Ny Juvente-leiar: Slik unngår du drikkepress

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg opplevde noko drikkepress på vidaregåande, men alt i alt opplevde eg det ikkje så ille fordi eg var så sikker på valet mitt, skriv ny leiar i Juvente, Christina Babington, i ein e-post til Framtida.no.

På landsmøtet denne helga vart 20-åringen frå Kristiansand valt til ny leiar i avholdsorganisasjonen Juvente, ein partipolitisk uavhengig organisasjon for ungdom mellom 13 og 26 år.

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg i Juvente?

– Eg vart medlem av Juvente då eg var 14 år. Ein av tinga som gjorde at eg vart engasjert var nok moglegheita til å ha mine egne meiningar og faktisk bli høyrt for dei. Ein anna ting er moglegheita ungdom får til å bestemme. Juvente er driven av, for og med ungdom. Det betyr at i lokallaga er det ungdom som gjer all jobben, både planlegginga og gjennomføringa av aktivitetane, og økonomiarbeidet som må til for å gjennomføra dei.

Kva er dei viktigaste vedtaka de gjorde på landsmøtet dykkar?

– På landsmøtet vedtok vi eit nytt politisk program med stor vekt på førebygging. Vi vedtok å jobbe for at skjenkekontrollansvaret skal gå frå kommune til fylke, samt auke talet på kontrollar. I tillegg vedtok vi å jobbe for at pengar i kommunane må øyremerkast, slik at dei faktisk går til rusførebygging.

Les også: Mindreårige fekk kjøpe alkohol på eitt av fire forsøk

Kvifor er det bruk for Juvente?

– Juvente er viktig fordi vi tilbyr eit reelt rusfritt alternativ. Alt for ofte ser ein at arrangement som skal vere rusfrie viser seg å ikkje vere det. Dette er noe du ikkje treng å vere redd for når det er eit arrangement i regi av Juvente.

Kva vil Juvente merka av forskjell med deg som leiar?

– Dei siste åra har Juvente hatt leiarar som har vore noko over gjennomsnittsalderen av kjernegruppa av medlemmer i  organisasjonen. Eg trur eg har ein fordel sidan eg er nærare i alder og difor veit meir om korleis det er å vere tenåring i dag. Difor trur eg at eg lettare kan ta opp dei sakene som er aktuelle for ungdom i dag. Dei siste åra har utviklinga gått enormt fort, og drikkepresset kan blant anna opplevast som større på grunn av eksponering gjennom sosiale medier.

Har du nokre råd mot drikkepress?

– Det kan vere lurt å vere førebudd, og ha tenkt gjennom kva du sjølv ønskjer å ta del i på førehand. Då blir det mykje lettare å stå imot når du først kjem i situasjonen.

– Kva er hjartesakane dine?

– Eg brenn nok ekstra for at barn og unges oppvekst skal vere god og trygg, fri frå rusmiddel, samt at det rusfrie tilbodet skal styrkast og haldast ved like. Eg brenn også for at rusførebygginga i skulen skal styrkast.

Kva er ei god ungdomstid?

– Ei god ungdomstid er ei ungdomstid der ein får moglegheita til å bli kjent med seg sjølv. Ein må få moglegheita til å ta eigne val, både når det kjem til rusmiddel, men også når det kjem til andre ting.

Les også: Rebekka (18) feirar russetida utan alkohol

Har du gjort deg opp nokre tankar om at nokon startar russetida allereie før skulestart med det som pressa skildrar som fylleturar til syden?

– Det som er viktig å presisere her er at dette er eit mindretal av russen. Det viser også at vi som organisasjon trengs. Vi veit at der det er folk som ikkje drikk, så vert det generelt drukke mindre.

Kva er de opptekne av no når det nærmar seg studiestart og fadderveke?

– I faddervekene er det veldig viktig at ein passar på drikkepresset. Vi er opptatte av at faddergruppene må gjennomføra aktiviteter der alkohol ikkje er hovedfokus. På festane på kveldane er det viktig at det blir lagt vekt på at ein ikkje må drikke for å vere med.

 

 

 

 

 

 

Christina Babington (20)

Studerer/jobbar som: Fullført eitt år på barnehagelærarstudiet, er no leiar i Juvente på fulltid.

Favorittfag på skulen: Då eg gjekk på vidaregåande, var nok favorittfaget mitt psykologi.

Første verv: Styremedlem Sjøstrand Juvente i 2013, lokallaget i Kristiansand

Medlem i: Juba

Kva gjer du i fritida: speler litt piano, er sosial og ser på serie.