Akershus KrFU vil ha valfritt sidemål på ungdomsskulen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Karakterpresset blant norske elevar er allereie enormt og me som politikarar bør gjere det me kan for at flest mogleg kjem seg best mogleg gjennom skulen. Eg trur ikkje innføring av valfritt sidemål er det aller viktigaste me kan gjere, men det er eit lite skritt i riktig retning, skriv leiar i Akershus KrFU, Simen Bondevik i ein sms til Framtida.no.

Les også: Lærar-fleirtal i vest for eigen karakter i sidemål

Vil fokusera på å læra eitt språk

Denne helga er det landsmøte i KrFU, der mellom anna ungdomspartiet sin sidemålspolitikk skal diskuterast.

I forslaget til nytt hovudprogram for 2018-2020 kan ein lesa at partiet står mellom to alternativ:

  • Alternativ 1: starta sidemålsundervisninga tidleg på barneskulen
  • Alternativ 2: innføra valfritt sidemål frå ungdomsskulen
  • Alternativ 1: fortsette dagens ordning med karakter i hovud- og sidemål
  • Alternativ 2: slå saman karakteren i hovud- og sidemål

Bondevik i Akershus KrFU er blant dei som vil gå aller lengst og vil innføra valfritt sidemål frå ungdomsskulen.

– Éin av fem elever går ut av vidaregåande skule i Noreg utan å kunna lesa og skriva skikkeleg – då er det tydeleg at noko er gale med norskundervisninga. Eg trur eit av tiltaka som skal til for å betra norskundervisning er å gjere sidemål valfritt, slik at ein heller kan fokusere på å læra seg eit språk ordentleg godt, skriv Bondevik.

Sjølv om Akershus KrFU på årsmøtet i 2017 vedtok ein resolusjon om å gå inn for valfritt sidemål i ungdomsskulen er det delte meiningar i fylkespartiet og delegasjonen er fristilt til å stemme som dei sjølv ynskjer.

Les også: Unge Venstre vil gjera sidemål valfritt på vidaregåande

Éin eller to karakterar i norsk

Bondevik meiner norske elevar bør kunne forstå og lese begge norske skriftspråk, men at nynorsk kan verte ivaretatt utan eiga vurdering og karakter i sidemål.

Leiar i Målungdommen, Fredrik Hope, meiner tidleg innsats er det som skal til for å styrkja bokmålselevane i sidemålet sitt. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

Leiar i Målungdommen, Fredrik Hope, meiner tidleg innsats er det som skal til for å styrkja bokmålselevane i sidemålet sitt. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

Dette er Norsk Målungdom sterkt ueinige i.

– Det å ha to karakterar i norsk sikrar at sidemål vert prioritert av lærarane i ein karakterstyrt skule. Forslaget om å fjerna karakteren i sidemål inneber ei klar svekking av nynorsken, noko me meiner er ein uansvarleg og populistisk politikk, seier leiar i Målungdommen, Fredrik Hope, til Framtida.no.

Han håpar at fleirtalet på KrFU sitt landsmøte går inn for å vidareføra dagens sidemålspolitikk som inneber eigen sidemålskarakter, men òg at sidemål bør nyttast i andre fag enn norskfaget og ei styrking sidemål i lærarutdanninga.

Les også: Høgre: Framleis nei til sidemålskarakter

– Meir eit slagord enn konkret politikk

Hope er likevel meir open for å diskutera karaktersetjinga i norskfaget, enn framlegget om valfritt sidemål frå ungdomsskulen.

– Dette er etter mitt syn meir eit slagord enn konkret politikk, og ser ikkje ut til å få fleirtal. Det er få av partia som er for dette som faktisk har definert kva det vil seie, meiner Hope.

Bondevik vil ikkje spekulere i kor mange som kan koma til å velje sidemål, dersom det vert innført og svarar følgjande på Hope sine innvendingar:

– Utforminga av eit eventuelt valfritt sidemål eller ei annerleis nynorskundervisning er det ikkje eg som enkeltperson som veit best korleis gjennomførast. Det må skje i samarbeid mellom elevar, lærarar, departementet, staten og organisasjonar som til dømes Målungdommen.