Tyrkiske Enes (23) fengsla etter tale som ungdomsdelegat til Europarådet
Tyrkiske Enes Hocaoğulları er fengsla etter å ha kritisert den demokratiske tilbakegangen i heimlandet sitt.

«Om du ser denne videoen, betyr det at eg har vorte fengsla,» seier Enes Hocaoğulları (23) i ein video publisert av SAIH (Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond) på Instagram.
Fengsla etter tale
Tyrkiske Hocaoğulları talte i mars for Europarådet som ungdomsdelegat. Der kritiserte han styresmaktene i heimlandet sitt for å arrestere opposisjonelle ordførarar, utøve politivald mot fredelege demonstrantar og den generelle menneskerettssituasjonen i Tyrkia.
Hocaoğulları har lenge kjempa for skeive sine rettar.
No har han vorte sikta for «offentleg spreiing av villeiande informasjon» og «offentleg nedverding av den tyrkiske nasjonen». Påtalemakta meiner han «skadar det internasjonale ryktet til Tyrkia».
SAIH: – Djupt urovekkjande
Leiar i SAIH, Henriette Reierson Johnstone, meiner det er urovekkjande at sivilsamfunnet, som skal representere eit mangfald av stemmer, inkludert unge menneske – vert møtt med dramatiske konsekvensar når dei faktisk deltek.
– I dette tilfellet har det ført til fengsling. Dette reagerer vi sterkt på, understrekar ho i ein e-post til Framtida.no.
– Vi opplever Enes’ tilfelle som ein ulovleg arrestasjon og i brot med hans rettar. Enes er ein ung, skeiv aktivist som har tatt eit tydeleg standpunkt mot urettferd, og det skal ingen straffast for. Dette er også eit angrep på heile LHBT-miljøet, og det er djupt urovekkjande at dette no skjer med vår ven og medaktivist.
Angrep på LHBT+miljø
SAIH-leiaren er ikkje overraska over utviklinga og fortel at Enes og hans familie vart utsett for hat, trugslar og trakassering, noko Framtida.no ikkje har fått verifisert.
– Dette er ein del av ein breiare trend der autoritære regime freistar å teie unge menneskerettsforkjemparar og særleg skeive aktivistar. Erdoğan erklærte 2025 for «the year of the family», klassisk anti-gender-retorikk, og tyrkiske styresmakter har gått målretta mot LHBT+ miljøet. Vi veit at unge aktivistar, studentaktivistar, og skeive aktivistar er viktige aktørar for å sikre demokrati og menneskerettar, og dimed utgjer ein trussel for autoritære leiarar.
SAIH er éin av fleire organisasjonar som protesterer mot arrestasjonen og oppmodar Noreg om å ta grep. Dei har slutta seg til ein felles uttale frå mellom anna Helsingforskomiteen og Foreningen Fri, som ber Tyrkia om å lauslate Hocaoğulları. Dei ber internasjonale organ, deriblant FN og EU, om å legge press på Tyrkia for å få Hocaoğulları lauslaten.
– Skandaløst og uakseptabelt
– At unge vert truga til å teie, er ei alvorleg utfordring for demokratiet, skriv den norske delegasjonen til Europarådet, saman med Noregs ungdomsdelegat Elena S. Kerr, i ei utsegn.
Dei bekymrar seg for angrepet på Hocaoğulları og den negative demokratiske utviklinga i landet.
Dei slår fast at arrestasjonen og tiltalen bryt med ytringsfridomen, og viser til at Tyrkia, som medlemsstat i Europarådet, har forplikta seg til å respektere Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Dei kallar arrestasjonen skandaløs og uakseptabel.
– Handlinga utgjer ei uakseptabel og direkte gjengjelding mot ein person for legitim deltaking i arbeidet til Europarådet.
SAIH utfordrar
SAIH peikar på dei oppdaterte norske retningslinjene for vern av menneskerettsforsvararar. Dei tilrår at ein representant frå den norske ambassaden er til stades for å observera korleis rettstryggleiken vert vareteke under rettssaker mot fengsla menneskerettsforsvararar. Difor meiner dei at ein representant for den norske ambassaden bør vere til stades under Enes Hocaoğulları si rettssak 8. september.
– Deira nærvær i seg sjølv kan bidra til auka tryggleik, støtte og vern. Difor oppmodar vi den norske ambassaden i Ankara til å følgje eigne retningslinjer, skriv SAIH-leiar Henriette Reierson Johnstone.
SAIH meiner òg at norske styresmakter må koma på tydelegare banen.
– Først og fremst må norske styresmakter krevje lauslating og leggje press på tyrkiske styresmakter umiddelbart.
Ho etterlyser ei styrking i støtta til LHBT-aktivistar og menneskerettsforsvararar i Tyrkia, og meiner visumordningar for personar i fare må bli meir fleksible.
– I dag manglar vi gode nok system for å gi midlertidig opphald til menneskerettsforsvararar som treng støtte i akutte og alvorlege situasjonar. Dette har vi utfordra utanriksministeren på, og vi forventar handling.
Ambassaden vil observere
Framtida.no har vore i kontakt med Utanriksdepartementet, som ikkje svarar på spørsmål om dei vil gjere visumordningar for LHBT+aktivistar og menneskerettsforkjemparar i Tyrkia og andre utsette land meir fleksible.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik seier i ei skriftleg utsegn frå departementet at Noreg følgjer saka nøye, og at ambassaden i Ankara vil observere rettssaka mot Hocaoğulları.
– Eg er uroa over varetektsfengslinga av Enes Hocaoğulları som følgje av innlegget han heldt i Europarådet. Medlemsstatane i Europarådet er forplikta til å verne ytringsfridomen, seier han i utsegna.