Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 21.04.2020 14:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Cecilia Samartin: – Eg følte eg ikkje høyrte til den i amerikanske verda

Fredag morgon sit Cecilia Samartin på Hotel Continental i Oslo. Ho er opplagd; ho reiste frå solfulle California dagen i forvegen og er framleis på amerikansk tid. Haustkulda har kome for alvor i Oslo, og Cecilia varmar hendene på ein kopp Earl Grey-te med melk.

Cecilia er i Noreg for å promotere si nye bok «Skjønnhet for aske», og for å treffe sin norske lesarskare. Mengden av fans av Cecilia er nemleg ikkje noko å kimse av. Berre her til lands har ho solgt over éin million bøker. Facebook-veggen hennar er full av beundrande meldinger og folks tankar om bøkene hennar. I tillegg er forfattaren tagga i andres innlegg, med tekstar som «endeleg har eg møtt favorittforfattaren min!» eller «spesielt å møte ein person for første gang og føle at eg allereie kjenner henne».

Og Cecilia elsker den norske fansen.

I forkant av Noreg-besøket skreiv Cecilia på Facebook; «Folk spør med ofte,  ‘kvifor reiser du til Noreg så ofte?’ Difor.» Teksten er etterfølgt av bilete av Cecilia som klemmer beundrarar eller held dei i handa.

Trygg boble

Men tilbake til Hotel Continental, fredags morgon. Cecilia Samartin møter Framtida.no for å snakke om kven ho var som 20-åring. I artikkelserien «Då eg var 20» har fleire kjende personlegdommar fortalt om 20-åra sine, den perioden psykologen Meg Jay kallar «den mest definerande tiåret av vaksenlivet».

Cecilia er fødd på Cuba men veks opp i Los Angeles samen med foreldra og to yngre søstre.

– DÅeg var heime var det som om eg var i Cuba. Men så kunne eg gå ut døra og vere som ein vanleg, amerikansk tenåring. På ein måte føltes det ut som om høyrte til den amerikanske verda, men på same tid kjente eg at det ikkje var meg; at eg eigentleg ikkje skulle vere der; at eg var falsk. Tryggleiken eg hadde heime gjorde det vanskeleg å bli sjølvstendig, fortel Cecilia.

Saka held fram under bilete

20 år gamle Cecilia Samartin (til høgre) saman med sine to yngre systre. Foto: Privat

– Korkje meg eller systrene mine takla overgangen til universitetet på same måte som andre tenåringar gjorde. Dei var alle så klar og glade for å flytte -. Cecilia slår ut hendene til sides, sprer fingrane og beveger dei; jazzhands, kallar nokon det.

– Slik var ikkje me. Det kjentes som om eg forlot mine kubanske røter då eg flytta ut.

Stille student

Då Cecilia var 20 år var ho på veg til å fullføre bachelorgraden sin i psykologi ved University of California, Los Angeles (UCLA). Etter endt utdanning skulle ho begynne å jobbe med menneske som hadde immigrert til USA frå land i Latin-Amerika.

– Eg ville hjelpe andre. Eg har alltid vore fascinert av mennesket, dialog og folks motivasjon til å gjere det folk gjer. Korleis folk kan reagere ulikt til same situasjon. Berre psykologien, folks indre liv. Så då eg først begynte å skrive, føltes det kjend ut, det var som om alle erfaringane eg hadde hatt hadde bragt meg til dette. Alt falt på plass, seier Cecilia. Ho har ein roleg og behageleg stemme med California-aksent. Ho drar på A-ane i slutten av orda, og legg den i eit lågare toneleie.

Cecilia var sjenert og stille, og foretrakk å observe i staden for å delta. Små grupper var betre enn store, og rolige kvelder med natur og bøker var kjekkere enn studentfestar. Ho skildrar seg sjølv som ein skugge; den personen som alltid stod på sidelinja.

– Du kan vel seie eg var ein nerd. Men ein lukkeleg nerd. Eg hadde eit rolig liv og likte det. Men som 20-åring trudde eg det var noko gale med meg fordi eg foretrekk stilla framfor festlivet. Eg følte meg som ei gammal dame. Men no har eg innsett at det er berre slik eg er – introvert. I tillegg har eg blitt klokare slik at eg kan akseptere den eg er. 20 år gamle Cecilia var veldig dømande mot seg sjølv, eg trudde eg alltid kunne gjere betre, fortel Cecilia.

Tenåra blir lengre

Det finst fleire artiklar som argumenterer for at 30 er det nye 20. Fleire og fleire ventar med karriere, ekteskap og born til etter ein har bikka 30 år. 20-åra er i staden prega av usikkerheit, kjensle av å vere «midt i mellom», sjølv-fokusering og utforsking av identitet. Cecilia er einig.

Eg ville ikkje bli sett på som kubansk, eg ville ikkje vere annleis, ein ‘weirdo’

– Jo meir komplisert samfunnet vårt blir, jo lenger varer tenåra, påstår ho. – Eg kan framleis sjå ein tankegang lik den tenåringar har hjå dei unge personane eg har i livet mitt, sjølv dei som er langt uti 20-åra.

Ho utdjupar.

– Identitet er alt for tenåringar. Du veit, det er som om verda berre spinn rundt deg og dine utsegn. Du må skillje deg frå det og det, og du må vere lik det og det.

– Før eg begynte på universitetet ville eg vere som alle andre. Eg ville ikkje bli sett på som kubansk, eg ville ikkje vere annleis, ein weirdo. Men mens eg studerte og blei eldre blei eg óg meir og meir stolt av den eg var. Som, okei, eg kan faktisk snakke to språk, det er det ikkje mange andre som kan! Eg trur universitetet på ein måte oppmuntrar oss til å tenke slik.

Psykologen Cecilia

Det viktigaste du kan gjere som 20-åring, i følgje Cecilia, er å seie ja. Vere ein ja-person. Tenkje at «ja, det har eg lyst å oppleve», eller «ja, dette har eg lyst å finne utav».

– 20-åringar veit ofte ikkje kva som er deira reise, kva som er deira unike sti i livet. Den er vanskeleg å finne viss ein ikkje seier ja til ting, prøver dei ut.

Saka held fram under bilete

Cecilia Samartin er utdanna psykolog, men er no forfattar på fulltid. Foto: Ragnhild Sofie Selstø

Eg spør korleis ein kan motivere seg sjølv til å seie ja, og får brått kjensle av å vera i samtale med psykologen Cecilia. Ho lener seg fram og får eit andletuttrykk som viser at ho lytter.

– Sjå for deg moglegheiter. Still deg sjølv «kva viss» spørsmål, dei må du ha mange av. Men eg trur kje du treng å svare dei, bare still det spørsmålet. 20-åra er også ei tid for å stille masse spørsmål. La dei henge i lufta, la dei puste, berre la dei vere der og sjå kva som skjer. Dei vil definitivt bli svart av seg sjølv. For sure.

Cecilias britiske ektemann Steven kjem bort til bordet me sitt ved. Cecilia skal vidare på boksignering, og han minner henne på at dei begynn å få dårleg tid. Nye og gamle beundrarar skal få ei ny bok signert, og eit par dager seinare er Cecilias  Facebook-vegg igjen fylt med bilete av varme klemmer og hyggelege tilbakemeldingar frå leseskaren hennar.