Kitty (19) meiner unge snakkar for mykje om psykisk helse
Nervar vert tolka som angst og dårlege dagar som depresjon i dagens ungdomskultur, meiner Kitty Theobald Gjerland i Unge Høgre. Unge må lære meir, ikkje snakke mindre, meiner Mental Helse Ungdom.
– Vi har skapt ein kultur der heilt vanlege kjensler vert gjort om til diagnosar, seier Kitty Theobald Gjerland (19), nestleiar i Agder Unge Høgre.
– Vi vert fortalde, gjennom plakatar, aksjonar og psykisk helse-dagar, at vi heile tida skal kjenne etter korleis vi kjenner oss. Eg er bekymra for at ein byrjar å førestille seg problem, seier ho på telefon til Framtida.
Adrian Lorentsson, generalsekretær i Mental Helse Ungdom, meiner på si side det ikkje hjelper å be unge teie om korleis dei har det. Les meir om kva han svarar lenger nede i artikkelen.
Nervar blir til «angst»
Gjerland meiner at unge snakkar for mykje om korleis dei føler seg. Ho hevdar måten dei snakkar og tenker om si eiga psykiske helse på, vatnar ut omgrep og diagnosar.
– Du er ikkje nervøs før ein prøve; du har angst. Du har ikkje ein dårleg dag; du er deprimert. Du er ikkje uroleg, du har ADHD, seier ho.
Ho meiner dette vert forsterka gjennom sosiale medium, der ein kan få opp videoar som «10 teikn på OCD», der eitt av punkta er at du likar å rydde.
– Eg meiner vi skal ta psykisk sjukdom på alvor, men alt dette fokuset tar truverdet vekk frå dei som faktisk slit, medan vi får ein skjørare ungdomsgenerasjon, seier ho.
Lågare forventingar
Ho fryktar konsekvensane er eit samfunn der færre deltar, fleire fell utanfor og folk ikkje toler motgang. Ho merkar seg at unge er heime frå jobb og skule for å ta psykisk helse-dagar, eller avlyser avtalar med vener i siste liten.
– Terskelen for å møte opp vert endå høgare, og ein mistar evna til å handtere motstand.
Å alltid unngå ubehag, gjer folk skjørare, meiner ho.
– Synet på kva som er alvorleg vert svekt, og forventingane til kva ein skal tole vert senka, seier ho.
Amatørpsykologar
Gjerland rettar særleg peikefingeren mot sosiale medium.
– Dei speler ei kjempestor rolle. Influensarar og folk utan fagkompetanse driv amatørpsykologi til millionar av unge kvar dag. Det er ikkje rart at ein kjenner på eit ubehag, seier ho.
– Når ein først føler at ein har det litt kjipt, er det eit heilt univers på nettet der ein kan få desse kjenslene stadfesta. Mykje av normaliseringa skjer på nett. Ein får det stadfesta via algoritmar, stadig fleire unge brukar KI som psykolog, og hos Chat GPT kan ein få det meste bekrefta viss ein vil, og stiller spørsmål på rett måte, seier ho.
Må skjerpe seg
Gjerland meiner samfunnet må tore å stille krav til unge.
– Eg trur høgrebølga blant unge handlar om at ein er litt lei av at samfunnet trur ein ikkje toler å bli møtt med krav. Venstresidas løysingar med å fjerne eksamen, fjerne fråværsgrensa og å ikkje stille krav – den kulturen må vi ta eit oppgjer med. Politikarar må tore å seie at det å møte på skulen, stå i motgang og handtere ubehag er ein del av livet. Unge skal lære å meistre og takle, ikkje berre kjenne etter, seier ho.
Ho trur også aldersgrense i sosiale medium kan vere eit godt tiltak.
Til sin eigen generasjon seier ho at ein er nøydd til å skjerpe seg å ta fatt på utfordringane ein møter.
– Verda vert meir uroleg, samfunnet får fleire eldre og vi må ha fleire i arbeid. Pilene peiker feil veg. Desse problema er det vår generasjon som må takle. Det klarar vi ikkje om alle tar psykisk helse-dagar på grunn av angst og søvnproblem, seier ho.
Snakke rett, ikkje mindre
Gjerland understrekar at det ikkje handlar om å teie om alvorlege psykiske problem.
