AUF-leiar Mani Hussaini krev at ein større del av norsk bistand går til utbygging av toalett og vatn i utviklingsland.

mm

– Me veit at mangel på reint vatn og gode sanitærtenester rammar kvinner hardast, og konsekvensane er at jenter og kvinner vert halde borte frå utdanning og arbeid, seier Hussaini i ei pressemelding til Framtida.no.

I høve verdas vassdag, 22. mars, ønsker AUF-leiaren å retta søkelys på den kritiske situasjonen rundt vass- og sanitærtenester i mange utviklingsland.

– Mangelen på reint vatn gjer at barn er oftare og meir sjuke, og det er ein kjensgjerning at kvinner oftast vert heime med sjuke born. Tradisjonelt sett er det òg kvinner som får i oppgåve å skaffa vatn til familien, noko som gjer at dei vert tvinga til å velja vekk skule, arbeid og deltaking i samfunnet forresten, seier Hussaini (bildet).

LES OGSÅ: UNICEF: Handvask kan redda 800 barn dagleg

Jenter med mensen går glipp av skule
Globale tal frå FIVAS viser at kvar tredje skule ikkje tilfredsstiller behovet til elevane for reint vatn og trygge sanitærtenester, og at dette òg først og fremst rammar jenter i puberteten.

– Konsekvensen er at menstruerande jenter går glipp av så mykje som ein fjerdedel av skuleåret på grunn av mangel på reint vatn og toalett, noko som utgjer sjokkerande 443 millionar skuletimar i året. Det er eit alvorleg problem, og viss ein får opp kvaliteten på vass- og sanitærtenestene ved skulane i utviklingsland vil det bli mykje enklare for desse jentene å fullføra utdanninga si, seier Hussaini.

LES OGSÅ: Når vatnet ikkje renn

Større sjanse for overgrep
Ofte ligg det mykje skam og tabu rundt sanitærtenester, og sjansen for overgrep og valdtekt aukar utan trygge toalett.

– AUF ønsker ein feministisk utviklingspolitikk som anerkjenner at kvinner ber den tyngste byrda av vassmangelen i verda. Det at jenter går glipp av utdanninga si fordi dei får mensen og ikkje har reint vatn eller eit toalett å gå til, er ein røyndom som er vanskeleg å sjå for seg i Noreg.

No krev AUF at ei ny Ap-regjering gjev støtte til prosjekt som jobbar for tilfredsstillande tilgang til vatn og sanitærtenester i utviklingsland.

Landsmøtet til Arbeidarpartiet byrjar 20. april.

LES OGSÅ: Tusenårsmålet om reint drikkevatn er nådd

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE