Har Afrika eit siviliseringsproblem?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Under ein pressekonferanse på årets G20 møte i Hamburg fekk den franske presidenten, Emmanuel Macron spørsmål av ein journalist frå Elfenbeinskysten. Journalisten spurte kvifor det ikkje har vore ein versjon av Marshallplanen for det afrikanskje kontinentet.

Slik svarte den nyvalte franske presidenten:«Utfordringa til Afrika er heilt annleis, den er mykje djupare. Det har med sivilisering å gjere. Mislykka statar, kompliserte demokratiske overgangar, den demografiske overgangen».

Seinare la han til dette: «Ei av dei mest sentrale utfordringane i Afrika […] er at i visse land er det i dag kvinner som føder sju eller åtte barn.»

Dubie Toa-Kwapong er fødd og oppvaksen i Noreg, men ser noko som mange andre nordmenn ikkje ser. Foto: Privat

Nedverdigande overfor Afrika

Nokre har opplevd dette som ein skuffande uttale frå ein leiar mange har trudd var meir progressiv enn desse kommentarane viser. For afrikanarar er dette endå ei påminning om korleis det globale samfunnet ofte ser oss.

Den nedverdigande måten den vestlege verda har omtala Afrika i fleire hundre år. Det er slike utsegn som gjorde det mogleg at nesten heile kontinentet mista sjølvstendet og vart europeiske koloniar mot slutten av 1800-talet.

Medan europeiske land påstod at dei skulle «redde» afrikanarar frå vår «barbariske» natur, vart vi eigentleg berre eit ressurslager. Frankrike, Storbritannia, USA og andre supermakter hadde ikkje hatt nok ressursar og menneskekraft til å komme seg gjennom sine industrielle revolusjonar utan tilgang til afrikanske koloniar.

Medan Europa og Nord-Amerika fekk nytte av det koloniane hadde å tilby for å utvikle sine samfunn, fekk ikkje vi fokusert på våre eigne utviklingsprosjekt. Historikar Walter Rodney tar føre seg dette i den klassiske boka How Europe Underdeveloped Africa (1972).

Jobbar for å endre kontinentet

Afrikanarar er ikkje naive til utfordringane som kontinentet har framfor seg. Mange av oss er migrantar og flyktningar av nøyaktig desse årsakene. Våre familiar og venner har kjent desse på kroppen og på psyken. Dei fleste har ei djup forståing av dei nyanserte historiske og geopolitiske hendingane som har ført til problema i dag.

Fleire er opptekne av å finne ut meir om rolla vi afrikanar har spela i å kome til det punktet. Mange jobbar hardt for å finne ut korleis vi kan endre tilstanden til kontinentet for det beste.

Det er sant at Afrika har djupe, kompliserte problem. Men desse problema har ingenting med ein mangel på sivilisasjon å gjere.

Blant utfordringane våre er uetiske leiarar, unaturlege landegrenser, befolkningar som har mista håpet om at ting kan endre seg, og ein urettferdig global orden som gjer det utruleg vanskeleg å for oss oppnå berekraftig utvikling.

Heldige, ikkje meir intelligente

Det er eit faktum at den høge livskvaliteten til oss som bur i rike land er basert på at livskvaliteten til menneske som bur i fattigare strøk ikkje betrar seg. Landa våre har utvikla seg på bekostning av andre land.

Ikkje fordi vi er meir siviliserte eller meir intelligente, men fordi vi har vore heldige og ofte fordi vi har vore grådige og egoistiske.

Macron kom med eit godt poeng: «Afrikanarar må utvikle ei serie med retningslinjer som er langt meir sofistikerte enn éin enkel Marshallplan.» Dette er noko afrikanske akademikarar som Dambisa Moyo har diskutert mykje.

Men spørsmålet journalisten spurte er framleis viktig å tenkje på om vi skal klare å skape ei rettferdig verd.