Skipper'n et spinat og vert supersterk. Ernæringsprofessor Birger Svihus skriv under på at grønsaker er supermat.

mm

– Det er veldig vanskeleg for forbrukaren å ha full oversikt over maten sine effektar og bieffektar. Difor er det ikkje alltid folk tek dei mest fornuftige vala.    

Professor Birger Svihus forskar og underviser i ernæring på NMBU.

Nyleg gav han ut boka Spiselig – mennesket og maten, som tek for seg maten me et og vårt forhold til han.  

Dette forholdet er ifølgje Svihus ikkje alltid like prega av fornuft og rasjonalitet.

LES OGSÅ: Er mat eit større tabu enn sex?

Overvektige unge
Denne veka slo Verdas helseorganisasjon (WHO) alarm om aukande fedme blant born.

Ifølgje rapporten «Ending Childhood Obesity» kan problemet reversere den auka levealderen me har sett i verda dei siste åra.

– Fleire ungar slit med overvekt, noko som skuldast maten. For høgt energiinntak vil på sikt gje eit vektproblem. Nokre ting som er enkelt og ete – og gjerne ekstra freistande –, som «junk food» og godteri, bør me eta mindre av. Også drikkar med sukkar bør me kutta ned på, seier Svihus, som slår eit slag for sunt matvett.

LES OGSÅ: Fedmeforskar: – Dårleg kosthald er omsorgssvikt

Vegetar-trend
Samstundes som overvekt er eit stort helseproblem, vert me stadig meir oppteken av å ete og leve sunt. Å ete vegetarisk har vorte trendy.

I ei undersøking Sentio har utført for Nationeni overgangen til 2016 svara heile éin av fire nordmenn at dei planlegg å kutte inntaket av raudt kjøtt i 2016.

Kvinner et mindre raudt kjøtt enn menn, som et meir enn tilråda. Heile 29 prosent av kvinnene svara at dei ville kutta ned på inntaket, medan 17 prosent av mennene hadde same ambisjonane.  

Svihus meiner utviklinga er positiv på fleire måtar.

– Kortreist, vegetarisk mat produsert på friland er stort sett meir berekraftig enn dei fleste animalske produkt – inkludert fisk. Og frå eit ernæringsperspektiv et me meir kjøtt enn me treng. Ein kan trygt erstatte både kjøt og fisk med meir grønsaker, men eg er litt meir ambivalent til å kutte ut animalske produkt heilt.

LES OGSÅ: Full miljøforvirring om raudt kjøtt

Medieforvirring
Svihus har tidlegare skapt overskrifter med sine kontroversielle råd. I fjor siterte Aftenposten ernæringseksperten på utspelet «Dropp frokosten», sjølv om dette i mange år har vorte omtalt som «dagens viktigaste måltid».

Professoren på si side meiner at media spelar ei stor rolle i all forvirringa og feilinformasjonen om kosthald.

– Ein dag er gulerøter sunt, den neste er det ikkje det. Det same gjeld sjokolade. Media er i stor grad oppteken av sensasjon og er ikkje seg sitt ansvar bevisst i å syta for ei balansert framstilling.

For Svihus er det viktig å formidla at maten me kjøper i Noreg ikkje er farleg.

Ernæringsforskaren er trygg på at norsk regelverk og kontroll er så streng, at det ikkje er nokon grunn til å frykta at maten inneheld giftstoff og farlege kjemikaliar.

– Når det vert ein angst for maten, har det tippa over, seier Svihus.

LES OGSÅ: Gitarspel mot fedme

Grønsaktrikset
Ernæringsprofessoren peikar på at den enkelte sitt ansvar å setje saman eit variert kosthald, som sikrar at ein får i seg nok næring.

– Me må ha bevisst forhold til kva me et og kor mykje. Me vel for lite grønsaker og for mykje gatekjøkkenmat. Det er to hovudreglar for eit sunt kosthald: Et variert og pass på energibalansen, seier Svihus.

Sjølv rår han folk som slit med overvekt til å unngå matvarer som inneheld meir enn 13 prosent sukker, tilsett feitt eller kornprodukt.

Og sist men ikkje minst:

– Det er ei matvaregruppe i vårt kosthald, som er supermat; nemleg grønsaker. Et grønsaker til alle måltid. Nokon seier at dei ikkje liker det, men me er ikkje slave av vår eigen smak. Ein kan manipulere seg sjølv til å lika noko. Og grønsaker er lurt å lika. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

Kommentarar

ANNONSE