bak rapporten.

Rask behandling viktig

Fafos anbefalingar til Utlendingsdirektoratet er å prioritere rask behandling av asylsøknadane frå einslege mindreårige, slik at uvissa blir redusert og opphaldet på mottak blir så kort som mogleg. I tillegg anbefaler forskarane at drifta ved mottaka blir lagt om.

– Det må i større grad fokuserast på den overordna omsorgssituasjonen for barna. Det må vere meir føreseieleg, seier Tyldum.

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE