«Trent kropp gir makt». Skal du lukkast, må du trene. Bølga av trening er over oss, og for nokon blir ho det viktigaste i livet.

Emma Tollesurd/Universitas
Emma Tollesurd/Universitas

Intens plasking er den einaste lyden i symjehallen på Domus Athletica. Kan hende er det eit jag i bakhovudet ein stad som har trukke ei mengde folk hit seint måndag kveld. Ein typisk treningsdag, der utskeiingane i helga skal nullast ut fra samvitet. Dei koblar ut, dei gjennomfører mål og dei kan gå sommarsesongen stolt i møte.

Nokon mosjonerer, andre vimsar urytmisk i friområdet, medan atter andre pumpar seg tomme i hurtigsymjingsfeltet. Rune Busch er ein av dei. Han har stupt ned i det turkise element og varmar opp med butterfly før økta verkeleg skal byrje. Han fyk fjærlett frå bassengkant til bassengkant.

– Det blir litt meir action no, lovar Rune.

Sekund seinare skyt treningsteamet over til motsett side. Dei har sett opp tempoet. Armar fyk ut til sida, skuldrar blir heva, musklar samlast, kroppen forsvinn ned. Opp att, med gispande munn og ny kraft. Rune leitar etter den rytmen han elskar, men han finner han ikkje heilt i vatnet. I det som ser ut som den tyngste øvinga i økta prøver han å vere ein delfin. Og øvinga heiter «dolphin kicks». Men menneskekroppen kjem til kort. Det ser ikkje like elegant og fjærlett ut lenger. Rune er sliten.

– Dette er berre jævleg tungt, for eg er ikkje så god teknisk. Det blir same greie om og om att, og eg tenkjer berre på at eg må halde ut.

For Rune handlar det etter kvart mindre om lyst, og meir om rein og skjær disiplin, innrømmer han. Typisk for mange som trener mykje set han seg mål, gjerne i form av et løp, renn eller maraton annankvar månad. Han prioriterer trening framfor fest og andre aktiviteter. Sjølv er han langt meir medviten på trening og kosthald enn foreldra då dei var på alderen hans.

– Eg blir sjølvsagt påverka av kulturen. Vi har vorte meir opplyst og får meir informasjon om effekta av trening.

At trening er bra for helsa er gammalt nytt. Men visste du at det dessutan er bra for jobben, studia og livet generelt? Kjem du på jobben eller skulen med pc-en i den eine handa og skia i den andre signaliserer du noko viktig. Trening gjev nemleg prestisje og status. Om du trenar og et rett syner du andre at du er effektiv, målretta og handlekraftig.

– Vel, fokus på status og ønskje om å lukkast og bli anerkjent ligg i naturen til mennesket. Det er mindre i kva grad folk har statusjag eller andre ting som motivasjon, enn at det faktisk bidreg til å redusere helseproblem markant, seier Rune nøkternt.

Kvar dag passerer vi avisstativ, sportsbutikkar og treningssenter som skrik at lukka er ein sunn og trent kropp. Trass eit gnagande samvit, likar vi å tru at som frie, sjølvstendige individ vel vi sjølv om vi vil snu oss vekk eller absorbere alt. Dernest kan vi snu oss mot statistikken og sjå kor upåverka vi er.

For talet på dei som trener mykje har auka. Treninga har òg vorte meir synleg enn før. 650 000 nordmenn er knytta til eit treningssenter, ifølgje Sats’ eigne tal. I 2010 omsette bransja for 3,5 milliardar kroner, ei auke på 12,8 prosent frå året før, ifølgje Aftenposten. 11367 sprang Oslo maraton i fjor. Birkebeineren er verdas største skirenn og terrengritt; 16800 skiløparar stilte til start tidlegare denne månaden, og i august straumar minst 25000 topp utstyrte syklistar til Rena. Slike styrkeprøvar fullteiknast på rekordtid, og for deltakarane krevast det gjerne månadar med nitidig hardtrening og fokus på eigen prestasjon.

At nordmenn er verdsmestrar i å hamstre ski, sykkel, pulsklokker og superunderty talar òg for seg. Ingen andre land i verda har forbrukarar som kjøper like mykje sportsutstyr. Omsetninga passerte 11,5 milliardar kroner i 2010, ifølgje interessesameininga Sportsbransjen.no. Bøker om lågkarbo sel meir enn varmt kveitebrød.

Lukkekjensla
Attende i symjehallen blir det kjempa mot mjølkesyre og mangel på oksygen. Vidopne munnar gispar etter luft ved kvart møte med overflata. Det ser direkte ubehageleg ut. Men snart kjem lukkekjensla.

