Vi må navigere oss ut av selfies, filter og posering


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Her om dagen gjekk meg og sambuaren ein tur i parken. På vegen såg vi ei jente som fotograferte ei anna jente, som stod og poserte framfor kameraet. Ved sidan av dei låg ein stor bag med klede. Litt seinare på turen såg vi dei igjen. Denne gongen sat jenta i ein fjellsprekk i berre bikinien mens ho andre knipsa bilde av henne. Så det er sånn det går føre seg, tenkte eg. Det er sånn Instagram-bilda blir produsert. Og dronningar blir til.

For å vere Instagram-dronning må du ha minst eit firesifra tal følgarar, du må vere ung, helst ha langt hår, store pupper, mykje sminke og ein solbrun kropp. I tillegg må det sjå ut som at du har eit spennande liv med mykje reising, mange vener og ein digg kjærast. Det er i tillegg eit pluss om resten av familiemedlemmane ser ut som dei kjem rett ut frå ein Hollywood-film.

Flott parkett

Klarer ein først å bli dronning på Instagram, kan ein leve godt av det. Bedrifter sender gratis produkt i posten, som dronningane berre treng å ta på deg og gjerne nemne ein eller annan gong. Det gjer at dei (ut frå bilda sine) kan dra på ferie, ta ein blund på sofaen, liggje på kjøkkenbordet og andre kjekke ting, i staden for å gjere ein vanleg jobb.

Ein trend blant Instagrammarar no er å gå på gata utan å vite at dei blir fotografert. Særleg medan dei ser ned i bakken. Ein annan populær ting er å stå tett inntil venninnene sine, smile og å sjå ned på golvet. Er det parkett eller fliser? tenkjer dei kanskje.

På ferie er det viktigast å sitje åleine ved bassengkanten, eller gjere ulike gymnastikkøvingar på stranda. Den nyaste trenden er at trusa skal vere så liten som mogleg, og kvar Instagram-dronning har mellom 20 og 30 ulike bikinar. Somme av dei gjer det ikkje mogleg å lyfte armane, men kva gjer vel det?

Navigering

«Uten ansikt er kroppen anonym; en av mange kropper, slik de florerer på internettet via Snapchat, dating-apper og live-webcams,» skreiv Hedda H. Robertsen i det siste nummeret av Fett. Ho har analysert boka Future Sex av Emily Witt, som handlar om identitetar etter den seksuelle og digitale revolusjon. Kroppane er sømlaust kopla til maskinane, skriv ho. Internettet er altoppslukande.

Vi må navigere oss ut av denne verda av filter, selfies og posering. Eit sjølvportrett i ny og ne er heilt OK. Det er den evige kampen om merksemd, med kroppseksponering, trutmunn og sjølvutlevering, som berre blir drygare og drygare. Og vi aksepterer det.

Eg kritiserer ikkje Instagram-dronningane personleg. Eg kritiserer kulturen, for eg trur ikkje at denne er særleg sunn for unge jenter som vekse opp i dag. Gjennom eit sosialt medium som er fullt av fitness, extencions og naken hud, lærer ungjenter at den viktigaste eigenskapen for ei jente er å vere pen. Materialisme er ein religion.

Usikker kapital

Eg er sjølv skuldig. Eg pleidde å vere svært oppteken av å bli oppfatta som pen, og søkte stadfesting på det gjennom likes og kompliment. Men så lærte eg at utsjånad ikkje er det viktigaste, og at det er ein ganske usikker kapital. Eg lærte at å få skryt for å vere flink i noko hadde mykje meir å seie for sjølvtilliten enn å høyre at eg var pen.

Sjølvsagt er det kjekt å høyre det også. Men det kan ikkje, og bør ikkje, vere den einaste inntekta for sjølvtillit. Langt frå den største. Det håpar eg at ungjenter i Noreg også kan lære, slik som eg gjorde.

Forbilde

For litt sida såg eg to jenter på Instagram, begge i 10-12-årsalderen, som poserte med sminke og tettsitjande kjolar og lata som om dei var «Paradise-Isabella» og «Paradise-Martine». Det viser direkte korleis ungjenter ser opp til desse eldre jentene på Instagram.

Mitt råd til Instagram-dronningar er difor: Hugs at ungjenter ser opp til dykk. Slik som de sjølv såg opp til andre Instagram-dronningar og som kanskje gjorde at de valte å ta silikon eller Restylane som 19-åring. Vil de at det skal vere idealet for lillesysterane våre?

Det vil ikkje eg. Dei fortener sunnare forbilde. Forbilde som ikkje reduserer jenter til utsjånad, men som tar intellektet og kjenslene deira på alvor. Vi er så mykje meir enn berre kropp!

LES OGSÅ: Instagram-dronninga Kristine Ullebø: – Eg bygde eit varemerke på å vera tynn

LES OGSÅ: Instakvardagen