I dag er det mensendagen. Eg er ein av dei som aldri har hatt mensen.

Av journalist Andrea R. Nøttveit

Eg har aldri hatt mensen. Eg har heller ikkje hatt perioden, jordbærveka eller besøk av tante Rød. Eg har ganske enkelt hatt besøk. Eit mystisk besøk ein gong i månaden.  

Sjølv i ein alder av 28 år syns eg framleis ikkje det er heilt smertefritt å kjøpe O.B., særleg ikkje på Kiwi, der unge kassamenn kan finna på å spørje om du har bleiekort (!). Og om ikkje blodraud, så vert eg i alle fall lyserosa om ein tampong skulle finne på å trille ut av veska mi. Så kallar eg det heller ikkje tampong, men vel heller forskjønnande metaforar som proppen

Eg har vel kanskje eit litt i overkant unnvikande forhold til mensen. Men mykje tyder på at eg ikkje er åleine. Til NRK fortel helsesøster i Klara Klok at mange unge jenter spør om hjelp til å skjula at dei har mensen, fordi det er flaut. Nesten 120.000 av spørsmåla til nettportalen dreier seg om mensen.

LES OGSÅ: Sjokk-kunstnar gjer narr av eiga overvekt

Halvparten av verdas befolkning har hatt, har eller vil få mensen. Ei gjennomsnittleg kvinne vil bruke og kaste om lag 13.000 bind og tampongar før dei kjem i overgangsalderen. Det er store kostnadar, mykje avfall og mange flaue handleturar.

Kvifor er menstruasjon så skamfullt og tabubelagt? Kvifor snakkar me ikkje om det på ein like (tilnærma) naturleg måte som til dømes bryster?  Eller fødsel? Mensen har liksom ikkje eksistert – før no.

Den siste tida har eg skjegla litt til Sverige i undring og fascinasjon.

Mensenbølgja vert det kalla, det som har teke Sverige med storm etter at det gjekk troll i ord med teikneserieantologien ”Kvinnor ritar bara serier om mens”.

Plutseleg song ein ung mannleg barne-tv programleiar «Hipp hurra för mens!». Menslåten av Alexander Hermansson har over 350.000 visningar på Youtube. Og eg merkar at eg byrjar å synga med. «Kroppen funkar som den ska. Och det är ju jättebra- hurra!» 

Samtidig kom den svenske Youtube-stjerna Clara Henry med boka Ja jag har mens, hurså? Enkelt og greitt.

Sjå Clara Henry snakka om sitt favorittemne her:

Og om du ikkje allereie har gjort det, så les kommentarfeltet, der unge jenter fortel om sin første menstruasjon.

Henry har òg teke til orde for gratis mensbeskyttelse.

Ei anna Youtube-stjerne som har brukt stemma si for å heva denne saka er amerikanske Ingrid Nilsen, som tidlegare i år sette seg ned med presidenten sjølv. Ho fortel Barack Obama at det i 40 amerikanske statar er ein ekstra luksusskatt på tampongar, bind og andre mensenprodukt.

– Eg har inga aning om kvifor statar skattar dette som luksusvarer. Eg mistenkjer det er fordi menn laga lovene når desse skattane vart innført, svarar Obama, som meiner dette er skattar som bør fjernast.

Her heime har AUF Nordland teke til orde for gratis bind og tampongar for studentar og skuleelevar, eit forslag som ein trygt kan seia ikkje vart teke heilt seriøst. 

Mensen er utan tvil på veg ut av intimsfæren, no sist med boka Mensen, som synast å vere perfekt tima av forlaget Gyldendal.

Ifølgje redaktør Nina Méd var det tilfeldig at boka kom så tett opp til verdas mens-dag (Menstrual Hygiene Day), som den 28. mai i år vert markert – eller feira om du vil – for tredje gong.

Mensen har aldri vore noko ein feira, men det ser ut som om feminismebølgja endeleg har fått mensen inn i offentlegheita.

Men det er ikkje utan kamp. Då canadiske Rupi Kaur i fjor la ut eit bilete av ei jente som hadde blødd gjennom den grå joggebuksa, fjerna Instagram biletet – to gonger! Bilete der du ser rett inn i ei stringtrusekledd rumpe er greitt, men ikkje ein liten raud flekk. Saka fekk mykje merksemd og til sist måtte biletdelingstenesta be om unnskyldning.

LES OGSÅ: Svensk barne-tv hyllar mensen

Méd meiner me kanskje i ein periode må overkompensera litt med mensenprat, for å koma dit at mens er ein heilt vanleg ting.

Og me er på god veg. Tidlegare unemnelege ting, som til dømes mensenkopp er – om ikkje heilt stovereint – blitt ein populær snakkis. Dei som høyrde på Lørdagsrådet førre veke kunne mellom anna høyre kunnskapsministeren snakka om fenomenet, og erklæra at me er ferdige med at mensen er noko rart og ekkelt.

Eg skulle ynskje han hadde rett, men me er ikkje komen heilt der.

Så kva er eigentleg konsekvensen av vårt unnvikande forhold til menstruasjon?

For jenter i Noreg kan det vere at ein må spørja Klara Klok til råds for å skjula at ein har mensen. At ein ikkje kan gå til foreldre, lærarar eller vener, for å spørje etter råd eller bind når dei for fyrste gong ser den frykta flekken i trusa. At ein føler seg ekkel og skamfull opptil fem dagar i månaden – i rundt førti år.  

For kvinner i store deler av verda betyr dei mange tabua kring mensen og manglande sanitetsprodukt at dei vert hindra frå å leva eit fullverdig liv.

I utviklingsland mistar jenter opptil fem skuledagar i månaden på grunn av menstruasjonen. I Nepal går to av tre jenter glipp av undervisning på grunn av mensen. I Bangladesh gjer dårlege sanitetsforhold at kvinner mistar livsviktige arbeidsdagar på grunn av infeksjonar.

Bind og tampongar er faktisk eit «luksusprodukt», som ikkje er alle unnt. I Etiopia bruker ein fjerdedel av jentene ikkje noko form for bind eller tampongar, fordi det er for dyrt.

Mensen er ingen dans på roser, men det treng heller ikkje vera så vanskeleg.

Ingen bør vere hindra frå å leva sitt vanlege liv og delta i samfunnet på grunn av ei kroppsvæske. Ingen bør skjemst over at kroppen funkar som den skal, for det er jo kjempebra. Hurra!

Gratulerer med mensendagen!

LES OGSÅ: «Mensen var noko ekkelt ein ikkje snakka om»

Oppdatert: måndag 5. juni 2017 16.04

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE