Årets Kamp: Kvinner Vs. Trump
Korleis ville du reagert om du plutseleg miste tilgang på prevensjon og trygg abort? Du ville ha kjempa mot mannen som tok det frå deg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i avisa til «Verdens beste nyheter».
I januar 2017 gjeninnførte USA sin president Donald Trump ein regel som gjer det forbode å gje offentleg støtte til organisasjonar som jobbar med reproduktiv helse og deler ut prevensjon – dersom organisasjonen også gjev kvinner informasjon om abort.
Det førte til at 1275 organisasjonar måtte velje mellom å stoppe nokre av prosjekta sine, eller miste all støtte.
Regelen til Trump har ført til færre tilsette og færre klinikkar mange stader. Resultatet er fleire uønska graviditetar og fleire farlege abortar.
Les også: Tapte kampen om ny abortlov i Argentina
«The global gag-rule»
Men kort tid etter at regelen, «the global gag-rule» var signert, samla den nederlandske statsråden Lillianne Ploumen 50 nasjonar til konferanse. Resultatet er kampanjen She Decides.
Målet med She Decides er å dekke kutta organisasjonane har fått. Totalt har initiativet samla inn utrulege fire milliardar kroner. Noreg har sett av 700 millionar kroner fram til 2020, øyremerka seksuell og reproduktiv helse.
– Ei kvinne bestemmer sjølv over kven ho vil ha sex med, kven ho vert forelska i, kven ho ønskjer å gifte seg med, om ho ønskjer born, eller ikkje ønskjer born. Kvinner skal ha rett på tilgang til prevensjon og trygge abortar, står det i kampanjen sitt manifest.
Les også: Seks ting du treng å vite om abort
Mektige menn, sterke kvinner
Det finst mange mektige menn som freistar å kontrollere kvinner sin rett til å bestemme over eigen kropp. I løpet av dei siste åra har fleire land innført strengare abortlover.
Kvinner som ikkje får ta abort sjølv om dei er valdtekne, sjølv om graviditeten set livet i fare og sjølv om den gravide framleis er eit barn sjølv.
Kampanjen handlar difor om mykje meir enn å hente inn pengane USA ikkje lenger vil gje; det handlar om å stå opp mot urett som vert gjort mot kvinner verda over.
Les også: Ein siger for kvinnekampen
Saka er omsett til nynorsk av Framtida.no