Ferrante-roman blir spelefilm

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gyllenhaal presenterte nyleg planane under filmfestivalen i Toronto.

– Ferrante er for meg ein feministisk helt, særleg fordi ho er så ærleg om det komplekse samspelet. Eg beundrar den konstante vurderinga og refleksjonen, og det at ho heile tida prøver å forstå perspektivet til den andre, seier Gyllenhaal, ifølgje Bok365.

Les også: Ferrante-regissøren: – Tvilte ikkje ein augneblink

Gyllenhaal er mellom anna kjent for roller i filmar som «Mona Lisa Smile», «The Dark Knight» og «Crazy Heart». Det siste året har ho spelt Candy i TV-serien «The Deuce». Filmatiseringa av «Den dunkle dottera» blir Gyllenhaals debut både som manusforfattar og regissør.

«Den dunkle dottera» (2006) er éin av fleire romanar det italienske pseudonymet Elena Ferrante gav ut før det store gjennombrotet med Napolikvartetten. Boka kom på norsk i fjor.

I november er det premiere på den nye TV-serien basert på Napolikvartetten på HBO.

Les også her for fleire serietips. 

Gler du deg mest til HBO-serien eller filmen?

Gler du deg mest til HBO-serien eller filmen?

Filmen, sjølvsagt.4
Det må bli serien.6
Klarar ikkje velje!4
Ingen av dei.1
Svar totalt: 15

 

Sjå traileren til serien her:

https://www.youtube.com/watch?v=PXCKYOlIgTQ