NTNU-studentar har fått kurs i risikovurdering før fadderveka

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 17.08.2018 12:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det viktigaste er at fadderveka er trygg og godt planlagt. Ein runde med fakultetet minskar sjansen veldig for at noko uønska og ubehageleg skjer, og me står betre rusta til å takle uforutsette hendingar, seier leiar i Bergstuderendes Foreining, Jan Martin Bjørngård Helgetun, til Framtida.no.

Før årets fadderveke ved NTNU i Trondheim har dekan ved Fakultet for ingeniørvitenskap, Olav Bolland, teke initiativ til å kursa linjeforeiningane i risikovurdering, samt sjå over opptaksprøvane som dei nye studentane skal gjennom.

Les Jon Olav Sandal sine 5 tips for ei god fadderveke! 

Etter fjorårets fadderveke har dekan for Fakultet for ingeniørvitenskap ved NTNU Trondheim, Olav Bolland, involvert seg meir i faddervekeførebuingane. Foto: Thor Nielsen/NTNU

Eddik-saka

Bolland peikar på at sivilingeniørstudia ved NTNU i Trondheim har ein lang og viktig tradisjon med linjeforeiningar.

– Det er mykje positivt med linjeforeiningane og måten dei tek imot studentar på, men det har òg gitt ein del negative utslag i samband med opptaksprøvane, seier Bolland på telefon til Framtida.

Han forklarar at ein del av aktivitetane i mottaket av nye studentar, er kopla inn mot bruk av alkohol.

–  Ein del studentar kan føle at det ikkje er riktig, at det verkar nedverdigande, at det er fysisk krevjande eller at det er eit alkoholinntak som ikkje alle ynskjer, seier Bolland.

I fjor fekk fakultetet mykje mediemerksemd etter at fleire studentar vart innlagt og éin vart alvorleg skadd då han drakk eddikessens under ein opptaksprøve til ei av linjeforeiningane. I ettertid fekk to studentar kvar si bot på 10.000 kroner, ifølgje Universitetsavisa.

På bakgrunn av denne og andre hendingar, har Bolland teke initiativ til å gje studentane som arrangerer opptaksprøvane opplæring i risikovurdering. Den same praksisen er innført ved fakultet for naturvitskap.

Les også: Ny Juvente-leiar: Slik unngår du drikkepress

Lærte av eddik-saka

Leiar i linjeforeininga A/F Smørekoppen Andreas Knudsen Sund tok over vervet etter eddiksaka i fjor. Foto: Privat

Andreas Knudsen Sund tok over som leiar i linjeforeininga A/F Smørekoppen etter eddiksaka. Den 21 år gamle studenten frå Lillesand fortel til Framtida.no at dei på eige initiativ tok kontakt med fakultetet for å få HMS-kursing, etter fjorårets opptaksprøve.

– Det var aldri nokon som ville servere nokon eddikessens. Det var ein feil, som fekk store og uheldige konsekvensar. Me ser ikkje på det som feilen til nokon enkeltpersonar, men ei svikt i våre rutinar, forklarar Sund på telefon.

I år har linjeforeininga skrive risikoanalysar for kvart enkelt arrangement i fadderveka, noko dei tidlegare berre har gjort i forkant av opptaksprøven.

– Det me har lært er at ting kan gå gale. Då er det viktig å ha tydlege reglar, slik at me veit kva som skal skje, forklarar Sund.

Betre varslingsrutinar

Til Framtida.no fortel Bolland at han i år har vurdert ti ulike linjeforeiningar og gitt tilbakemeldingar til fire av desse fordi opplegget kan verke nedverdigande eller fysisk krevjande.

Bergstudentenes Forening fekk tilbakemelding frå Bolland om at dei burde betre varslingsrutinane sine, slik at informasjonsflyten går betre om noko skulle gå gale.

– Slike tilbakemeldingar er gull verde for oss, seier Helgetun, som set pris på initiativet frå fakultetsleiinga.  

Helgetun fortel at Bergstudentene lenge har hatt fokus på sikkerheita til dei kring 500 medlemmene, men er positiv til det ekstra fokuset i år. For deira del handlar det om å ta ein ekstra gjennomgang i forkant av ulike arrangement.

– Noko av det me har lært, er å ha ein tydeleg plan, noko som reduserer stressnivået. Me har konkrete planar og tiltak. Uansett kva me held på med kan det skje uhell. Det at me er førebudde er ein stor tryggleik både for fadderborna og oss, meiner Helgetun.

I forkant av fadderveka har dei mellom anna kartlagt ulike allergiar og snakka med fadrane om kva som kan gå gale.

– Ein må vere flinke til å ta vare på kvarandre. Studentane er ofte nye i byen, så det kan vere ting som at fadderen følgjer nokon heim og passar på at folk har nok klede på seg, seier Helgetun.

Les også: Tre av ti studentar er ofte einsame

Ikkje sex-forbod

Fjerdeårsstudenten fortel at opptaksprøvane berre er ein svært liten del av det dei tradisjonsrike linjeforeiningane driv med. Gjennom året arrangerer dei ulike sosiale hendingar, i tillegg til møte med aktuelle aktørar frå arbeidslivet. Linjeforeiningane har i tillegg sine særeigne kulturar med eigne songar, drakter og fritidstilbod, som til dømes korps og kor.

– Linjeforeiningane er veldig viktige for veldig mange. Det er me som står på stand, tek dei nye studentane i handa og visar dei rundt. Linjeforeiningane er eit ope forum, med plass til at alle finn på noko å halde på med og nokon å finne på noko med. Det er ein veldig ålreit måte å bli kjent med mange og bidra til mange sin kvardag på, seier Helgetun.

Nokre linjeforeiningar ved NTNU i Trondheim og fadderstyret for journalistikkstudentane ved OsloMet har innført reglar mot sex og klining mellom fadrar og fadderbarn. Har de innført ein slik regel?

– Nei, me har ingen retningslinjer når det gjeld det. Det er snakk om myndige menneskje og me har ikkje noko mandat for å laga slike reglar. Men me har kvart år samtalar med alle fadrar der me går gjennom generell oppførsel og folkeskikk, seier Helgetun.

Linjeforeininga A/F Smørekoppen har heller ikkje innført eit såkalla «hooke-forbod» mellom fadrar og fadderbarn. Men linjeforeininga har teke inn over seg #metoo-rørsla og er medvitne på problemstillinga.

–  Me har sagt klart ifrå at fadrane er i ein klar maktposisjon i forhold til fadderborna og at dei ikkje må misbruka det, seier Andreas Knudsen Sund, som er oppteken av at fadrane forstår si rolle.