Nordmenn brukar mindre plast, viser undersøking

Over halvparten av nordmenn seier dei bruker mindre plast enn før, viser ei spørjeundersøking Kantar TNS har gjort for sjømatnæringa.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka blir strender langs heile norskekysten rydda for søppel. Den store strandryddedagen er laurdag 5. mai, og organisasjonen Hold Norge Rent melder om rekordstort engasjement dette året.

– Det er eit imponerande stort engasjement land og strand rundt. Heile 2.000 ryddeaksjonar er planlagde, og det er venta at så mange som 100.000 menneske deltar denne veka. Det er fantastisk at så mange heilt frivillig er med på å fjerne store avfallsmengder, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen i ei pressemelding.

Unge mest opptekne av plastproblemet

Ei spørjeundersøking gjennomført av Kantar TNS stadfestar at nordmenn er meir engasjert no enn tidlegare. I undersøkinga seier folk at dei bruker mindre plastprodukt, i mindre grad vel plastemballasje og oftare bruker handlenett og gjenbruksposar når dei handlar i butikken.

Det er særleg dei under 30 år som har endra haldning til bruk av plast. 60,5 prosent i denne gruppa svarer at dei har endra plastbruken etter merksemda plastforsøplinga har fått.

– Den aukande engasjementet og handlekrafta, er gledeleg også for sjømatnæringa. Dei rike havressursane Noreg rår over blir stadig viktigare for landet. Føresetnaden er vi tar vare på miljøet, skriv Sjømat Norge i ei pressemelding.

Fiskarane ryddar

No har også fiskarar og sjømatbedrifter starta å samle inn plast og anna avfall.

– Me lever av havet. For oss er det ein føresetnad at havet er reint. Derfor stiller me opp med mannskap, båtar og engasjement for å rydde kysten fri for plast og søppel, seier informasjonsleiar i Fiskebåt, Odd Kristian Dahle.

Fiskerinæringa er ein av dei store syndarane i samband med marin forsøpling, meiner forskarar ved Runde Miljøsenter. På fugleøya Runde på Sunnmøre har fuglane begynt å byggja reir av taurestar og plast i staden for gras.