Ver stolt over å vere bitch


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For ikkje så lenge sidan såg eg og ei veninne eit program med Tabatha Coffey på TV, og var einige om at denne Tabatha, ho var «litt sånn bitch».

Om du ikkje veit kven Tabatha er, så er ho for frisørbransjen det Gordon Ramsey er for restaurantbransjen. Ho reiser rett og slett rundt og fiksar frisørsalongar på TV. Og når ho gjer det er ho ærleg og gjerne litt tøff i tonen. Ho pyntar ikkje på sanninga, men seier ifrå om kva som er gale på ein direkte måte. Dette har altså gjort henne fortent til å verte kalla «bitch» hjå mange.

Dominerande og ondsinna

Tabatha Coffey i 2008. Foto: Colourbox / CAP/LNC/TOM/Capital Pictures

Då eg for nokre dagar sidan scrolla nedover på Youtube og kom over ein TEDx-Talk med nettopp Tabatha, og tittelen var «Why you need to be a bitch» måtte eg nesten sjå han. Tittelen viste seg å vere noko misvisande. Videoen handlar ikkje så mykje om kvifor kvinner skal vere «bitchy», men er heller ei utgreiing om ordet, og korleis me nyttar det mot og om kvarandre.

Merriam-Webster sin definisjon av substantivet “bitch” er at det er eit støytande ord om kvinner som er dominerande eller ondsinna, men dei nemner òg at det somme gongar blir brukt som eit generalisert skjellsord. Det er denne bruken eg vil diskutere. For det blir ikkje berre nytta mot ondsinna kvinner; det blir nytta mot kvinner generelt.

Les også: – Ny ordbok er eit nøkkelverk for det norske språket

Me bryt kvarandre ned

I sin TEDx Talk fortel Tabatha at ho ofte blir kalla bitch av framande. Ho lurer på kva det grunnar i, dette med kvinner som kallar andre kvinner bitch. For det gjer vondt å bli kalla bitch uansett kven som seier det.

«Om du er ei sterk kvinne. Om du snakkar med autoritet. Om du ikkje kneler for folk. Om du seier meininga di. Om du har ei sunn dose med ego, er sjølvsikker og er veldig lidenskapelig, då er du bitch,» seier Tabatha.

«Kvifor skal eg kalle henne bitch? Det er som å kalle meg sjølv bitch»

Ho fortel vidare at desse kvalitetane hjå menn gjer dei til leiarar, pålitelege personar, kanskje til og med president. Det største problemet for henne er at «me gjer det mot kvarandre». På den stygge måten, og ikkje som ein søt instagram-hashtagg.

Tabatha spør kor ofte me har møtt på kvinner og tenkt «for ei bitch», og lurer på kvifor. Var det ut av sjalusi fordi den andre kvinna har kvalitetar me ikkje har?

«Me hjelper ikkje kvarandre. Me må promotere vekst og gevinst over sladder. Me må slutte å bryte kvarandre ned som kvinner,» seier Tabatha. Ho fortel at ho forstår andre kvinner, og presset som ligg på kvinner for å vere perfekte. «Så kvifor skal eg då kalle henne bitch? Det er som å kalle meg sjølv bitch. Du gjer det mot deg sjølv. Når du ser på ei anna kvinne, ser du i spegelen.»

Les også: «Hooke» får plass i ordbok til 100 millionar kroner

Dicks og bastards

Tabatha meinar at det ikkje finst nokon ekvivalente ord for menn. Der er eg ikkje einig. Ord som «dick» og «bastard», eller «dritsekk» på norsk, vert gjerne definert nokolunde likt som «bitch». Men det fins ei forskjell i kva vekt orda har.

For sjølv om menn blir kalla dick eller bastard, er det ikkje like nedverdigande ord som det bitch er. Og dei blir ikkje i like stor grad brukt for å hogge ned nokon, fordi dei har kvalitetar me er sjalu på. Og når desse orda nyttast mot menn, er det ikkje som kritikk for at dei bryt med kjønnsrolla si.

Det skal seiast at eg og veninna mi, når me kalla Tabatha ei bitch, òg samanlikna ho med liknande TV-vertar som Gordon Ramsey og John Tafferty, og snakka om korleis dei gjerne må vere litt harde i tonen når dei møter eigarar av verksomheiter som rett og slett verkar inkompetente. Men me tenkte ikkje over kvifor Tabatha blei bitch og dei andre var, på det verste, dritsekkar.

Les også: Jåle, spjåk, fjolle, gås var synonym på kvinner

“For ei bitch!”: Den meir passande versjonen. Foto: Colourbox

Den beste bitchen eg kan vere

Tabatha har laga sin eigen forklaring på ordet «b.i.t.c.h.»: brave, intelligent, tenacious, creative and honest (oversatt: modig, intelligent, uthaldande, kreativ og ærleg).

Til slutt kjem ho med ei oppfordring. I staden for å kalle andre kvinner bitch, la oss heller seie «eg er litt sjalu, for det ho der har er fabelaktig, og eg vil ha litt av det».

I staden for å kalle ei kvinne bitch fordi ho fekk noko du ville ha, finn heller ut kva du kan lære av henne. Me løftar ikkje nokon av oss om me berre bryter andre ned. Det løyser ingenting.

Me må slutte å kalle kvinner bitch berre fordi dei bryt med kjønnsrolla si.

Og om nokon skulle seie at du er bitch, så smiler du, og seier «Takk, ja det er eg. Og eg er faen meg den beste bitchen eg kan vere!»

Det ligg makt i språk og korleis me brukar det. Skal me minke den ondsinna betydinga er me nøydde til å slutte å bruke det som eit ondsinna ord.

Me må slutte å kalle kvinner me misliker for bitch. Me må slutte å kalle dei bitch berre fordi dei bryt med kjønnsrolla si. Me må slutte å bruke ordet bitch ut av sjalusi. Kort fortalt: Me må skjerpe oss, bitches!

Les også: Bannskapen samla i eiga ordbok

Funfacts

  • Ordet «dick» er nytta både som slang for penis, og som skjellsord mot menn. Men det vart faktisk nytta til å beskrive ein mann av tvilsom karakter i litteratur allereie på midten av 1600-talet, medan det ikkje blei slang for penis før på 1800-talet.
  • «Bitch» i verb-form, betyr «å syte» på norsk. «Syte» er òg eit substantiv, definert av nynorskordboka som «person, særleg kvinne, som syter mykje». Kanskje nynorskordboka kan ta litt sjølvkritikk, dei og?
  • Ordet «bitch» kan òg nyttast i meir positive tonelag, som i «kva skjer, bitch» og liknande. I desse tilfella er det ofte veninner som nyttar ordet om seg sjølv og kvarandre på ein positiv måte. Dette tek òg Tabatha høgde for i videoen.
  • Ord med liknande betydningar på norsk vil vere «hurpe», «megge» eller «heks». Heller ikkje fine ord å kalle nokon, i fall det måtte seiast.

Les også: Dikta til Danez Smith får eit nytt liv i norsk antologi