Åtte bykommunar får pengar til å ta tak i ungdomskriminalitet på skulane

Oslo, Bergen, Kristiansand, Trondheim, Stavanger, Drammen, Sarpsborg og Skien får 70 millionar kroner til team som skal ta tak i kriminalitet på skulane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier at det er utfordringar med ungdomskriminalitet i fleire større norske byar, og at det derfor trengst konkrete og målretta tiltak der problema er størst.

– Sjølv om det er auke fleire stader, har desse bykommunane størst utfordringar akkurat no, seier ho.

Ungdomskriminalitet på skular

Teama skal ta tak i kriminalitet blant barn og unge på skular i utsette område i dei største byane.

Kommunane kan sjølv foreslå korleis organiseringa av beredskapsteama best blir gjort. Dersom ordninga fungerer bra, kan det bli aktuelt å utvide henne, opplyser Nordtun.

– Skulane skal ikkje vere arenaer for kriminalitet eller rekruttering til kriminelle miljø. Barne- og ungdomskriminaliteten skaper store utfordringar for skulemiljøa fleire stader, seier ho.

Så mykje får dei ulike bykommunane:

  • Oslo kommune: 24,5 millionar kroner
  • Bergen kommune: 10,5 millionar kroner
  • Kristiansand: 10,5 millionar kroner
  • Trondheim: 7 millionar kroner
  • Stavanger: 7 millionar kroner
  • Drammen: 3,5 millionar kroner
  • Sarpsborg: 3,5 millionar kroner
  • Skien: 3,5 millionar kroner