Leiaren i Natur og Ungdom søker jobb i Nordic Mining

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 10.02.2018 22:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NU-leiaren søker jobb i Nordic Mining

Leiaren i Natur og Ungdom har følgd gruveprosjektet i Førdefjorden sidan han først var i Vevring i Naustdal for snart seks år sidan.

No har Gaute Eiterjord skrive ein søknad på jobben som prosjektleiar for gruveprosjektet til Nordic Mining.

«At eg blei arrestert for å stanse prøveboringar med sivil ulydnad i februar 2016 ser eg ikkje på som noko hinder for framtidig arbeid, men heller eit solid prov på kor mykje eg brenn for å gjere dette prosjektet berekraftig», skriv han mellom anna.

LES OGSÅ: Her blir partileiarane arresterte av politiet

Håpar på jobb

– Har du tru på å få jobben?

– Eg trur eg har gode sjansar viss Nordic Mining tar livet i fjorden på alvor. Her har dei moglegheita til å gjere eit kupp, seier Gaute Eiterjord.

– Eg har ikkje høyrt noko om intervju enno, men ventar i spenning. Har fått stadfesting frå Nordic Mining om at søknaden er mottatt, og det tar eg som eit godt teikn!

Nedst i eposten frå sjefen i Nordic Mining står det: «Before printing, think about the environment»

– Det er litt morosamt at det står det, når dei samtidig planlegg å dumpa fjorden full med gruveavfall, seier Gaute Eiterjord.

Les heile søknaden hans her!

Gaute Eiterjord (t.v.) og fleire andre demonstrantar frå Natur og Ungdom gav tydeleg beskjed til regjeringa på Slottsplassen 17. januar om kva dei meiner om dumping av gruveslam i fjordane. Foto: Eirin Torgersen, Natur og Ungdom

Planlegg byggestart til neste år

Ivar S. Fossum, CEO i Nordic Mining, svarar dette på spørsmål frå Framtida.no om leiaren i Natur og Ungdom har ein sjanse til å få jobben:

– Det har eg ingen kommentar til.

Fossum opplyser at byggearbeidet er tenkt oppstart på i 2019, og oppstarten av gruva blir i 2021 slik det no ser ut.

Opnar for å utvida drifta

I desember blei det kjent at Nordic Minings gruveprosjekt i Engebøfjellet i Sogn og Fjordane vil føra til 110 arbeidsplassar og ikkje 170, som tidlegare estimert. Dei førebelse driftsplanane gjeld i 29 år, ikkje 50 som først indikert.

– Dei noverande planane inkluderer berre ein del av førekomsten. Sannsynet er derfor stort for at levetida til gruva kan bli mykje lenger, seier Fossum.

– Kjem me i gang med drifta er det også gode høve til å utvida verksemda. Me skal skapa arbeidsplassar som varer, og overleva i Noreg som eit høgkostland. 110 arbeidsplassar er mykje, og drifta vår vil gi gode inntekter for stat og kommune, seier Ivar S. Fossum til Framtida.no.

LES OGSÅ: KrF krev omkamp om gruvedeponi

Fakta: Gruvedrift i Engebøfjellet

  • Engebøfjellet i Naustdal kommune har blant verdas største førekomstar av minerala rutil og granat.
  • Rutil blir brukt i pigment- og metallproduksjon, medan granat blir brukt til slipe- og skjæreformål i industrien.
  • Planane om gruvedrift i Engebøfjellet er omstridde. Ikkje minst har løyvet til Nordic Mining om å dumpa gruveavfall i Førdefjorden skapt mykje støy.