Ho har Rune vorte hekta på. Han var aldri spesielt involvert i langdistanseidrett før han fylla 20, men sidan han melde seg opp til ein konkurranse kalla Norseman Extreme Triathlon saman med broren, har treninga vorte ei slags besetjing. Han vedgår sjølv at han er avhengig, at kroppen hans treng det.

– Eg blir hekta på den ekstremt tilfredsstillande kjensla av å vere sterk. Det er ein del av livet mitt no, og eg ønskjer å leve på denne måten.

For nokre blir ikkje berre treninga ein viktig del av livet. Han tek kontroll over livet.

Ofte er det spørsmål om å bli kvitt ein kilo eller to. Når treninga er godt i gang fòr ein kanskje positive tilbakemeldinger frå andre. «Trenar du så mykje? Så flink du er!» Dessutan aukar blodstrømen til hjernen, og kroppen sin eigne rusmiddel, endorfiner og dopamin, straumar på.

Vonde kjensler og stress slepp taket, og du meistrar og tek kontroll. Men dersom treninga derfrå blir svaret på alt som er vondt og vanskeleg oppstår ein usunn avhengighet, forklarar Øyvind Rø, forskingsleiar og overlege ved Regional avdeling for eteforstyrringar på Ullevål sjukehus.

Taktfast jogging, sterke svømmetak eller energiske stavtak kan vere ein måte å kjenne flyt og repetisjon på når resten er kaos. Samlivsbrudd, flytting, skade, vektauke, graviditet, eksamen. Typiske triggerpunkt som kan utløyse treningsavhengighet. Du spring deg vekk frå ditt eige sjølvbilde og din eigen utryggleik.

Alvorleg anoreksi
Astrid Skomedal sprang vekk frå ei isolert verd med alvorleg anoreksi. Som ekstrem perfeksjonist og typisk flink jente, handla alt om system og forbod i relasjon til mat. På det verste vog ho under 40 kilo, og livet besto av lite anna enn frykta for kaloriar. Med hjelp frå psykolog og foreldre greidde ho med ørsmå skritt å bryte ned rigide mønster dag for dag.

Trening vart vegen inn i ein litt annan hverdag, og sjølv om kroppen verkte og fraus, og kvar minste rørsle var eit ork, skulle ho opp på den tredemølla. Snart vart òg han ein del av eit farleg system.
 
– Det ligg i naturen til treninga at ho bør vere regelmessig, kontinuerleg og i ei ramme. For menneske med så sjuke system som eg hadde blir ho vanskeleg å balansere, fortel ho.

Treninga tok over for maten i Astrids eigen regelstyrte boble. Ho vart besett av tanken på å byggje opp att det ho hadde brote ned gjennom to-tre år. Bak lysta til å bli sterk følgde frykta for å leggje på seg etter kvart som ho åt eit par milligram meir kvar dag. Det måtte vere nøyaktig dei same øvingane med same mengder repetisjonar kvar gong ho trena, og det skulle aldri bli færre enn fem økter i veka, ikkje eingong på strandferie. Mangel på trening éi veke måtte takast igjen med ekstra mykje trening veka etter. Det var ren alvor og lite lyst.

– Du er råsterk. Du tek meir enn mange av gutane gjer!

Tommy Lande tvinger Astrid til å skvise ut det siste ho har av krefter. På timen med personleg trenar gjer Astrid den kroppen som var så avmagret for fire år sidan, endå litt sterkare. Ho løftar sandsekk, kastar vektball, tek utfall med kettlebells på 14 kilo og armhevninger med slynger. Så ser ho på Øystein og ristar på hovudet, med latteren i halsen.

– Fytti! Det var heilt forferdeleg! Eg blir heilt daud!

Det er mindre trening i dag. Astrid forsikrar at ho ikkje har noko kroppsleg mål lenger. I staden handlar det mest om å halde den sterke kroppen og lære nye ting. Men ho hatar å kutte ein av dei fem faste dagane. Kor går grensa mellom sjukt og sunt?
 
– Du må klare å kutte ut ei økt her og der, viss du er sliten eller venninnene spør om du vil finne på noko, utan at det blir heilt krise. Men vi har alle tinga vi må gjere for at vi skal vere nøgde med oss sjølv og ha god samvit. Nokre må sitje på skulen i til seint på kveld, eg må trene.

