Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 20.10.2017 09:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Tore Renberg var 20 år

– Unge Tore på 20 år … la meg ta kontakt med han no, seier Tore Renberg. Augenbryna synker nedover mens han kikker tankefullt ut i lufta.

Me møtes på den stue-aktige kafeen Bøker & Børst i Fargegata i Stavanger sentrum. Veggene er dekorert med ymse tapetar med blomemønster og slitte bokhyller stappa med brettspel og bøker. Baristaen helser på alle gjestene som om ho kjenner dei – noko det er stor sjanse for òg. Bøker & Børst er ein slik plass folk kjem tilbake til.

– Om 20-år gamle Tore hadde hengt mykje på ein plass som denne? Sjølvsagt! Han hadde elska det, fortel Tore.

– 20 år gamle Tore var ein ung mann med store, beundrane auge. Han var nyfiken, sjølvsikker og initiativrik, fortsett forfattaren. – Eg levde klisjé-livet til ein student. Eg festa mykje og var veldig aktiv. Eg deltok blant anna i studentradioen. Men på same tid studerte eg flittig, og på kveldane og nettene jobba eg med det som skulle bli mi debutbok.

Tre år etter han flytta til Bergen for å studere, publiserte Tore si første bok med tittelen «Sovende floke». Heilt sidan han var i 14-års alderen hadde han eit mål om å bli forfattar.

– 20 år gamle Tore ville framleis bli forfattar, og var eigentleg litt fornærma for at han ikkje hadde fått publisert noko allereie.

Du høyrest nett ut som Jarle Klepp? spør eg, og refererer til Stavanger-guten frå Tores bøker.

– Ja, det kan du seie! ler han. Han tenker seg om.

– Litt mindre arrogant, trur eg. Håpar eg.

Kverulerande kranglefant

I 1992, året då president George Bush kasta opp på den japanske statsministeren, Michael Jackson held sin første konsert i Noreg og Mario Kart blir lansert for første gong, begynte Tore å studere litteraturvitskap i Bergen.

Han var ideologisk og radikal; sosialist, kommunist eller anarkist, alt etter kva periode han var i. Han skulle i alle fall ikkje ha det han kalla ein «borgerleg livsstil» med ungar og eit A4-liv. Unge Tore trudde han forstod alt, og krangla og kverulerte både med medstudentar og mora si.

Saka held fram under bilete

Tore Renberg

20 år gamle Tore Renberg på Stavanger Stasjon, på veg til Roskilde-festivalen. Foto: Privat

– Eg ser det for meg, eg kjem heim til jul og har sett lyset, ikkje sant, og berre «Jesus, fattar du ingenting eller?». Eg likar ikkje å tenke på at eg var sånn. Heldigvis har eg ikkje same impulsar no lengre, seier han.

– Viss du tar bort den nydelege naiviteten og det nyfikne, så tenker eg at den Tore du sit igjen med ikkje er så mykje å ta vare på, altså. 20-åra var ei disproporsjonal tid i livet mitt.

Det farlegaste som finst

Unge Tore hadde heilt spesifikke utfordringar som dagens unge ikkje har, og omvendt, meiner Tore. Han synest det er mange ungdommar som er så kyniske, noko han slapp.

Eg ber han utdjupe. Tore drikk av teen sin, og tar ein lang tenkepause.

– Eller …, seier han og blir stille igjen. Til slutt trekk han pusten.

– Skal ein selgje noko er det den unge mannen du treng. Den unge mannen er så vakker, sterk og truande. Men han er også det farlegaste som finst. Han er eit lett bytte for ein forenkla versjon av verkelegheita. Det er han som utførar terroren, seier Tore.

«Det er aldri forseint» er det mange som seier, men ikkje høyr på dei.

– Krafta hans derimot, kan også brukast til å bygge heilt fantastiske ting. Eg saknar at nokon står på sidelinja og applauderar han, heiar på han. Nokon som får han over på rett spor. Me må ta tak i dei og seie «hei du, du har jo litt av ein kraft i deg, kva skal me gjera med den?».

– Kjenner du deg igjen i den unge mannen du skildrar?

– Ja, eg var utroleg bestemt, akkurat som han. Men eg var også alt for mjuk, alt for soft, til å ta det så langt.

– Eg har blitt han mannen eg hata

Som ung mann var det verste Tore visste folk i 40-åra. Spesielt menn i 40-åra. Dei var dei mest håplause, kjipe og sjølvfornøgde folka som gjekk på denne jorda.

– Dei trudde dei visste alt, sukker Tore. Han har ein teori om at dei erketypane som hatar kvarandre mest er nettopp 20 år gamle menn og 40 år gamle menn.

– Mann 20 ville vise at Mann 40 tar feil, mens Mann 40 vil oppdra Mann 20, forklarar han. Men no har Tore sjølv blitt den mannen han hata.

Saka held fram under bilete

Tore Renberg framføre kafeen Bøker og Børst i Stavanger sentrum. Foto: Ragnhild Sofie Selstø

– Det er slik dette livet er. Ein må omfamne den alderen ein er i, og så får krigen mellom 20- og 40-åringane stå sin prøve, seier Tore.

For gammal for fotball

Han har no blitt 45 år, er busatt i Stavanger, har fem barn i hus og har begynt å vurdera om livet har vore godt nok. Det gjev han litt panikk.

– Eg slutta med fotball og tenkte at eg berre kunne ta det opp igjen seinare. Men så bikka eg 30 år og knea tålte ikkje lenger å spele fotball. Så kan ein jo spørje kva nytten er av å gå å angre på ting, men …

Tore blir stille.

– Men eg skulle ynskje eg ikkje slapp visse ting når eg først hadde dei i hendene. Eg angrar litt altså. Eg hadde kjensla av at eg hadde så jækla med tid då eg var 20. Og det har du, bruk den! Gjer det no, ikkje vent. Uansett kva du gjer, la det bety noko. Ikkje kast bort tida di, oppfordrar Tore og sukker.

–«Det er aldri forseint» er det mange som seier, men ikkje høyr på dei. Det seier det berre for å vera snill og høfleg – I kid you not.

 

TORE RENBERG

  • Fødd 3. august 1972 i Stavanger.
  • Forfattar og musiker, kjend for bøker som «Du er så lys» og «Mannen som elsket Yngve». Sistnemnte er filmatisert og oversett til sju språk
  • Aktuell med den nye boka «Skada gods» og albumet «Ein dag te».