Teikneserieskapar Jenny Jordahl ynskjer seg meir aksept for den naturlege kvinnekroppen og etterlyser ein offentleg debatt om mensen.

mm

– Det plagar meg at samfunnet har greidd å byggja opp mensen som noko «ekkelt»  og nærast «ukvinneleg» –når det er noko av det mest kvinnelege og kvardagslege som finnast.

Det seier illustratør, bloggar og teikneserieskapar Jenny Jordahl.

Ho er ein av 22 bidragsytarar i boka Mensen, som vert lansert på Litteraturfestivalen i Lillehammer i dag.

LES OGSÅ: Etterlyser historier om abort 

«Kvinnor ritar bara serier om mens»
Mensenboka freistar ifølgje redaktør Nina Méd å gjere opp for alt som ikkje er blitt sagt i tusen år. Det er eit stort ansvar.

– Eg har prøvd å samanlikna det med andre ting, som om ein aldri skulle snakka om å bryte beinet eller å pussa tennene. Men mensen er jo enno «vanlegare» enn det. I tillegg er mensen er noko ein får anten ein vil det eller ikkje, utan at ein treng å gjera noko. Dei fleste menn kjem òg i kontakt med mensen, anten som søner, kjærastar eller fedre, seier Méd, som er redaktør i Gyldendal.

Ho fekk ideen til boka då ho høyrde eit intervju med den svenske Liv Strömqvist i Sommarprat på svenske P1. Teikneserieskaparen fortalde om ein kommentar ho fekk på yrket for ei tid tilbake. «Eg hatar seriar av kvinnelege serieteiknarar. Kvinner teiknar berre seriar om mens,» var reaksjonen frå den mannlege serieskaparen.

Det vart inspirasjonen til teikneseriehistoria Blood Mountain og seinare den svenske teikneserieantologien Kvinnor ritar bara serier om mens.

Mèd trudde ho skulle finne ein del bøker om temaet i Noreg òg, men der tok ho feil. Difor inviterte ho med seg nokre av sine favorittskribentar og serieskaparar.

LES OGSÅ: Svensk barne-tv hyllar mensen 


– Det meste som er naturleg med kvinnekroppen blir hysja ned og sett på som noko ekkelt – mensen inkludert, seier Jenny Jordahl. Illustrasjon: Jenny Jordahl, Mensen

Jenny (11)
Jordahl har bidrege med fleire illustrasjonar om tabu og myter knytt til mensen gjennom tidene og i ulike delar av verda.

Andre igjen har delt personlege historier om sin første mens, tampongskrekk og mensenkopp.

Sjølv fekk Jenny sin første menstruasjon allereie som 11-åring.

– Eg hugsar eg syntes det var innmari flaut, men samstundes var eg litt stolt. Det sa eg ikkje til nokon, sjølvsagt. Eg drog rett på klassetur same dag, og følte plutseleg eg hadde ein enorm hemmelegheit. Mensen var noko ekkelt ein ikkje snakka om. Det har definitivt endra seg. No snakkar eg mykje om mensen, og har eit veldig humoristisk forhold til det. Kanskje litt på same måte som menn har eit humoristisk forhold til sæd, skriv 26-åringen i ein e-post til Framtida.

Teikneserieskaparen, som har bidrege i fleire feministiske utgjevingar, er ikkje i tvil om at me treng meir mens.

LES OGSÅ: Krev at staten betalar for mensen 

Menn med mens
Kadra Yusuf fortel om då ho som 6-åring såg kor vondt det kunne vera å ha mensen for omskårne jenter.

Kristina Leganger Iversen skriv om sitt første møte med ein tampong, musikar Marit Larsen om alle dei gjentekne møta med mensen og canadiske Rupi Kaur har teke bilete av ei jente som har blødd gjennom buksa.

Forlagsredaktør Nina Mèd har innsett at dette er historier eller bilete ho ikkje har sett før og reagerer på at ein så naturleg ting som mensen ikkje er internalisert i språket vårt som den allmenne erfaringa det er.

– Det er skambelagt og tabuisert, slik kvinnekroppen ofte har vore gjennom historia i religion og kultur. Det at me ikkje snakkar om det trur eg kan vera både skadeleg og forvirrande for ungdom. Ein kan lett sjå for seg at situasjonen hadde vore ein ganske anna om det var gutane som hadde mensen. Då hadde det nok ikkje vore noko hemmeleg, som var skambelagt og ureint. Å blø igjennom, som no er døden på ungdomsskulen, hadde vore skikkeleg kult. For eksempel eit teikn på at du var sjukt fertil, trur Méd.

LES OGSÅ: – Å latterleggjera unge jenter er veldig lett og veldig vanleg 

Saka held fram under biletet.


To gonger fjerna Instagram dette biletet av den canadiske multikunstnaren Rupi Kaur, før dei til slutt måtte be om unnskyldning. Foto: Rupi Kaur, Mensen

Hei mens!
Jordahl ynskjer å få i gang ein offentleg samtale om mensen, noko ho trur vil bidra til å normalisera og skapa aksept rundt den levande biologiske kvinnekroppen, og alt det inneber.

Dette er redaktøren einig i.

– Det betyr ikkje at me skal snakka om mensen heile tida. Men me må kome dit at mensen er ein heilt vanleg ting. Kanskje må me overkompensera litt i ein periode, for å kome dit.

Méd tek all pressemerksemda som eit teikn på at temaet treff godt og trur mensenbølgja for alvor er komen til Noreg. Dette ser ho som ein del av ei større rørsle i offentlegheita der ein snakkar meir opent om tidlegare tabubelagte tema i den kvinnelege intimsfæren, som til dømes seksuelle overgrep, valdtekt, fødselsdepresjonar, amming og til og med det å rakna under fødselen.

Og no er det mensen sin tur.

LES OGSÅ: – Usunt å la jenter i tenåra lese dette 

Oppdatert: fredag 28. september 2018 11.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE