Regjeringsplattforma vil ikkje redusere fattigdom i verda

Changemaker meiner norske politiske og økonomiske interesser har trumfa behovet til dei fattigaste i verda i den nye regjeringsplattforma.

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Regjeringsplattforma bekreftar ein skremmande trend der norske interesser trumfar fokus på fattigdomsnedkjemping og utvikling, seier Tuva Krogh Widskjold, leiar for Changemaker, til Framtida.

– Bruk av bistand for å sikre returavtalar er forkasteleg og legg innvandringspolitiske føringar for korleis norsk bistand nyttast. Dersom bistanden skal kome dei fattigaste og mest sårbare til gode, kan ikkje regjeringas ønske om å sikre fleire returavtalar blandast inn.

Her får Changemaker støtte frå Redd Barna, som meiner det blir både dårlegare og dyrare bistand når bistand blir bunde saman med returavtalar.

– Å bruke norsk bistand som forhandlingskort for å få på plass returavtalar vil føre til at innvandringspolitiske omsyn legg føringar for bistanden. Dette er så langt i frå samstemt politikk for utvikling som vi kan kome, seier Irene Dotterud-Flaa, utviklingspolitisk seniorrådgiver i Redd Barna til Bistandsaktuelt.

«Regjeringen vil legge til rette for at norsk næringsliv i større grad kan bli en samarbeidspartner i utviklingspolitikken», seier regjeringsplattformen, og Widskjold er ikkje nøgd med dette:

Tuva Krogh Widskjold, leiar av Changemaker.
Foto: Changemaker Norge/Flickr/CC-lisens.

– Handel og investeringar er viktig, men det krev rettferdige system underordna rettskonvensjonane til FN. Synergiar er bra, men bistandsmiddel kan ikkje brukast til å støtte norsk næringsliv. Næringslivet må tydeleg kunne vise at dei bidreg til betre utvikling eller miljø. Samstundes bør Norge ha ei tydeleg stemme for at det utarbeidast bindande internasjonale retningsliner for investorplikter og bærekraftige investeringar, seier ho.

Våpeneksport

– Det er skuffande at Venstre ikkje har stått på krava når det gjeld strengare kontroll på kvar norsk militært materiell hamnar. Regjeringspartia gøymer seg bak internasjonale normer, utan å ta eit sjølvstendig ansvar for eigen militæreksport. No er det opp til opposisjonen å ta ansvar når eksportkontrollmeldinga behandlast i vinter, meiner Widskjold.

Samstemt politikk

Når det gjeld at «Regjeringen vil føre en samstemt politikk for utvikling der bærekraftsmålene til FN legges til grunn og ulike initiativ i størst mulig grad trekker i samme retning», er Widskjold oppteken av at regjeringa må gjere ord om til handling. Ho vil òg fokusere på at det er viktig å oppretthalde berekraftsmåla. Her er det særleg viktig å støtte utbyggingja av skattesystem i utviklingsland og ved å oppdatere dette her heime.

– Vi ser ein regjeringsplattform der norske interesser trumfar utviklingspolitiske spørsmål. Det er eit tydeleg behov for ein minister som kan fremje interessene til utviklingslanda og perspektiva deira, vi treng ein utviklingsminister, avsluttar Widskjold.