Ein ny studie syner at britane vil tenke på miljøet før lommeboka.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei neste ti åra kan plastavfall verte meir avgjerande enn pris når britiske forbrukarar skal velje varer i butikken, melder The Guardian.

Plast i havet

Ein studie utført av Thoughtworks syner at britane har endra prioriteringane sine. Av dei 2000 personane som deltok i undersøkinga, svarte 62 prosent at dei er opptekne av å redusere plastemballasje og å nytte materiale som kan gjenvinnast. 57 prosent oppgav at pris vil vere den viktigaste faktoren når dei gjer innkjøp dei neste ti åra.

Her er det amerikanske styresmakter som ryddar Stillehavet utanfor Hawaii. Ein reknar med at innan 2050 er det meir plast enn fisk i havet. Foto: NOAA

Tradisjonelt har pris vege tyngst for britar i varevalet, men no kan det verte viktigare for dei å redusere plastavfallet.

Studien kjem i kjølvatnet av ei auka bevisstheit om havforureining. Om ikkje forbruket av plastavfall vert redusert, så vil mengda plastavfall i havet tredoblast i løpet av dei neste tre åra, skriv den britiske avisa.

Les også: Plast i havisen i nord uroar

Norske vanar i endring

Også her til lands er nordmenn meir opptekne av plast-problematikken. I ei spørjeundersøking gjennomført av Kantar TNS fortel folk at dei i mindre grad vel plastemballasje og oftare nytter handlenett og gjenbruksposar når dei handlar på butikken.

Les også: Nordmenn brukar mindre plast viser undersøking

I Noreg er delar av næringslivet så vidt i gong med å omstille seg. Hurtigruten kvittar seg med alt frå sugerøyr til plastposar, fleire klesbutikkar har starta å ta betalt for plastposar, og Norgesgruppen har som plan å redusere bruken av plast med 20 prosent innan 2025.

Les også: Norsk næringsliv tek grep for å redusere plast