Fem råd for ei fin fadderveke

Jon Olav Sandal
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

No startar nok ei fadderveke her i Noreg. Dette er ei veke med stor betyding for veldig mange menneskjer. Ei intens veke med mykje følelsar, fart og spenning. Komfortsona vil bli utfordra og barrierar kjem kanskje til å bli brotne. Nokre vil blomstre i dette nye livet og for nokre kan det nok bli litt overveldande.

Les innlegget frå «faddervekefrustrerte» Vilde Amalie Tolo.

Kanskje er dette det første store steget inn i vaksenlivet. Vidaregåande er forbi, du har sagt farvel til dine gode venner og du reiser av stad medan mor og far står att i døra med tårer i auga. Du er kanskje redd, spent, kvalm eller glad og sannsynlegvis føler du litt av alt. I tillegg skal du gjennom alt dette heilt åleine. Det er ikkje rart at ein kan føle på ei skrekkblanda fryd.

For andre handlar det om å rive seg laus i frå kjende rammer som ein har gått i for lenge. Du er den siste i vennegjengen som reiser frå heimstaden og det viktige er ikkje nødvendigvis at ein har eit mål. Det er berre det at ein endeleg er på veg.

For nokre er det berre eit lite steg på ein lang og målretta veg og har kanskje vore gjennom denne seansen av ei veke mange gonger før. Desse er gjerne berre innom registreringa før dei dukkar opp på eit og anna arrangement, men frå undervisinga startar er dei fast inventar.

Folk i alle desse situasjonane, og mange fleir, skal no snart møtast og bli kjend. Til dykk har eg lyst å skrive nokre få ord.

1. Ver open

I møte med desse nye menneska som blir ein del av livet ditt det komande året kan det vere hensiktsmessig å ikkje møte det heile med fordommar. Du kan plutselig gå glipp av din nye bestevenn. Det er ingen hyggeleg tanke.

 2. Du skal få ein dag i morgon

Sjølv om ikkje alt klaffar eitt hundre prosent sosialt den første dagen treng du ikkje bli stressa av den grunn. Det kan vere at du ikkje finn tonen med nokon eller at du føler deg ekskludert av dei du gjerne vil bli kjent med. Dette er mest sannsynlegvis overtenking. Gi det eit par tre dagar, så skal du sjå at det ordnar seg. Sannsynlegvis vil veldig mykje endre seg over dei neste vekene også. Så slapp av!

3. Ta vare på kvarandre

Ver snill med dei du er saman med og lag god stemning. Og ver i alle fall Ikkje den som ekskluderer. Fadderveka kan vere ein stressande situasjon for mange. Om du av ein eller annan grunn har blitt eit midtpunkt kan du gjerne sjå deg litt rundt etter om nokon som ikkje er heilt med for så og inkludere dette menneske.

Om du kjem rett frå vidaregåande – prøv å bryt ut av dei mønstra som blei danna der. Ingen likar eigentleg dei som fortsatt held fram slik ein gjorde der. Dei sosiale normene forandrar seg rett og slett litt på ein høgare utdanning. Folk bryr seg lenger ikkje så mykje om korleis andre oppfører seg. Dette er ein positiv ting!

Les også: «Hald døra open for dei einsame»

4. «Bjuda på»

Her er vi tilbake til det å ta det litt med ro. Om du drit deg litt ut er det slett ikkje noko krise. Det kan til og med vere positivt. Om folk ser at du ikkje tek deg sjølv så høgtidleg kan det vere mykje meir behagelig å ferdast saman med deg. Då tør dei også å vise meir av seg sjølv og dei er ikkje redd for å drite seg ut framfor deg. Dette dannar god grobotn for eit fruktbart vennskap.

5. Sett grenser – men forsk litt med dei også

Ikkje gjer noko du ikkje har lyst til, men det kan samtidig vere sunt å utfordre sine eigne grenser til ein viss grad. Det er sjølvsagt vanskeleg å finne denne balansegangen og det er også heilt greitt å gå litt på trynet medan du finn denne balansen. Du er tross alt ung!

Og heilt til slutt. Kos dykk!!

Les også: Ny Juvente-leiar: Slik unngår du drikkepress