No handlar det òg om at treninga er noko av det som held livet i sjakk, viss det sklir ut på alle andre arenaer. Når ho trenar fem gonger i veka kan ho ete kva ho vil. Godteri kvar dag, kake på fest, pizza på ferie. Om ho vil.

– Eg veit kva som bur i meg. Viss eg byrjar å innføre nye lovar overfor meg sjølv igjen vil vegen tilbake til spiseforstyrringa vere kort. Eg kunne gjerne vore tynnare enn eg er no, men eg kan ikkje gjere noko med det, for då tek det over.

Overtrening
Inntil 80 prosent av anorektikarar og 50 prosent av bulimikarar overtrener. Ortoreksi, eller sjukeleg treningsavhengighet, blir av nokre betegnet som ein fjerde spiseforstyrrelse. Det er førebels forska lite på det, men fleire studium vil vere rett rundt hjørnet. Sjukdomsbiletet blir prega til ei kvar tid av kulturen vi befinner oss i, så etter kvart som presset ikring trening og å vere sunn aukar kan det òg bikke over for fleire, meiner Øyvind Rø ved Ullevål sjukehus.

– Når treninga blir tvang kan ein snakke om det som ein sjukdom. Då er det ikkje lenger den sunne, gledesfylte aktiviteten. Du snevrar inn livet til å handle om kor mykje du har trena, og kor lenge du har gått utan å ete sjokolade. Om du ikkje får trena følar du deg totalt mislykka og resten av dagen og veka og blir eit nederlag, seier han.

Nokre menneske, ofte unge, pressar seg langt ut over det som er rimeleg. Dei sug til seg kvar millimeter av informasjon om dei nyaste diettane, det mest fancy utstyret og dei mest effektive metodane, og legg opp dei striktaste rutinar som om dei var toppidrettsutøvere. Ofte er det dei som er svært opptekne av orden og stiller svært høge krav til seg sjølv som er mest tilbøyelege til å skape tvangsmessige mønster i trening og eting.

Dersom sjølvbiletet avheng av å vere flink til noko, kan treninga fort få for mykje å seie i jakta på ei god kjensle. Og om du berre har det bra med deg sjølv når du har lukkast med treninga er det eit teikn på at det har gått for langt. Dei som har ein negativ treningsavhengigheit er dei som har late aktiviteten ta kontrollen over seg. Dei greier ikkje å seie stopp. Når kvardagen blir lagt opp ut ifrå treningsrutinane, og familie, vener, jobb og studium alltid må vike, er det fare på ferde. Overdriven trening utsett deg for skader, set ned immunforsvaret og kan føre til ubalanse i elektrolyttverdiene, kalium- og magnesiummangler og derfrå gje alvorlege hjerteproblemer. Isolasjon, einsemd og ikkje minst å bli utbrend er psykiske konsekvensar.

– Det er ekstra vanskeleg å handsame denne typen avhengighet, for fysisk aktivitet er ikkje noko du kan slutte med. Faren for tilbakefall er enorm. Trening er eit ignorert symptom. Det skal jo berre vere sunt, seier Solfrid Bratland-Sanda, førsteamanuensis i fysisk aktivitet og helse ved Høgskulen i Telemark.
Ho oppfordrar alle treningsavhengige til å spørje seg sjølv: Kva skjer om eg må droppe treninga éin dag?

Les òg: Jentene sine nye førebilete

Skummelt priviligert

–Eg er nesten skummelt privilegert på dette stadiet i livet, for eg kan tenkje på meg sjølv og velje nett når eg vil trene, og korleis, seier Stine Storvik. Ho er spent på om ho klarar å halde på gode rutiner når jobb, familie og andre ting blir viktigare.Bilete: Universitas.

 

I ein trang og overfylt sal har Stine Storvik funne plassen sin. Som på dei fleste treningssenter er det enorm pågang òg på Sats Majorstua, særleg måndag ettermiddag. Det er såkalla blå time, som tyder at Stine må jobbe ekstra hardt på stepplata. Bilete: Universitas.

For Stine Storvik blir svaret at ho føler seg slapp og råtten om ho ikkje får trena, og aller helst dei fire treningsøktene som ho har planlagt veka før. Men det er ikkje så enkelt som det ofte blir framstelt, understrekar ho. Det er ikkje berre å poppe innom senteret og vips! så trenar du masse og har det kjempegøy, utan at du anstrengjer deg ein gong. For henne er det hard prioritering, og treninga gjer vondt.

– Tre gonger til! Jobb! Jobb! Jobb!

