Framleis aukar delen studentar med psykiske problem

Dei fleste tal peiker oppover for norske studentar, og dei fleste fortel at dei har det bra. Likevel aukar delen som har psykiske problem.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Over éin av fire slit psykisk, viser undersøkinga der studentar er blitt spurde om angst, depresjon og somatiske plager.

– Desse funna er ikkje gledelege, og eg har i fleire samanhengar omtalt dette som urovekkjande, seier leiar for undersøkinga, Kari Jussie Lønning.

Over 50.000 studentar frå heile landet har svart på Studentenes helse- og trivselsundersøkelse (SHoT) 2018.

Les også: Den sinte mannen er død

– Ressurssterk

I 2010 svarte éin av seks at dei hadde alvorlege eller mange psykiske problem, i 2014 auka talet til éin av fem, og no i 2018 seier 29 prosent at dei har psykiske plager.

– Dette må bli gjenstand for ettertanke og diskusjon og eit endå meir målretta arbeid på førebygging. Den store fordelen er at studentane er ei veldig ressurssterk gruppe som kan dra nytte av hjelp og tiltak, seier Lønning.

Leiaren for undersøkinga understrekar likevel at majoriteten av norske studentar svarer at dei har det bra. Dei aller fleste gir til kjenne ei god fysisk og psykisk helse, høg trivsel, ein økonomisk situasjon som dei handterer, og ein bustadsituasjon dei trivst i.

Også når det gjeld trivsel på studiestaden, er det veldig mange som er fornøgde.

Les også: Heldigvis finst det god behandling mot depresjon

Studenthelsemelding

Norsk studentorganisasjon (NSO) ønskjer ei eiga studenthelsemelding. Dei oppfordrar utdanningsminister Iselin Nybø (V) til å ta ansvar og følgje opp, særleg sidan ho og partiet hennar har lagt fram krav om ei studentmelding tidlegare.

– Det er ikkje eitt enkelttiltak som kan løyse dette. Det vi har sakna sidan den første undersøkinga i 2010, er ein heilskapleg plan. Vi må kartleggje kva som finst av tilbod for studentane i dag, i kommunane og ved utdanningsinstitusjonane. Vi må snu trenden, seier leiar Håkon Randgaard Mikalsen i NSO.

Utdanningsminister Iselin Nybø (v) lovar ikkje nokon studenthelsemelding, men er opptatt av at alle ledd jobbar saman, både i kommunehelsetenesta, samskipnadene og studiestadene.

– Alle som har vore 19 år og flytta til ny by for å studere, veit at det er ganske tøft. Når det gjeld førebygging, er eg glad for at universiteta gjennomfører fadderveke der ein treffer venner og får eit sosialt miljø. Heldigvis er det sånn at dei aller, aller fleste trivst godt på studiet sitt og i studiebyen, seier utdanningsministeren.

Les også: Einsemd gjer stor skade, men let seg ofte lett bøte