Isak Slettebø
Publisert
Oppdatert 01.09.2018 08:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Går ikkje rundt og seier «Hei, eg er jøde»

– Eg går ikkje rundt og kringkastar at eg er jøde, men set stor pris på nyfikne om trua mi og den jødiske bakgrunnen min, seier Ida Miriam Eckmann (19).

Ho er ein av dei omkring 1400 jødane som bur i Noreg. Jødar har relativt kort historie her til lands samanlikna med i resten av Europa, men dei var samstundes den fyrste minoriteten med klårt annleis religiøs og etnisk bakgrunn som kom hit i moderne tid.

Halvt nordtrønder med jødisk tru

Mange jødar i Vesten tek lett på dei religiøse sidene ved bakgrunnen sin. Dei blir assimilerte og tenkjer berre unntaksvis på festane, mytane og profetane.

Ida Miriam seier det er vanskeleg å gå i synagogen kvar veke på grunn av avstandane, men ho trur på Gud og feirar høgtidene.

– Trua er veldig viktig for meg, held ho fram.

Les også: Kva var det med jødeparagrafen?

Jiddisk humor i familien

Ida Miriam heldt tale som russ ved grava til Henrik Wergeland på 17. mai i år. Foto: Astrid Underlid

Mange av dei største komikarane i verda har jødisk bakgrunn, og med norske Cecilie Steinmann Neess (Cess) har me fått ein skrullete jødisk vitsemakar her i steinrøysa òg. Er dei eit folk av skøyarar?

– Me nyttar uttrykk på jiddisk i familien, mor kan til dømes seia «Oh, sit on your tuchus» (Sett deg på ræva) viss nokon må jekka seg ned litt. Men for meg er det berre familiehumor slik andre sikkert òg har det, seier ho.

– Eitt unnatak er uttrykket «Oy vey», som blir nytta av nesten alle jødar eg kjenner. Det er vanskeleg å omsetja til norsk, men me seier «Oy vey» når me blir oppgitte eller overraska, legg ho til.

https://www.instagram.com/p/BjMuvNogGvO/?hl=nb&taken-by=hun_cess

Les også: Ytringsfridom for alle, unnateke nokre få?

Framleis jødehat i Noreg

Fleire har hevda at jødane har utvikla denne humoren som ein forsvarsmekanisme mot mistenkeleggjeringa frå andre. Snart 170 år etter at jødeparagrafen blei oppheva, finn me framleis slikt jødehat i det norske samfunnet. Så seint som i juni presterte rapparen Kaveh å seia «Fuck jødar!» frå scena under ein konsert.

Ida Miriam fortel at ho har opplevd at folk nyttar ordet «jøde» som skjellsord, utan at dei veit at det råkar henne. Det kan vera noko av det vanskelegaste med å vera jøde.

– Av og til dreg folk Hitler- og nazivitsar til meg heilt medvite. Når eg går i gatene, ser eg òg innimellom hakekors målte på veggen. Det er ubehageleg, seier ho.

Les også: «Den 12. mann» viser eit svart-kvitt-bilete av historia

– Uklart kvifor eg får skulda for det som skjer i Midtausten.

Mytar om jødane som eit mektig og kalkulerande folkeferd lever framleis i Noreg. Tretten prosent av folkesetnaden trur på at «Verdens jøder arbeider i det skjulte for å fremme jødiske interesser», ifylgje forskning frå HL-senteret.

Samstundes hentar moderne antisemittisme næring frå Midtausten-konflikten. Tolv prosent av nordmenn meiner at «med tanke på Israels behandling av palestinerne kan vold og trakassering av jøder forsvares». Også Ida Miriam merkar at ein del tek lett på dette skiljet mellom staten Israel og norske jødar.

– Eg opplever at folk skuldar på meg, men det er uklart kvifor. Eg har ikkje sett meg inn i konflikten, og har ikkje noko meir med Israel å gjera enn det andre nordmenn har.

Ho trur me kan få vekk fordomane om folk berre kunne skjøna at jødar ikkje er så annleis andre nordmenn.

Les også: Ester (15): Difor må så mange som mogleg besøke ein konsentrasjonsleir

Kjekt å koma tett på andre jødar i Noreg

– Det jødiske er berre ein del av meg, understreker Ida Miriam.

Samstundes legg ho ikkje skjul på at det òg er kjekt å tilhøyra ein liten minoritet.

– Kulturen og tradisjonane bringar meg tett på dei andre jødane i Noreg, og mange av dei er på min alder. Eg har stor glede av samhaldet i synagogelyden.

Les også: Den skumle vinden frå ytste høgre