Sjøvoll: Det må vere ulike typar utvikling i ulike land

Andrea Sjøvoll, leiaren i Sosialistisk Ungdom, har klare synspunkt på bistand og utvikling i den nye regjeringsplattforma.

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det må vere ulike typar utvikling i ulike land

– Norge har sjansen til å bistå mange land med utvikling, men det må vere ulike typar utvikling i ulike land, seier leiaren for Sosialistisk Ungdom, Andrea Sjøvoll, til Framtida.

I ein kommentar til punktet om at “Regjeringen vil samarbeide med utsatte demokratiske land om økonomisk og demokratisk utvikling, særlig på Vest-Balkan og i Europas randstater”, legg ho vekt på at land på Vest-Balkan har eit særskilt behov for hjelp med å bygge rettsikre og demokratiske stater. Særleg meiner ho hjelp til å byggje opp ei sterk fagrørsle og styrke det sivile samfunnet er viktig.

– Dette må likevel ikkje gå på kostnad av viktig bistand og hjelp til land som verkeleg har behov for tradisjonell og anna bistand. Skal vi nå bærekraftsmåla må vi satse på flere område.

Næringslivet som partnar i utviklingspolitikken

Sjøvoll

Andrea Sjøvoll er leiar i Sosialistisk ungdom. Foto: SU

Sjøvoll er meir kritisk til at “Regjeringen vil legge til rette for at norsk næringsliv i større grad kan bli en samarbeidspartner i utviklingspolitikken”.

– Regjeringa kan ikkje leggje ansvaret for utviklings- og bistandspolitikken over på næringslivet, det er ei av de viktigste oppgåvene til den norske regjeringa og staten.

Ho vedgår at norsk næringsliv har kompetanse på område som kan vere viktig for utvikling i eit land, men er redd for at vi får ein utviklingspolitikk som vert driven av profitt og ikkje gjev land sjansen til å utvikle seg.

– Hovudansvaret må liggje hjå regjeringa.

Hjelpe dei aller fattigaste

– Mange av landa Norge gjev bistand til slit med nett demokrati, menneskerettar og rettsstatsutvikling. Norge kan ikkje la befolkninga lide fordi vi skal vere strengare med kva for land vi gjev bistand til, seier Sjøvoll, og peikar på punktet om at “Regjeringen vil i større grad stille krav til mottakere av norsk bistand om fremgang innen områdene demokrati, sivilsamfunn, anti-korrupsjon, rettsstatsutvikling, menneskerettigheter og vilje til å balansere sine offentlige budsjetter.”

– Norge må heller bistå land i å byggje opp demokratiske, likestilte og rettssikre statar enn å hindre statar (mange av dei i krig) i å utvikle seg.

Ho meiner at Norge ikkje kan nekte støtte til område i krig eller konflikt. Særleg viktig er dette ettersom folket i desse områda, særleg kvinner og born, er spesielt utsette for rettsbrot her.

– Norge kan ikkje nekte støtte til slike statar, men må heller leggje inn ein ekstra humanitær innsats i slike konfliktar.