Låra verkar, men rytmen til Ghost Busters-mixen trekk dei framleis taktfast opp og ned frå stepplata. Stine har ingen pust igjen og må pent stole på instruktøren, den strengaste og ivrigaste av dei alle, som har lova at det berre er ti sekund att. Dei er halvvegs i andre topp, og målet er makspuls. Når Stine endeleg kan løfte fram vannflaska, sjekkar ho pulsklokka.

– Haha, 207! Eg var nestan oppe i makspuls, jo!

Det er alt ho treng å fokusere på når ho trenar. Hoppe høgt, lovnad tungt og få opp pulsen, skrive det opp i treningsdagboka og klappe seg på hverdagens høge skuldre. Trening blir ein arena ho meistrar, der andre bekymringer slepp taket. Godt er det òg at ho kan gjere det akkurat når det passar henne. At vi sjølv kan leggje opp treninga slik at han passar perfekt inn i ein fullpakket hverdag, er nøkkelen for mange av treningssentra i dag. I det individualiserte samfunnet vårt, der sjølvutvikling og valgfridom står sentralt, blir det ei slags «fridom til å trene».

Sjølv om det for Stine handlar mest om denne kjensla av mestring, er pressa frå omgjevnadane godt festa i undermedvitet. I jussmiljøet ho tilhøyrer er det ein høg tettleik av pene, veltrente menneske som ser ut til å meistrar alt, og sunn livsstil kobles til humør og prestasjon. Over i arbeidslivet, ofte i næringslivet, møte studentane forventingar som har lite med stillinga å gjere. Einskilde stillingsannonser etterlyser folk i «god fysisk form». Stine fleipar om at ho helst burde gått Birken for å ha eit gunstig tema å snakke om på jobbintervjuet.

– Når arbeidsgjevaren blandar seg inn i kor mykje du trenar er vi på feil stad. Dette fokuset på å bli ein einar, som det einaste målet, er usunt. Det skal handle om i kva grad du gjer ein jobb eller ikkje, meiner Stine.
Slik spreier konkurransementalitet med vekt på mål og resultat seg frå toppidretten til kvardagsmosjonen og vidare til andre arenaer i livet.

– I mange miljø finst ei klokkartru på at korleis og kor mykje du trenar kan overførast til effektivitet og yting i studia og på arbeidsplassen. Det skal gjere deg regulert, systematisk og god til å gjennomføre mål. Trenar du mykje er du heilt sikkert flink til å meistre fleire frontar, er tanken, men det blir altfor enkelt, hevdar Yngvar Ommundsen, professor i idrettspsykologi ved Noregs idrettshøgskole.

Vi bør drøfte motiva hjå dei som no trenar meir enn nokon gong, meiner han. Er det frykt? Plikt? Skuldkjensle? Ein måte å få skryt og tilbakemeldingar på? Trening med mål om å bli vellukka kan gjere deg utbrend i staden for gje meir overskot og trivsel, åtvarar han. Den har Rune vorte hekta på. Han var aldri spesielt involvert i langdistanseidrett før han fylte 20, men siden han meldte seg opp til en konkurranse kalt Norseman Extreme Triathlon sammen med broren, har treninga vorte ei slags besetting. Han vedgår selv at han er avhengig, at kroppen hans treng det.

– Om dårleg samvit åleine prega treninga blir det vanskeleg å finne glede i ho. Ho blir instrumentell, som ein måte å bli venare og slankare på. Det skapar jojoslanking, ekstremtrening og ikkje minst mange skuffa menneske. Det er betre å kjenne ein indre motivasjon i form av glede og lyst kobla vekk ifrå det du ser på vekta og i spegelen. Alt som kan ta fokus vekk ifrå kroppsmotiva gjer treninga meir fylt av glede, seier Ommundsen.

LES OGSÅ: Spring ut fem par joggesko i året

Sosial og gledesfylt aktivitet?
Om trening er ein sosial og gledesfylt aktivitet for mange, er den vel så ekskluderande for andre. Eit vanleg medlemsskap på Sats og Elixia kostar mellom 450 og 700 kroner. Personlege trenarar er meir populære enn nokon gong og tek gjerne 700-800 kroner i timen.

– Treningsbransjen er ute etter dei betalingssterke kundane. Det ligg sterke interesser i å spekulere i folks misnøye med eigen kropp. Det gjeld plastisk kirurgi, diettrådgjeving og treningssenter. Det er flott og fint at dei får folk til å trene og leve sunt, men kom ikkje her og sei at det berre er eit ønskje om at folk skal ha det bra som ligg bak, seier overlege Øyvind Rø ved Ullevål sjukehus.

Les heile saka i Universitas!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE