Ny studie: «Junk food» aukar risikoen for depresjon

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei ny studie viser at å ete «junk food» aukar risikoen for å verte deprimert, melder The Guardian. Studien oppmodar difor legar til å gje kostholdsråd til pasientar som ein del av behandlinga for depresjon.

Resultatet, som vart publisert i tidsskriftet Molecular Psychiatry, kjem frå analysearbeidet til forskarar frå Storbritannia, Spania og Australia. Dei har granska 41 tidlegare studiar som tok føre seg samanhengen mellom kosthald og depresjon.

Les også: Grønsaker er supermat

Årsakssamanheng mellom kosthald og depresjon

Analysen tyder på at mat som inneheld mykje fett eller sukker, eller er halvfabrikert, førte til betennelse ikkje berre i magen, men i heile kroppen. Effekten av dårleg kosthald kan samanliknast med røyking, forureining, overvekt og mangel på fysisk aktivitet, skriv den britiske avisa.

Studien hevder såleis at å ete dårleg kan føre til betennelse i magen, som igjen kan påverke hjernen og humøret. Forskarane hevdar vidare at det er ein årsakssamanheng mellom dårleg kosthald og utbrot av depresjon, og ikkje berre ein observert assosiasjon.

Doktor Camille Lassale er hovudforfattar av studien, og er basert ved University College LondonHo seier til The Guardian at risikoen for depresjon aukar betrakteleg med eit dårleg kosthald.

Vidare hevdar studien at resultata ikkje kan verte forklart av at menneske som er deprimerte et mat av dårlegare kvalitet eller at dei allereie var deprimerte før studien tok til. Denne konklusjonen har forskarane basert på ein gjennomgang av fem langsgåande studiar av nesten 33.000 vaksne frå Storbritannia, Frankrike, Spania, Australia og USA.

Kosthaldsråd må inngå i behandlinga

– Det finst no sterke argument for å rekne kosthald som daglegdags i psykiatrisk medisin. Våre funn støttar at rutinemessig rådgjeving om kosthald bør vere ein del av eit legebesøk, spesielt hjå dei som praktiskerer mental helse, seier doktor Tasnime Akbaraly.

Ho er med-forfattar og kollega av Lassale på University College London

Professor Helen Stokes-Lampar, leiaren for Royal College of General Practitioners – eit medlemsorgan for allmennlegar i Storbritannia, støttar opp om denne påstanden. Ho seier denne studien går inn i ei større forskingsmengd som viser at det vi et kan påverke den mentale helsa vår.

Vidare seier Stokes-Lampard at fleire og fleire allmennlegar rådar pasientane sine til å prøve eit fornuftig kosthald og livsstilsendringar som ein del av ei meir heilskapleg tilnærming til behandling.

Les også: Dette bør du ete for å unngå psykiske lidingar

Er planterik kost best?

Studien tyder også på at tradisjonell middelhavskost – som består av mykje fisk, frukt, nøtter, og grønnsaker – kan bidra til å verne mot dei vanlegaste psykiske helseplagene i Storbritannia. Denne påstanden vert likevel trekt i tvil av Naveed Sattar, professor i metabolsk medisin hjå Universitetet i Glasgow.

Han hevder noverande bevis ikkje er tilstrekkelege for å bevise at eit planterikt kosthald kan forhindre depresjon sidan mesteparten av bevisa så langt berre syner at menneske med dårlegare mental helse har eit dårlegare kosthald. Vidare hevdar Sattar at koplinga til betennelse som ei plausibel mekanisme for å forklare linken mellom kosthald og mental helse er veldig svak.

Les også: Kan barn eigentleg vere vegetarianarar?