Psykolog: Banning gjer deg litt sterkare

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Banning gjer deg sterkare

Sjå føre deg at du dunkar ei tå i kanten på eit møbel. Smerten er intens, skarp og nesten ikkje til å halde ut. Mange vil ty til verbale uttrykk for klage over kor fælt dei har det.

Men er det til hjelp å banne?

Ja, var svaret frå psykolog Richard Stevens, som i 2009 ba ei gruppe frivillige om å halde hendene ned i isvatn. Nokre fekk lov til å banne, medan andre berre fekk bruke «snille» ord, som planke eller brun.

«Banning auka smertetoleransen, auka hjarterytmen og senka den opplevde smerten samanlikna med å ikkje banne», skreiv Stevens i forskingsartikkelen.

Sidan 2009 har psykologen undersøkt effekten av banning i fleire ulike situasjonar. Studiane er utført med middels store grupper av testpersonar, og gir informasjon om korrelasjonar og ikkje direkte årsakssamahengar.

Resultata hans viser mellom anna at dagleg banning kan oppheve den smertelindrande effekten, samt at samt at personar som er sinte også kjenner mindre smerte, og at aggresjon kan auke frekvensen av banneord.

Kan banning gjere deg sterkare?
Nyleg la Stevens fram resultata frå ein ny studie der han testa om banning kunne påverke fysisk styrke. The Guardian skriv om funna som vart presenterte på eit møte i det Britiske psykologiske akademi.

I eksperiment med sykling og gripestyrke testa Stevens om forsøkspersonane presterte betre dersom dei fekk lov til å banne. Kontrollgruppa nytta nøytrale ord.

29 personar deltok i sykkeltesten (30 sekund med høg motstand) og 52 personar testa gripestyrken (ti sekund) i ein av hendene sine. Snittalderen for syklistane var 21 år, medan deltakarane i den andre gruppa var 19 år gamle i snitt.

I følgje studien presterte syklistane som fekk bruke banneord åtte prosent betre enn dei som nytta nøytrale ord. I gripetesten presterte dei som banna mellom to og fire prosent betre, ein verdi tilsvarande 2,1 kilo, i følgje studien.

LES OGSÅ: Negative resultat slår tvil om effekten av legemiddel

Meir å oppdage
I motsetnad til tidlegare studier, fann ikkje Stevens at hjarterytmen var høgare hjå dei som banna samanlikna med dei som nytta nøytrale ord. Det kan indikere at banninga ikkje auka adrenalin-nivået hos deltakarane.

«Kva som er grunnen til at banning har desse effektane på styrke og smertetoleranse står att å oppdage», seier Stevens til The Guardian.

For nokre år sidan testa Ylvis om det var banning, fine ord om sommaren eller stillheit som var den beste strategien for å halde hendene i isvatn. Sjå resultatet av det uhøgtidlege forskingsprosjektet deira under.