– Det handlar ikkje nødvendigvis om å snakke meir eller mindre om psykisk helse, men å snakke rett. Føremålet mitt er ikkje å latterleggjere folk som slit, men å løfte ein debatt vi er nøydde til å ta. Dei som faktisk slit, må vi ta på alvor: Vi må styrke helsetilbodet og få ned helsekøane, slår ho fast.
Ho trekker ei grense mellom å bryte tabu og å sjukeleggjere vanlege kjensler.
– Slutt å fortelje unge at normale reaksjonar betyr at noko er gale med dei, avsluttar ho.
Opptekne av psykisk helse
Adrian Lorentsson, generalsekretær i Mental Helse Ungdom, er heilt ueinig i at unge snakkar for mykje om korleis dei har det.
– Dette er ein ungdomsgenerasjon som snakkar mykje om psykisk helse, fordi dei er veldig opptekne av det, for dei er påverka av det på godt og vondt. Korleis har du tenkt å bestemme kva unge skal prate om? seier han på telefon til Framtida.
– Heng ikkje på greip
Unge brukar det språket dei har tilgjengeleg, og det er samfunnet som har gitt eller ikkje gitt dei verktøya dei treng til å sette ord på ting som er vanskelege, påpeiker Lorentsson.
– Å seie at «De er for dårlege til å sette ord på det som er vanskeleg; derfor bør de ikkje snakke om det», er ein logikk som ikkje heng på greip. Det er som å seie at norske barn er for dårlege i grammatikk, så difor må vi slutte å undervise i norsk.
Vil ha eige skulefag
Generalsekretæren meiner psykisk helse tvert imot må bli eit eige fag i skulen. Det unge lærer i dag, er ikkje godt nok, slår han fast.
– Det er absurd at ein lærer kor mange tenner ein har i munnen og ribbein i sida, men ikkje kor mange kjensler ein har i magen. Det er ei absurd inndeling.
– Løysinga er å sørge for at unge har språket for å sette ord på det som er vanskeleg, og lærer meir om korleis psykiske lidingar påverkar oss. Det vil gjere forståinga betre og bidra til å redusere stigma som er knytt til ein del psykiske lidingar, seier han.
Uhjelpsame råd
Mental Helse Ungdom er opptekne av at det er legitimt å stille krav, også til menneske som har psykiske lidingar.
– Noko anna er stigmatiserande. Ein skal ikkje behandle folk med silkehanskar. Det er fullt mogleg å snakke om det som er problemet, utan at ein må stemple unge som svake og late av den grunn.
Lorentsson vedgår samstundes at det finst problematiske sider ved korleis unge snakkar om psykisk helse.
– Eg er einig i problemskildringa – det er eit problem at folk brukar diagnosespråk for å skildre heilt vanlege kjensler. Det kan skuldast at unge tenker at dei har større problem enn dei faktisk har, at dei gjer fem fjør til ti høns.
Ei utfordring med dette, kan vere at folk trur dei veit kva det inneber å til dømes vere deprimert, og deretter møter folk som faktisk har klinisk depresjon på ein måte som ikkje er hjelpsam.
– Viss du har vore lei deg, og du møter nokon med klinisk depresjon, vil du verken forstå korleis dei har det, eller kunne gi spesielt meiningsfulle tilbakemeldingar. Det gjer at folk endar opp med råd som «Har du prøvd å gå ein tur eller gjere yoga?», seier han.
Dette kan vidare føre til at folk vert irriterte og oppgitte når dei møter menneske som ikkje får til det same som dei sjølve gjer, trur Lorentsson.
– Ting som er problematisk må løysast, men eg blir oppgitt når medisinen skal vere «Sit ned, hald kjeft og skjerp deg». Ingenting blir løyst av å sette munnkorg på unge, eller med peikefinger.
Behov for kunnskap
Når det gjeld influensarar utan fagkunnskap som spreier råd i sosiale medium, er Lorentsson einig med ungdomspolitikaren.
– Dette er eit problem over heile fjøla når det gjeld helse. Folk kjem med diverse råd om ting som dei ikkje har peiling på. Men det er heller ikkje noko du løyser ved å be folk ikkje å snakke om det – med mindre du har tenkt å gripe alvorleg inn i ytringsfridomen, seier han.
Igjen meiner han løysinga er å gjere unge i betre stand til å skilje mellom kva som er nyttig informasjon og ikkje. Viss ein snakkar mindre om psykisk helse, vil berre behovet for kunnskap verte endå større.
– Og viss vi ikkje fyller den etterspurnaden i skulen, endar vi opp med å overlate den til useriøse aktørar.







