Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var både kjekt og utfordrande under innspelinga av serien medgjev han.

– Det var litt spennande å spela inn «Brøyt i vei». Spennande å prøva noko nytt. Det er jo
noko eg ikkje har vore med på før. Likevel hadde vore godt å ha slept og ha kameraet
opp i fjeset av og til, innrømmer han.

No er han ikkje på fjellet meir. No jobbar han i Deildo, eit rassikringsprosjekt på Lofthus
i Hardanger. Her køyrer han mellom anna lastebil med massar frå det sprengte fjellet.
Dale er eigentleg utdanna annleggsmaskinsjåfør.

Fyrst gjekk han på yrkesfaget, grunnkurs bygg og anleggsteknikk i Odda og vidare på Os utanfor Bergen, på linja som heiter anleggsteknikk. Lastebillappen tok han litt seinare.

Medfødd eigenskap

Olav Johan Dale trur nesten at lastebilkøyringa var ei medfødd eigenskap.

– Far min køyrer lastebil, det er slik eg vart intressert i det. Eg har vel sagt frå eg var
veldig liten at eg skal køyra lastebil, seier han.

– Det kjekke med jobben er at den er veldig variert. Alt frå å køyra hjullastar,
gravemaskin og lastebil. Det er kjekt, ingen dag er lik, seier Dale.

Olav Johan Dale er ikkje så glad i å venta. Foto: Mari Hansen

Det Olav Johan likar dårleg med den jobben har no, er at det er ein del venting. Her er
det mykje opning og stenging av veg. Han likar ikkje å verta hefta under arbeid.

Grunnen til at han slutta som brøytebilsjåfør var fordi jobben no er nærare heime.

– Det litt kjekt å jobba heima og. No har eg fem minutt å køyra til jobb. Her ser eg for meg
at eg har lyst å vera. Eg har jo kjøpt meg hus her, seier Olav Johan.

Vil anbefala slikt arbeid til andre

Han vil anbefale denne yrkesvegen til andre.

Ja, det vil eg, eg er utruleg nøgd med denne jobben. Eg hadde ikkje takla å sitje på eit kontor. Det er mange kjekke utfordringar, legg han til