Ein ny sosialdemokratisk bistandspolitikk

Vemund Viken, fylkesstyremedlem, AUF i Oppland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Et opp maten din. Tenk på dei stakkars fattige barna i Afrika». Høyrd det før? Mest sannsynleg har du det, for det eit populært utsegn.

Heilt utan rot i verkelegheita er det ikkje. Verda har nok ressursar for oss alle, men dei skeivt fordelt og og Afrika har vore blant dei områda som har kome dårlegast ut.

Et opp maten din. Tenk på dei stakkars fattige barna i Afrika

Eit resultat av den ujamne fordelinga har vore at bistandspolitikk på eit overordna nivå har handla om å overføre ressursar frå nord til sør. No er det den balansen i endring, og det må legge føringar for kva bistandspolitikk vi fører.

Les også: Regjeringsplattforma vil ikkje redusere fattigdom i verda

Aukande ulikskap

Dei siste åra har vi sett at det har vekse fram ei ny global middelklasse, på tvers av geografiske og kulturelle skillelinjer. På den eine sida viser det at politikken vi har ført til ein viss grad har fungert. På den andre sida har det lagt til rette for store sosiale forskjellar. Medan nokon går på toget, blir andre ståande att.

Ein gong går det gale

Samtidig blir verda meir urbanisert. Vi går mot ein situasjon der det kan samlast mykje fattigdom saman med stor rikdom. Historia har vist oss at det er som å leike med ilden. Ein gong går det gale. Bistandspolitikken er eit viktig verktøy for å møte den utviklinga.

Framtidas bistandspolitikk må ha nokon overordna mål: sosial utjamning, demokratibygging og feminisme. Kort sagt: skape meir likskap. I praksis tyder det å sikre kvalitetsutdanning til alle, skape eit seriøst internasjonalt arbeidsliv og ei storstilt satsing på kvinnehelse. Mangel på skikkelege sanitærforhold gjer at det kvar dag er mange som held seg heime på grunn av mensen. Om ein summerer opp alle dei skule- og arbeidstimane som går tapt på grunn av det, treng ein ikkje vere samfunnsøkonomi for å sjå at det er eit stort potensiale som går tapt.

Les også: Må droppe 443 millionar skuletimar

Eksempelet Sør-Sudan

Med andre ord handlar moderne bistandspolitikk om meir enn berre å overføre pengar frå ein konto til ein annan, noko som har vore den klassiske karikaturen på bistandspolitikk. Det handlar om å drive med samfunnsbygging og bryte ned ein del gamle maktstrukturar. Som ein av dei store aktørane i dette spelet har Noreg ein del vi kan bidra med der.

Samtidig skal vi vere medvitne på at det ikkje er gjort i ei handvending å endre eit samfunn, noko Sør-Sudan er eit godt eksempel på. Her var Noreg tungt inne, både gjennom FN og gjennom Kyrkjas Naudhjelp og Norsk Folkehjelp.

Moderne bistandspolitikk handlar om meir enn berre å overføre pengar frå ein konto til ein annan

Innsatsen som blei lagt ned for å skape ei minneleg løysing og skille ut Sør-Sudan som ein eigen stat var imponerande, og det er mykje å lære av det. Men diverre glei landet attende i borgarkrig. Når krigane i Syria og Jemen ein gong tar slutt er lærdomen frå Sør-Sudan at langsiktig tenking er avgjerande for å lukkast.

Les også: Har Afrika eit siviliseringsproblem?

Fridom

For meg som sosialdemokrat handlar politikk om fridom, forstått som å legge til rette for at folk kan leve det livet dei sjølv vil. Det tyder å bygge ned strukturar som avgrensar moglegheitene til folk, både her heime og der ute.

Eller for å seie det på ein annan måte: vi må stadig sjå på korleis vi fordeler ressursane rundt oss. Fordelinga er i endring, og vi veit mykje om kor komplekst dette feltet er. Det må også kome til syne i framtidas bistandspolitikk.

Les også: Det må vere ulike typar utvikling i ulike land