Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 14.08.2018 08:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hilde Selvikvåg (27) har blitt stadig meir kjent her til lands, ikkje minst takka vere radio. Med hitlåtar som Anemone, Indie og Karusell får ho også fleire bookingar enn nokonsinne. I september blir artisten aktuell med sitt nye album Fanga heile verden og legg dermed ut på turnè.

Selvikvåg sjølv er ei utadvendt, fargerik dame med godt humør. Mest kjent er ho kanskje for dialekta si.

– Norsk har alltid vore meg, det ville vore feil å syngje på engelsk, seier ho då vi møtest i Stavanger sentrum.

– Stolt av røtene mine

Musikaren kjem frå Lye utanfor Bryne på Jæren, og flyttar til Stavanger denne hausten.

– Eg trur generelt at mange likar musikken min fordi eg held meg til norsk og til dialekta mi. Eg er stolt av røtene mine og synest det er fint at dette kan skine gjennom i musikken og i musikkvideoane mine, seier ho, og legg til:

– Det har blitt mykje pendling frå Jæren til Stavanger dei siste åra. No skal det bli godt å bu sentralt og med kort veg til studio. Men eg vil ikkje flytte til Oslo, eg er for glad i sjøen her til det.

Les også: Veronica Maggio om å vere usikker som popstjerne

– Folk likar dialekt

I vår har Hilde Selvikvåg turnert fleire stadar i Noreg. Ho har varma opp for Morten Abel, opptredd i Operaen og kome på spelelista til fleire store radiostasjonar.

NORSK: Av eigne forbilde nemner Hilde Selvikvåg artistar som Carpe Diem, Bjørn Eidsvåg, Vamp, Gabrielle og Odd Norstoga. – Folk set pris på norske tekstar, seier ho. Foto: Elise Løvereide

At artisten syng på dialekt er utelukkande positivt, skal ein tru publikum.

– Ein mann skreiv faktisk at det var trist at eg skulle begynne å syngje på engelsk, då han såg den nye låten Strike. Men songen er jo norsk, og viser til strike i bowling, smiler ho.

– Korleis vil du definere sjangaren din?

– Det er vanskeleg å seie. Det begynte som visemusikk. No er det meir rein popmusikk, som er den sjangeren eg høyrer mest på.

Musikk erstatta fotball

Popmusikken har ikkje alltid vore sentrum i kvardagen for Hilde Selvikvåg. Lenge var det fotball som opptok henne. Heilt til ho rauk korsbandet.

– Legen min spurte meg: «Er det noko anna du likar å drive med?». Og det var sånn eg innsåg at eg måtte slutte med fotball og heller satse på musikk.

Heller ikkje det å jobbe for den lokale sportsradioen kunne konkurrere med musikken.

– Eg likte ikkje det at med ein gong vi var ferdige med sendinga, så måtte vi begynne på nytt. Musikk kan du liksom nyte om og om igjen.

Les også: Vèret gjer oss musikalske

Nominert til Spellemannsprisen

Heime på Jæren pleidde vesle Hilde å synge i stova framfor foreldra. Mora og faren, som også er musikkinteresserte, viste stor entusiasme for framsyningane hennar. Det gjorde at ho vart sikrare på at det var artist ho ville bli.

Foto: Nikolai Grasaasen

– Begge foreldra mine er lærarar, og eg utdanna meg sjølv til lærar. Før eg vart musikar på fulltid, jobba eg som musikklærar heime på Jæren. No vil eg helst jobbe med musikken min til eg vert gamal.

– Kva er det med dykk jæbuarar og musikk?

– Jærbuarane er vane med å jobbe hardt. Janove (Ottesen, journ. merk.) har spelt fotball, som meg. Vi gir oss aldri før vi får det til.

Debutalbumet Slepp meg fri (2015) vart nominert til Spellemannsprisen i 2016. Nyhendet om nominasjonen kunne ikkje fått ei betre timing:

– Eg stod åleine ute i regnet ein mørk og vindfull desemberkveld og skulle rigge ned anlegget. På det tidspunktet tenkte eg berre: «Kvifor jobbar eg med dette, eigentleg?» Men så ringte telefonen og eg fekk vite at albumet mitt var nominert, minnast Selvikvåg.

– Då var alt verdt det.

Musikk for alle

Tekstane hennar blir til på ei hytte ved sjøen, der Selvikvåg og låtskrivaren Karianne Arntzen drar for å få inspirasjon. Ofte skriv dei om kjærleik, kjensler, om det å vere seg sjølv. På spørsmålet om ho har ei hjartesak, er artisten kjapp med å svare:

– Eg jobbar ikkje lenger som lærar, men eg synest det er trist at det har blitt mindre song i skulen. Musikk burde dessutan ha vore meir tilgjengeleg for eldre. Vi veit til dømes at demente kan setje pris på musikk, sjølv om det berre er i augneblinken.

Artisten har sjølv ei bestemor med demens.

– Musikk kan få henne til å lyse opp. Ho kjenner att songar og vi syng duett på eldreheimen. Det er viktig å ha det godt heile livet.

Artisten frå Jæren flyttar til Stavanger denne hausten. Nokon større by er uaktuelt. Foto: Elise Løvereide

– Vil alltid toppe meg sjølv

I september kjem det nye albumet, Fanga heile verden. Artisten sjølv skildrar albumet som friskt, djupt og leikent.

– Eg trur det treff nokre kjensler mange har. Eg har vakse mye sidan førre album frå 2015, både musikalsk og personleg. Det første albumet var meir melankolsk. Men eg er også glad i fart og spenning. Dette albumet viser ei ny side av Hilde.

Selvikvåg har mange ballar i lufta. Ho driv sitt eige selskap og fører rekneskapen sjølv. Til hausten skal ho på kurs for å lære å illustrere sine eigne CD-cover.

– Framover drøymer eg om å gje ut meir musikk, men også å produsere og å vere låtskrivar. Å skrive låtar er det kjekkaste eg veit. Eg håpar eg kan utvikle meg musikalsk med alderen. Eg har eit indre press om å alltid toppe meg sjølv. Det kan også kjennest utleverande å skrive om eigne tankar, så eg tyr ofte til metaforar og språklege bilde. Det synest eg gjer låtane meir spennande òg.

– Kva vil du med musikken din?

– Gle folk. Alle pengane eg tener legg eg i nye plater og nye prosjekt. Dessutan vil eg turnere landet rundt med musikken min og halde fram med det til eg vert gamal.

Les også: Slampoet Ánná Káisá (24) kåra til årets unge samiske kunstnar

Fakta: Hilde Selvikvåg

 

  • Fødd 1991 på Jæren i Rogaland
  • Deltok i Idol på TV2 i 2011
  • Debuterte med albumet Slepp meg fri i 2015 som vart Spellemannsnominert
  • Kjent for låtar som «Karusell», «Anemone» og «Indie»
  • Aktuell med albumet Fanga heile verden.

Kjelde: hildeselvikvaag.no