Fleirtalet i Odda kommunestyre vil halda på reine nynorsk- og bokmålsklassar på ungdomsskulen og vil jobba for at det blir ein nasjonal modell.

mm
Faktaboks

• I dag er dei 248 elevane ved Odda ungdomsskule fordelt på 5 bokmålsklassar og 8 nynorskklassar.
• Språkdelinga byrja med eit vedtak i Odda i 1914. Seinare blei dette nasjonal politikk på barneskulen.
• I dag har alle elevar på barneskulen rett til å gå i eigen nynorsk- eller bokmålsklasse dersom ti eller fleire elevar vel ei anna målform enn majoriteten. I Odda gjeld dette også ungdomsskulen

LES FAKTALUKK FAKTA

Rådmannen ønskte å spara to millionar kroner i året på å leggja ned modellen med språkdelte klassar på Odda ungdomsskule. Då kommunestyret torsdag skulle vedta budsjettet, blei politikarane møtt med flammande appellar til støtte for språkdelte klassar.

– Det var veldig sterkt, seier Terje Kollbotn i partiet Raudt. Han seier det var denne saka det var mest usikkerheit om før møtet.

Som einaste kommune i Noreg har Odda ei ordning med språkdelte klassar på ungdomstrinnet. Slik har det vore i hundre år. Med knappast mogleg fleirtal sørgde Raudt, Arbeidarpartiet og Moderatane for at det blir slik til neste år òg.

Éi av dei som heldt appell på trappa utanfor kinoen var elevrådsleiar Sigrid Walle. No er ho glad:

– Det er kjempebra at dei har høyrt på oss ungdommar, seier ho til Framtida.no.

LES OGSÅ: – Me er verdt den ekstrakostnaden

I tillegg til elevrådet, er dette ei sak som både Utdanningsforbundet og foreldreutvalet ved skulen har støtta.

– Dette vil vera eit viktig sak i valet til kommunestyre neste år. Eg trur alle parti vil bli utfordra på kva dei vil, seier Kollbotn.

LES OGSÅ: Forfattaropprop for Odda-modellen

Vil ha nasjonal modell

Noregs Mållag jobbar for at Odda-modellen skal bli ein nasjonal modell, slik at alle elevar på ungdomstrinnet skal ha rett til å gå i reine nynorskklassar viss dei ønskjer dette – utan at dette skal kosta kommunane noko ekstra. Leiar i Mållaget Marit Aakre Tennø meiner skulen kan gjera mykje for å demma opp for nynorskflukta. Eit enkelt grep kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) kan ty til, er å innføra høve til språkdelte klassar på ungdomstrinnet, meiner ho.

– Me håper kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ser at nynorskelevane i randsonene ikkje lenger kan overlatast til å kjempe for seg sjølve, slik dei blir no, sa leiaren i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø til Framtida.no tidlegare i haust.

LES SAKA:  – Innfør språkdelte klassar i ungdomsskulen

I dag har alle elevar på barneskulen rett til å gå i eigen nynorsk- eller bokmålsklasse dersom ti eller fleire elevar vel ei anna målform enn majoriteten. I Odda gjeld dette også ungdomsskulen. Mållaget har invitert Odda med på å arbeida for å gjera dette til ein modell for heile landet.

– Fleirtalet i kommunestyret har slutta seg til denne invitasjonen, seier Terje Kollbotn.

Leiaren i Mållaget synest det er veldig gledeleg at Odda held fram på modellen sin, og lovar å jobba saman med kommunen for at dette skal bli ein nasjonal modell som gjer at kommunane skal sleppa å sitja igjen med rekninga sjølve.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

ANNONSE